Hopp til hovedinnhold

Positiv tilbakemelding etter digital workshop

Den første digitale workshopen i NORHED II-prosjektet var vellykka, og utvikling av simuleringbasert opplæring er i rute trass i utfordringar knytt til Korona-pandemien.

Publisert: Endret:
Gertrude Mwalabu
Gertrude Mwalabu, Dekan ved the School of Nursing, Kamuzu University of Health Sciences i Malawi

Gertrude Mwalabu er prosjektleiar i Malawi for NORHED II-prosjektet. Ho er imponert over organiseringa, innhaldet, samarbeidet og kommunikasjonen som fann stad under den nylege digitale simuleringbaserte undervisning-workshopen. Ho er dekan ved School of Nursing, Kamuzu University of Health Sciences. Saman med Kilimanjaro Christian Medical College i Tanzania og Universitetet i Stavanger jobbar dei med å styrka kapasiteten og kvaliteten på sjukepleiar- og jordmorutdanningene gjennom implementering av simuleringbasert helseutdanning.

– Den digitale workshopen var godt planlagt og hadde god deltaking. Vi har utfordringar med internett i Afrika, men vi set stor pris på dei norske partnarane våre som var veldig støttande med internett-problem i løpet av prosjektet. Den kliniske undervisninga vår vil definitivt bli betre, seier Mwalabu.

Deltakarane vart valde ut basert på kompetanse og den kliniske ekspertisen deira. Ifølgje Mwalabu er alle deltakarane viktige i klinisk undervisning og for gjennomføringa av det simuleringbaserte utdanningprosjektet, og bør derfor vera ein del av den simuleringbaserte opplæringa dei neste fem åra av prosjektgjennomføringa.

Øving

Dei oppfølgende praktiske øktene til den digitale workshopen vart etterspurd med mål om å kontinuerleg bli betre på relevante aspekt og evner som blir kravde for gjennomføring av prosjektet. Det praktiske elementet var derfor ein sentral del av den digitale workshopen. Hensikta er å hjelpa deltakarane med å hugsa nøkkelkomponentane ved oppfølgingtreninga.

– For å forbetra evnene i simuleringbasert opplæring må vi øva. Når du berre lyttar hugsar du delar av det som blir sagt, men ikkje alt. Når du både lyttar og øver, hugsar du endå meir. Det kjem til å bli forsterka med den oppfølgende kliniske opplæringa, sidan den vil bestå meir av praktisk enn teoretisk kunnskap, seier Mwalabu.

Den simuleringbaserte utdanninga er ikkje heilt ny. I læreplandokumenta er simulering nemnt, men ikkje vektlagt. Dei simuleringbaserte komponentane vil bli forsterka under gjennomgang av læreplanar.

– Vi implementerer det så fort som mogleg og alle utdanna kliniske instruktørar skal implementera evnene og kunnskapane dei har oppnådd, som vi igjen håper vil forbetra den kliniske undervisninga. Dette er eit seksårig prosjekt og simulering vil derfor bli forsterka i sjukepleiar- og jordmorprogrammene.. Det endelege målet er betre kvalifisert helsepersonell, seier Mwalabu.

Bruk av simuleringscenarier

Ved å følgja dei simuleringbaserte scenaria som kjem til å vera tilgjengelege, kan studentane forbetra kunnskapane og evnene sine. Scenaria vil bli tilrettelagt av fakultetsmedlemmer og kliniske instruktørar. Dette er annleis enn vanleg trening. Mwalabu understrekar at dei har tidlegare erfaring med simuleringbasert opplæring..

– No har vi fått ein forbetra versjon av simulering som undervisningsmetode ved universitetet. Før dette prosjektet var opplevinga som å prøva å tileigna studentane evner, men ikkje i samsvar med definisjonen av simulering. Det er viktig å forstå at simulering handlar om å etterlikna det verkelege kliniske miljøet, seier Mwalabu.

Ingrid Tjoflåt
Ingrid Tjoflåt er prosjektleiar og er Dosent ved Det helsevitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger

Digital workshop på grunn av Korona

Ingrid Tjoflåt er prosjektleiar ved Universitetet i Stavanger.

Korleis førebudde du deg til den digitale workshopen?

- Undervisningsplan og relevant forhåndslesing vart gitt i god tid til både leiargruppa i Tanzania og Malawi. Leiargruppene sørger for at deltakarane fekk tilgang til program og teoretisk materiell og organiserte workshopene lokalt. Deltakarliste vart levert til fakultetet ved Universitetet i Stavanger. Samarbeidet var veldig bra både under førebuing og workshopen, seier Tjoflåt.

Korleis utfordra pandemien prosjektet og korleis justerte du gjennomføringa?

– Planen var å følgja opp med praktiske simuleringøkter under besøk av UiS til Malawi og Tanzania i november, men besøka er utsette til midten av februar 2022 på grunn av pandemisituasjonen. Det var derfor viktig å finna digitale løysingar for å følgja opp emna som vart underviste i den første workshopen. Leiargruppa både ved Kamuzu university of Health Sciences og Kilimanjaro Medical University College understreka at det var svært viktig med oppfølging for å forbetra kompetansen til deltakarane ytterlegare, seier Tjoflåt.

Det vil bli gjennomført separate digitale praktiske økter knytt til simuleringbasert utdanning både i slutten av oktober, november, desember og januar, og med dei same deltakarane. I februar blir den virtuelle økta erstatta av praktiske økter.

Tekst: Eigil Kloster Osmundsen

Fakta

Partnarar

Kamuzu College of Nursing i Malawi, Kilimanjaro Christian Medical University College i Tanzania og Universitetet i Stavanger (UiS)

Prosjektleiar

Ingrid Tjoflåt

Finansiering

NORHED II

Budsjett

18,7 millionar kroner

Prosjektperiode

2021 - 2026