Gjennom boka «Samskaping: sosial innovasjon for helse og velferd» belysar forskarar innan ulike fagfelt behovet for innovasjon for å møta samfunnsutfordringar.
Samskaping: sosial innovasjon for helse og velferd
Elisabeth Willumsen og Atle Ødegård
2020
Universitetsforlaget

Publisert første gang 29.05.2020.Tekst: Cathrine Sneberg
Vår tids globale utfordringar utløyser behov for nye og berekraftige løysingar for samfunnsutviklinga. Nasjonale politiske reformer i helse- og velferdssektoren har lansert innovasjon som endringsstrategi
Men kva er innovasjon, og korleis kan innovasjon få tyding for helsa og velferda vår? Desse spørsmåla blir utforska i antologien Samskaping: sosial innovasjon for helse og velferd. Her blir bidrag frå kunnskapsfronten presentert.
Innovasjon i offentleg sektor
– Det finst mykje litteratur om innovasjon frå privat sektor, men det er behov for å omsetja og forstå teoriar og omgrep i ei helse- og velferdskontekst for at innovasjon og samskaping skal ha ein funksjon for norsk eller nordisk offentleg sektor, seier Elisabeth Willumsen.
Ho er professor i sosialt arbeid ved Det helsevitskapelege fakultet ved UiS og ein av redaktørane av boka.
Innovasjon i offentleg sektor kan omfatta nye idear, produkt, tenester eller samarbeidsmodellar som dekker sosiale behov og skaper nye relasjonar og nytt samarbeid. Ambisjonen med boka er å synleggjera kunnskapsfronten innan dette relativt nye feltet
– Boka er eit bidrag i så måte, men vi er bare i startgropa. Vi håper at boka kan inspirera både forskarar og praktiarar og at andre følgjer opp og vidareutviklar tematikken, held ho fram.
Må inkluderast i profesjonsutdanningane
Utdanningsinstitusjonar og offentleg sektor har eit felles ansvar for å førebu studentar innan helse og velferd på ein yrkeskvardag i endring. Dette krev òg samarbeid om utvikling av kunnskap og kompetanse som kan bidra til innovasjon og nytenking i praksis
– Innovasjon og samskaping er i fokus i helse- og velferdstenestene og «alle» skal driva med dette for å forbetra tenestene. Dette gjeld både nasjonalt og internasjonalt, og derfor viktig å ta inn i utdanningane våre, forklarer Willumsen
Boka er aktuell for forskarar, lærarar og studentar i helse- og sosialfaglege utdanningar i Noreg. I tillegg blir ho tilrådd til profesjonsutøvarar, leiarar og rådgivarar i helse- og velferdssektoren.
Bidrag frå fem fakultet ved UiS
Boka er ein tverrfagleg antologi med kapittel som spenner over ei rekke fagområde innan økonomi og leiing, samfunnsvitskap, og helsevitskap. Ved UiS har forskarar frå heile fem ulike fakultet bidratt.
Sjå innhaldslista av boka for oversikt
Redaktørane av boka er Elisabeth Willumsen, professor i sosialt arbeid ved Universitetet i Stavanger og professor ll ved Høgskolen i Molde, og Atle Ødegård, psykologspesialist og professor ved Høgskolen i Molde. Begge er knytt til Senter for innovasjonsforskning ved Universitetet i Stavanger.
Redaktør
Avdeling for folkehelse