Hopp til hovedinnhold

Samtrening kan gje betre praksis

I møte med ein akutt sjuk pasient teller kvart minutt. Derfor trenar studentar i paramedisin og lærlingar i ambulansefag saman for å sikre at dei kjenner kompetansen til kvarandre før dei møtest i praksis.

Publisert: Endret:
Paramedisinstudent i ferdighetstrening
Student i ferdighetstrening på HelseCampus (Foto: Hilde Garlid, Validé)

Først publisert 06.10.2020. Tekst: Cathrine Sneberg

I august starta eit nytt kull med studentar på bachelor i paramedisin ved UiS. Omtrent samtidig starta lærlingar i ambulansetenesta sine to år med læretid ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS).

For å sikra at begge gruppene har same grunnlag når dei møtest i praksis på ambulansestasjonen er det tatt initiativ til fleire samtreningar gjennom hausten. Desse blir organisert i samarbeid mellom SUS, UiS og simuleringssenteret SAFER.

Erfaringsutveksling er målet

Samarbeidet skal gje 1. års studentar i paramedisin og 1. års lærlingar i ambulansefag høve til å trena saman. Målsetjinga er meistring og erfaringsutveksling. Læringskurva vil bli bratt for mange, og særleg for nye studentar som ikkje nødvendigvis startar på studiet med helsefagleg kompetanse.

– Det var ein nyttig og lærerik dag. Lærlingane har ein annan bakgrunn enn oss ferske studentar, og det kom tydeleg til uttrykk under dei ulike simuleringsøvingane, fortel 1. årsstudent May-Britt Lode.

–  Forhåpentlegvis kan vi læra av kvarandre etterkvart som vårt teoretiske og praktiske grunnlag blir betre, legg ho til.

Dette blir støtta av Nina Vatland, studieprogramleder for paramedisinutdanninga ved UiS:

– Vi vil at studentane våre og lærlingane frå SUS skal bli vant til å trena saman slik at dei kan dra nytte av kompetansen til kvarandre. Målet er at skiljet ikkje blir for stort når dei skal jobbe saman i praksis til våren, seier Vatland.   

Øver på systematiske pasientundersøkingar

Dei to første dagane med samtrening er allereie gjennomført. Det ble lagt vekt på grunnleggande ferdigheiter som pasientundersøkingar. Systematiske undersøkingar av pasienten hjelper helsearbeidarar å ta riktige avgjerder i ein akutt situasjon. Det er derfor ein viktig del av den grunnleggande opplæringa i akuttmedisin.

Ved å gjera systematiske observasjonar av tilstanden til pasienten, kan helsearbeidarar setja i verk riktige tiltak til riktig tid. Det gjer det òg lettare å oppdaga endringar eller forverring i helsetilstanden til pasienten.  

God førebuing til praksisstudiar

Både ambulansepersonell frå SUS og lærarar frå UiS har vore involvert i planlegging og gjennomføring av samtreningen. For å laga eit godt program med høg kvalitet vart instruktørar frå simuleringssenteret SAFER òg inkludert. Tilsette ved SAFER har lang erfaring frå akuttmedisinsk opplæring og gjennomføring av treningsopplegg.

– Det opplevast positivt at vi fekk møta ambulansepersonell frå stasjonane der vi skal ha praksisen vår. Generelt vil eg seia at paramedisinstudiet så langt har høgt fokus på å førebu og gjera oss studentar trygge på å handtera den kvardagane som møter oss ute i arbeidslivet, legg Lode til.

Gjenoppliving av nyfødde

På verdsbasis dør éin million barn kvart år fordi dei ikkje pustar ved fødselen. Under dei to neste samlingane skal fokuset rettes mot gjenoppliving av nyfødde.

I motsetning til på sjukehus, må ambulansepersonell ofte handtera situasjonar med avgrensa hjelpemiddel. Dette kan føra til at akutte fødsler utanfor sjukehus blir ekstra utfordrande dersom det oppstår komplikasjonar.

– Det er derfor viktig at studentane og lærlingane er oppdatert på siste kunnskap om gjenoppliving av nyfødde og får øvd på dette før dei eventuelt kjem i ein slik situasjon, slår Vatland fast.