Tilbake i jobb etter sjukdom

I Magasinet til Stavanger Aftenblad fortel to kvinner om sin veg tilbake i jobb etter kreftbehandling. Forskarar skal undersøka kvifor mange kvinner slit med å komma tilbake til arbeidslivet etter brystkreft.

Published Endret
Siv Tove Aunan
Førstelektor Siv Tove Aunan skal saman med professor Britt Sætre Hansen undersøka korleis det betre kan leggast til rette for vegen tilbake til arbeidslivet.

Forskarane Siv Tove Aunan og Britt Sætre Hansen ved Det helsevitskaplege fakultet har gjort fleire studiar på kvinner med brystkreft. Den utfordrande vegen tilbake til arbeidslivet har vore eit gjentakande tema blant kvinnene dei har intervjua.  

Derfor har Aunan og Sætre Hansen satt i gang forskingsprosjektet «Tilbake til jobb etter brystkreft». Målet er meir kunnskap om korleis desse kvinnene og arbeidsgivarane deira betre kan handtere tilbakeføring til arbeidslivet.  

Sjølv om jobb er ein stor del av livskvaliteten, slit svært mange med å komma tilbake til han etter fullført kreftbehandling. Tross eit sterkt ønske om å bidra, møter kvinnene ofte veggen som følgje av at arbeidsgivars og eigne krav blir for høge. Uføretrygd eller redusert stilling er ofte einaste alternativ. 

Har behov for oppfølging på arbeidsplassen 

I Magasinet kan vi lesa to kvinners historie om vegen tilbake til arbeidslivet. Når dei endeleg var ferdig med kreftbehandling, hadde dei eit sterkt ønske om å komma tilbake. Men vegen dit er oftast ikkje rett fram. 

Aunan og Sætre Hansen fortel at ein vedvarande tilstand av utmatting er hovudgrunnen til at mange slit, men òg minne- og konsentrasjonsvanskar.   

– Vanlegvis er brystkreftpasientar borte frå jobb opp mot halvanna år. Dei har hatt cellegift og strålebehandling, kanskje vore sengeliggande, isolert sosialt, kjent frykta for å døy og følt skrekken for at sjukdommen skal komma tilbake. Er det rart kvinnene treng litt ekstra oppfølging? seier Aunan til Aftenbladet. 

Tidlegare studiar viser at arbeidsgivarar treng meir kunnskap om kva kvinnene har vore gjennom og kva støtte dei har behov for. I sitt nye prosjekt inviterer forskarane kvinner og arbeidsgivarar til å fortelja om suksessfaktorar og barrierar for å komma tilbake i jobb.

Les meir: Vil bidra, men makter ikke (aftenbladet.no - berre for abonnentar) 

Førstelektor i helsevitenskap
51832489
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Professor i sykepleievitenskap
51834256
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi