Hopp til hovedinnhold

Tilbake til arbeid etter brystkreft

Det er utfordrande for brystkreftoverlevarar å komma tilbake til arbeid etter fullført behandling. Eit forskingsprosjekt ved UiS vil undersøka korleis det betre kan leggast til rette for vegen tilbake til arbeidslivet.

Publisert: Endret:
Kvinner arbeider på datamaskin
Undersøkingar viser at dei fleste brystkreftoverlevere med senskader opplever nedsett arbeidsevne. Éin av tre fell heilt ut av arbeidslivet (Foto: Pexels).

Første gang publisert 23. mars 2020. Tekst: Cathrine Sneberg

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner, og utgjer 22% av alle krefttilfelle hos kvinner i Noreg, ifølgje Kreftregisteret.

Å få ein brystkreftdiagnose og gjennomgå medisinsk behandling er ein tøff, langvarig og livstruande prosess. Dei siste åra har det vore aukande merksemd på seineffektar, forstått som biverknad eller komplikasjon til kreftsjukdommen eller behandlinga som varer i meir enn eitt år.

– Kreftbehandling blir meir avansert og stiller større krav til helsepersonell når det gjeld kunnskap og opplæring til pasientar som er ferdig med behandling og skal tilbake til sitt hverdagsliv, fortel Siv Tove Aunan, førstelektor ved Det helsevitskapelege fakultet.

Utfordrande å komma tilbake

Dei aller fleste kvinnene som har overlevd brystkreft, men har fått seinskadar, fortel at dei har nedsett arbeidsevne. Både den fysiske og psykiske delen av arbeidsevna blir svekt av kreftsjukdom, behandling og seineffektar.

– I ein tidlegare studie fann vi at brystkreftoverlevarar opplever tilbakeføringsprosessen til vanleg arbeidsliv som spesielt utfordrande. Dei erfarer at arbeidsplassar manglar kunnskap om seinskadar etter behandling og i liten grad innhentar nødvendige informasjon slik at ein realistisk plan kan utarbeidast i samarbeid med overleveren sjølv, seier Aunan.

Arbeidsgivarar treng rettleiing

Ein konklusjon frå studien var at arbeidsgivarar treng betre informasjon og rettleiing. Tusenvis av kvinner som har overlevd brystkreft har måtta slutta i jobben fordi arbeidsgivar ikkje har tilrettelagt. Éin av tre seinskaderammede fell heilt ut av arbeidslivet, skriv Brystkreftforeningen, og dette fører til store kostnader for samfunnet.

– På bakgrunn av dette ønsker vi meir kunnskap om korleis både brystkreftoverlevarar og arbeidsgivarar erfarer tilbakeføringa til arbeidslivet. Vi ønsker svar på kva suksessfaktorar og barrierar kvinnene og arbeidsgivarane deira beskriv i samband med tilrettelegging på arbeidsplassen, forklarar ho vidare.

Aunan er tildelt støtte frå Folke Hermansens Fond til prosjektet Tilbakeføring til arbeidslivet: brystkreftoverlevere og deres arbeidsgiveres erfaringer som vil ta for seg denne problematikken.

Korleis lykkast?

Vellykka tilbakeføring til arbeidslivet er avhengig av god og riktig informasjon, og ikkje minst tilrettelegging frå arbeidsgivars side. Forskingsprosjektet har derfor eit tosidig fokus der både erfaringane til brystkreftoverlevarar og arbeidsgivarar skal undersøkast. Prosjektet rettar eit viktig søkelys på korleis vi betre kan legga til rette for denne verdifulle gruppa kvinnelege tilsette når dei skal tilbake til arbeid.

– Det vil òg bidra til større innsikt knytt til samfunnsøkonomiske konsekvensar av kreftoverleving, seinskadar og arbeidsliv, legg Aunan til.

Aunan, S.T., Wallgren, G. C., & Sætre Hansen, B. (2018). Breast cancer survivors' experiences of dealing with information during and after adjuvant treatment: A qualitative study. Journal of clinical nursing.

51832489
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for omsorg og etikk
Førstelektor
51834256
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Professor