Rusforskar Sverre Nesvåg er utnemnt til professor ved UiS

Sverre Nesvåg er tildelt opprykk til professor II i rus og psykisk helse ved Det helsevitskaplege fakultet. Han er ein av dei mest erfarne rusforskarane i Noreg og har bidratt til utforming av norsk ruspolitikk innan fleire områder.

Published Endret
Nesvåg er professor II i rus og psykisk helse frå 1.1.2020. (Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger)

Først publisert 5. desember 2019. Tekst: Cathrine Sneberg

Nesvåg er utdanna sosialantropolog, og i 2005 avla han doktorgrad innan rusforsking med avhandling om alkoholkulturar i norsk arbeidsliv.

– Opprykket vil gi meg både ein motivasjon og ei plikt til å bidra i vidare utvikling av fagfeltet, og då særleg i utvikling av forsking på behandlingsforløp og recovery-prosesser blant menneske med avhengigheitsproblem, svarar Nesvåg på spørsmål om kva opprykket betyr for ham.

– Eg håper eg kan bidra til at dette fagfeltet blir ein endå viktigare del av samarbeidet mellom UiS og Stavanger universitetssjukehus (SUS), i eit samspill mellom klinikk, forsking, og utdanning. legg han til.

Utvikling av faget og betre behandlingsløp

Forskinga til Nesvåg spenner vidt, og har vore retta mot tema som førebygging, tidleg identifikasjon og intervensjon, behandlingsorganisering, det sosiokulturelle perspektivet på rusmiddelbruk og avhengigheit, og integrasjonen mellom dei individuelle, relasjonelle og samfunnsmessige perspektiva på avhengigheitsutvikling og recovery.

Han er tilknytt doktorgradsprogrammet i helse og medisin ved UiS, medlem av Nettverk for medisin og helse og forskingsgruppa PARTAKE - deltakelse i skole, arbeidsliv og behandling ved Det helsevitskaplege fakultet.  

– Rusrelatert problematikk og avhengigheit er viktige forskingsområder fordi det er store samfunnsproblem som påverkar liva til mange menneske og utfordrar alle deler av helse-, omsorg- og velferdstenestene til å utvikle meir effektive arbeidsmetodar og tenesteorganisering, forklarar han vidare.

Samfunnsnyttig rus- og avhengigheitsforsking

Med over 20 års erfaring som forskar og forskingsleiar står Sverre Nesvåg i spissen for rusforsking i regionen. Han er forskingsleiar i Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (KORFOR) i Helse Vest, som har bygd seg opp til å bli eit leiande forskingsmiljø i Noreg på rusforsking. KORFOR driv mellom anna forsking og fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan feltet, samt initierer og deltar i prosjekt både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Han har òg vore leiar av eit større behandlingssenter (Rogaland A-senter) og leiar og deltakar i fleire lokale og nasjonale utval og ekspertgrupper. Tidlegare i år vart Nesvåg tildelt forskingsprisen på SUS . Prisen deles ut til forskarar eller forskingsmiljø som har bidratt vesentleg til forsking ved SUS.

– På fleire nivå, håper eg at forskinga mi er til nytte for samfunnet; at han bidrar til å redusere stigma og auka kunnskapen om rus og avhengigheit i befolkninga, at han bidrar til å styrka personar som direkte blir påverka av rus og avhengigheitsproblematikken i samfunnet, og at han bidrar til meir tilgjengelege og effektive behandlings- og hjelpetiltak, avsluttar Nesvåg.