Hopp til hovedinnhold

Når bekkenet og morshjartet gjer vondt

I Magasinet til Stavanger Aftenblad kunne vi lørdag lese om bekkenleddsmertene til Tina Renate Liland Austbø. Kiropraktor og forskar Anne Marie Gausel meiner helsevesenet har for lite kunnskap om dette hos gravide og nybakte mødrer.

Publisert: Endret:
Les Austbø sin historie om langvarige bekkenleddsmerter i Magasinet til Stavanger Aftenblad.

Tina Renate Liland Austbø er ein av mellom 2000 og 4000 kvinner i Norge som kvart år får langvarige bekkenleddsmerter i samband med svangerskap og fødsel.

Anne Marie Gausel er kiropraktor, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger og forskar ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). I Stavanger Aftenblad deler ho erfaringar og kunnskap frå doktorgradsavhandlinga si «Når bekkenleddsmertene ikkje går over.»

Gausel fortel mellom anna at det er svært individuelt kva tid ein blir god av bekkenleddsmerter, men at fleirtalet blir heilt gode. Dei aller fleste med bekkenplager opplever total eller svært stor betring med det same fødselen er overstått, eller så blir dei svært mykje betre i løpet av dei seks første vekene etter fødselen.

Men nokre kvinner får langvarige smerter, og Gausel meiner at helsevesenet bør laga eigne tilrådingar for desse. Dersom ein ser at plagene ikkje gir seg innan seks veker etter fødsel, bør det stå eit team klar for å behandla plagene og hjelpa kvinna gjennom denne krevjande fasen.

I følgje Gausel manglar vi kunnskap om førekomst, årsak til og behandling av bekkenleddsmerter hos gravide og kvinner som har fødd. Ho vil derfor gjennom eit nytt forskingsprosjekt følgja 2000 kvinner frå dei kjem til ultralyd mellom veke 12 og 14, til rundt to år etter fødsel.

Les mer: Når bekkenet og morshjartet gjer vondt (aftenbladet.no - kun for abonnenter)

Førsteamanuensis II
Det helsevitenskapelige fakultet

Avdeling for omsorg og etikk