PARTAKE vil utvikla ny modell for oppfølging av sjukemelde

Muskel- og skjelettplager er ein av dei vanlegaste årsakene til sjukefråvær i Noreg. I utviklinga av ein ny modell for oppfølging av langtidssjukemelde blir fysioterapeut Sturla Haslerud eit viktig tilskot til forskargruppa.

Published Endret
Sturla Haslerud
Haslerud er postdoktor ved Avdeling for folkehelse, Det helsevitskaplege fakultet.

Sturla Haslerud er utdanna fysioterapeut med mastergrad i klinisk fysioterapi. Han har òg MNFF spesialist kompetanse i ortopedisk fysioterapi og fullførte doktorgraden sin i behandling av senelidingar ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2018.

Frå 1. januar 2021 er han tilknytt forskargruppa PARTAKE - Deltakelse i skole, arbeidsliv og behandling i stilling som postdoktor. 

– Det er ofte komplekse problemstillingar bak utvikling av langvarige muskel- og skjelettplager, kor fleire forhold enn sjølve sjukdommen speler ei rolle for vidare prognose, oppleving av betring, funksjon, deltaking i sosiale aktivitetar og arbeidsliv, fortel Haslerud som har lang klinisk erfaring med undersøking og behandling av akutte og langvarige muskel- og skjelettplager.

Ved sida av arbeid som fysioterapeut, har han òg tidlegare vore tilknytt UiB og Høgskulen på Vestlandet innan forsking og undervisning av bachelor- og masterprogram for fysioterapeutar.

Skal undersøka dagens sjukefråværsoppfølging

I PARTAKE vil Haslerud inngå i forskingsprosjektet «Hva nå-2». Forskarar i prosjektet skal ved hjelp av tenesteforsking og e-helseintervensjonar utforska og utfordra eksisterande oppfølging av sjukemelde, både overfor dei som tilbyr tenestene og dei som har eit langvarig fråvær.

– Eg trur dei fleste som har jobba med behandling eller oppfølging av langtidssjukemelde har kjent på nødvendigheten av å ha «fleire strenger å spela på», og eg har lyst å bidra med strengen min, seier Haslerud.

Målet med prosjektet er å utvikla meir kunnskapsbaserte tenester for langtidssjukemelde som bygger på internasjonal forsking, og vurdera effekten betre tenester har på helse og arbeidsdeltaking.

– Når det opna seg ei moglegheit til å delta i dette prosjektet kor nye metodar skal nyttast for å hjelpa langtidssjukemelde tilbake i arbeid, så er dette noko som eg har sett behovet for i klinisk praksis og eit prosjekt som eg gleder meg til å vera ein del av vidare, legg han til.

38 % av sjukefråvær kjem av muskel- og skjelettplager

Smerter i musklar og skjelett er ein av dei vanlegaste årsakene til sjukefråvær blant nordmenn.

– I alt er 38 prosent av alle tapte dagsverk ved sjukemelding knytt til muskel- og skjelettplager. Dette utgjer 2,57 millionar dagsverk berre i 3. kvartal 2020, seier prosjektleiar Randi Wågø Aas.

Dette utgjer ikkje berre eit stort problem for den enkelte, men òg for samfunnet. Betre oppfølging og tenester kan redusera både sjukefråværet og samfunnskostnader.

– Derfor er vi svært glade for at vi har fått Sturla inn i teamet vårt. Hans lange erfaring med klinisk behandling av sjukemelde med muskel- og skjelettplager som fysioterapeut vil styrka forskinga, legg ho til

Postdoktor innenfor folkehelse/arbeidshelse
51831426
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for folkehelse