Ny bok synleggjer betydinga av teamarbeid i helsetenesta

Gjennom boka «Teamarbeid i helsetjenesten». Fra et kvalitets- og pasientsikkerhetsperspektiv» ønsker forfattarane å fremma teamarbeid som ein vesentleg struktur i dagens helseteneste og å gjera studentar og praksisfelt meir bevisste på teamarbeid.

Published Endret
Fakta
Tittel

Teamarbeid i helsetjenesten - Fra et kvalitets- og pasientsikkerhetsperspektiv

Utgivingssår

2021

Forlag

Universitetsforlaget

Boka er aktuell for studentar og tilsette innan helsetenestene.
Omslag til boka Teamarbeid i helsetjenesten.

Uansett kvar sjuke eller skadde personar er og blir tatt hand om, enten i eller utanfor sjukehus eller i kommunale helsetenester, vil helsepersonell gi teambasert pleie og behandling til pasientane.

Likevel har kompetanse på teamarbeid hatt mindre betydning i både helsefagleg utdanning og i helsetenestene. Forskinga som blir presentert i boka viser at dette ikkje lenger er tilfellet.

–  På same måte som individuelle ferdigheiter og praktiske prosedyrar må lærast og bli øvd på, har det dei siste åra blitt meir bevisstheit om at det same gjeld for ferdigheiter i teamarbeid og kommunikasjon, fortel Sissel Eikeland Husebø.

Ho er professor i sjukepleievitskap ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiS og ein av redaktørane av boka.

Gjennom boka blir teamarbeid tematisert og trekt inn i ulike klinisk-praktiske område som til dømes ulike typar sengepostar og spesialavdelingar på eit sjukehus, psykiske helsetenester og innan prehospital akuttmedisin.

Teamarbeid skal gje betre helsetenester

Omfattande forsking innan kvalitet- og pasienttryggleik har identifisert svikt i teamarbeid som ein sentral faktor når pasientar blir påførte skadar under behandling og pleie.

– Dette er kanskje den sterkaste drivaren for ei kulturendring i retning av meir teamarbeid, påpeikar Randi Ballangrud ved NTNU Gjøvik, den andre redaktøren av boka.

– Vi ønsker å bidra med kunnskap om kva teamarbeid er, kvifor det er viktig, og korleis ein kan trena på teamarbeid for at pasientar skal få gode og trygge helsetenester, legg ho til.

Boka beskriv korleis teamtreningsprogram i helsetenesta kan planleggast, bli utvikla og evaluert. I tillegg forklarar forfattarane korleis simuleringsbasert læring kan nyttast i teamtrening og presenterer to ulike teamtreningsprogram for helsepersonell og kliniske leiarar.

Aktuell for studentar og helsepersonell

Boka er ein antologi om teamarbeid i helsetenesta frå eit kvalitets- og pasienttryggleiksperspektiv. Ho er aktuell for studentar innan helseprofesjonar frå bachelor- til masterutdanningar i medisin og helsevitskap. I tillegg blir ho tilrådd til leiarar, profesjonsutøvarar og vitskapleg tilsette innan helse.

Sjå innhaldslista og bla i boka for oversikt over ulike tema

Redaktørane av boka er Sissel Eikeland Husebø, professor i sjukepleievitskap ved Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus, og Randi Ballangrud, førsteamanuensis ved NTNU Gjøvik. Begge er knytt til forskingssenteret SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten ved UiS.

Redaktørar

Professor i sykepleiefag/kurskoordinator SAFER
51834194
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Førsteamanuensis
NTNU Gjøvik