Ein ny studie utført blant 200 norske fastlegar viser at fleirtalet av fastlegar hadde klare mål og tiltak for å førebygga og redusera smitte tidleg i pandemien

Saka vart først omtalt av Forskningsnytt ved allmennmedisinsk forskningsfond (AMFF).
Ein ny observasjonsstudie utført blant om lag ti prosent av alle fastlegar i Norge viser få regionale forskjellar i handteringa til norske fastlegar av Covid-19.
– Vi vart positivt overraska at så mange hadde implementert endringar så raskt, seier førsteforfattar Ingvild Vatten Alsnes til Forskningsnytt.
Ho er førsteamanuensis ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiS og fastlege i Sandnes.
Hovudmålet med studien var å beskriva kvalitetsbetringsmål som norske fastlegar hadde sett for praksisen sin, og dessutan undersøka om legekontora hadde førebudd seg ulikt i ulike regionar med ulik førekomst av Covid-19.
– Denne typen forsking handlar om å finna betringsområde, men det vart nærast ei skildring av kor flinke legane hadde vore, legg ho til.
Fleirtalet hadde tidleg gjennomført smitteførebyggande tiltak
– Det er òg interessant og litt overraskande at vi ikkje fann nokon forskjell mellom regionane. Det ville vera lett å tenka at i område med liten eller ingen smitta, ville ikkje legane ha meldt seg på kurs og heller ikkje ha implementert tiltak. Men slik var det ikkje, seier Vatten Alsnes
I april 2020 hadde alle fastlegar i studien frå 100 legekontor informasjonsskilt om covid-19 ved inngangen og ni av ti hadde oppdatert informasjon på heimesida, og tilbod om telefon- og e-konsultasjoner og videokonsultasjon.
Ni av ti fastlegar svarte at dei hadde kompetanse i bruk av smittevernutstyr, men 37 prosent gav opp at dei mangla utstyr. Drygt halvparten hadde eigne isolatrom på legekontoret, og 88 prosent hadde tilgang til ein feberklinikk eller Covid-19-klinikk i kommunane
– Det er hyggeleg for oss å sjå at det er ei sånn omstillingsevne når vi blir ramma av ein pandemi. Det viser styrken ved fastlegeordninga. Pandemien viser òg kor ekstremt viktige fastlegane er, både ved handtering av sjukdom og for å forhindra smitta, meiner ho
Les artikkelen i Forskningsnytt her.
Referanse
Ingvild Vatten Alsnes, Morten Munkvik m.fl. How well did Norwegian general practice prepare to address the COVID-19 pandemic? Family Medicine and Community Health, 2020
Forskarar frå UiS
Avdeling for folkehelse
Avdeling for folkehelse