Hopp til hovedinnhold

Sjukepleieutdanning i Stavanger fyller 101 år

Vi har utdanna sjukepleiarar i Stavanger i 101 år. Frå søsterelev i 1920 til sjukepleiestudent i 2021 – kva har skjedd på vegen?

Publisert: Endret:
Søsterelever
Søsterelever ved Stavanger Sanitetsforeining ca. 1920. Kløveren er kjenneteiknet til foreininga.

I 2021 markerer vi 101-årsjubileum for sjukepleiarutdanning i Stavanger. Det har utan tvil skjedd store endringar frå slik utdanninga var i 1920 og fram til dagens moderne universitetsutdanning.

Under Påfyll tok vår eigen sjukepleiehistorikar, Kristin Kavli Adriansen, oss gjennom eit hundreår med sjukepleie.

Sanitetskvinnene etablerer skule

Ein kom litt seint i gong med utdanning av sjukepleiestudentar i Stavanger. I Oslo etablerte dei sjukepleieutdanning allereie i 1868.

Historia om sjukepleieutdanning i Stavanger byrjar med Stavanger Sanitetsforeining som starta skule i 1920. Dette etter press frå lokale foreiningar i Rogaland om behov for fleire sjukepleiarar. Ein ønska ein eigen skule for opplæring av elever i Rogaland for å sikra rekruttering til regionen.

25. februar 1920 ble den fyrste sjukepleieskulen i Stavanger etablert. I ei årrekke hadde Norsk Sjukepleiarforbund (NSF) arbeida for at sjukepleieutdanninga skulle vera eit treårig løp. I Stavanger var det ei treårig utdanning heilt frå starten!

Klasserom ca. 1940.

Etter 1945 skulle landet byggast opp etter krigen. Behovet for sjukepleiarar auka, og derfor etablerte Stavanger Røde Kors offisielt Stavanger sin andre sjukepleieskule i 1946.

Sjukepleie – eit kall?

I starten hadde skulen opptak tre gonger i året, med 12 elevar i første kull. Ein måtte vera kvinne mellom 20 og 28 år for å søka opptak og måtte mellom anna senda inn eit personleg søknadsbrev.

Elevane budde på ein elevheim med kost og losji og strenge ordensreglar. Dei gjekk alltid i uniform, i undervisning, på sjukehuset og i fritida. Kvar skule hadde eigen uniform og nål. Desse var viktige identitetsmarkørar både under utdanninga, men òg i arbeidslivet.

Motivasjon for å bli sjukepleiar er kanskje ofte forbundet med eit kall. Derimot viser utdrag frå søknadsbrev at det nok heller dreidde seg om ei sterk lyst. Kvinnene som tok dette valet fekk nok ikkje alltid støtte frå familien, ettersom sjukepleie vart sett på som hardt arbeid.  Å vera sjukepleiar var ein livsstil som ein ikkje såg på som foreinleg med familieliv. Det var få elever som slutta på utdanninga, men giftemål var ein av grunnane til at nokon måtte avslutte. 

Frå søsterelev til sjukepleiestudent

I 1948 vart sjukepleie eit yrke som kravde ein formell autorisasjon. Offentleg godkjente sjukepleiarar hadde vore eit mål og ein kamp for NSF i 30 år, då den såkalla sjukepleiarlova kom i 1948. Lova opna òg for at menn kunne søke, men det skulle likevel gå 20 år før den første mannen vart uteksaminert i Stavanger.

På 70-talet gjekk utdanninga gjennom store endringar. Sjukepleiarelevane protesterte mot å vera annleis enn andre studentar og mot strenge reglar og lite sjølvstende under opplæringa. I 1976 kom ei endring som ga studentstatus på lik linje med andre studentar, og den klassiske sjukepleiaruniforma forsvann som følgje av tankar om likskap.

Frå ideelle organisasjonar til statleg ansvar

Fram til 80-talet var sjukepleiarutdanninga i Stavanger drivne av dei ideelle organisasjonane Stavanger Sanitetsforeining og Røde Kors.

Sanitetskvinnene fremma velferd, helse og omsorg blant anna gjennom utøving av sjukepleie og gjennom utdanning av sjukepleiarar. Dei var på mange vis datidas feministar som dreiv utdanning tufta på idear om kvinners rett til utdanning og samfunnsansvar.

Anatomiundervisning ca. 1950.

På 80-talet tok staten over ansvaret for utdanninga. Dei to sjukepleieskulane fusjonerte i 1988 og vart til Stavanger Sjukepleiehøgskole. I 1994 fusjonerte høgskulen med seks andre høgskular i Stavanger og vart til Høgskolen i Stavanger, som i dag er Universitetet i Stavanger.

Samspel mellom teori og praksis

Sjølv om sjukepleiarutdanninga har forandra seg gjennom åra, har ho ifølgje Adriansen alltid vore bygd på gode tradisjonar og verdiforankring. Samspelet mellom teori og praksis har vore sentralt gjennom 101 år. I dag består praksisstudiane i utdanninga av litt meir observasjon enn tidlegare der elevane var meir integrert i arbeidsfellesskapet.

Forsking har òg fått ein større plass i pensum, sjølv om læreplanen i stor grad er lik dagens plan med tema som anatomi, sjukdomslære og sjukepleieteori.

Populær utdanning

Bachelor i sjukepleie er eit av dei mest søkte studieprogramma ved UiS. Den treårige sjukepleiarutdanninga ved UiS har per i dag om lag 300 studentar på kvart kull.

I tillegg til bachelorgraden i sjukepleie tilbyr UiS ulike sjukepleiespesialiseringar. Mange studentar ønsker å vidareutdanne seg til helsesjukepleier, anestesisjukepleiarar, intensivsjukepleiarar, operasjonssjukepleiarar. I 2019 starta òg jordmorutdanning ved UiS. Les meir om utdanningstilboda innan helsefag ved UiS.

Det helsevitskaplege fakultet planla markering i samband med 100 årsdagen, men denne vart utsett grunna Covid-19 pandemien.

Tekst: Cathrine Sneberg

Om Påfyll

Frukostmøta Påfyll blir arrangert av Det helsevitskaplege fakultet kvar onsdag frå kl. 08:15-09:00 enten på Zoom eller i kantina i Kjell Arholms hus. Det vil vekslast mellom samtalar, debattar, skråblikk, humor og innlegg om helse og andre spørsmål som kan setja i gang den gode praten. Det vil vera ei avgrensa mengde plassar tilgjengeleg grunna smittevern. Studentar ved Det helsevitskaplege fakultet vil ha prioritet våren 2021.