Ho endrar forutsetnadene for systematiske kunnskapsoppsummeringar

Tamara Kalandadze ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU), Universitetet i Stavanger, er del av eit internasjonalt team som utviklar nye retningslinjer for systematiske kunnskapsoppsummeringar.

Published Sist oppdatert

Forskarane beskreiv dei same utfordringane som eg sjølv hadde:
Korleis retningslinjene me nytta berre så vidt fungerte, men ikkje var tilpassa vårt felt. Me blei oppfordra til rett og slett å gjere noko med det. 

Korleis skal ein gå fram om ein skal utvikle ein kunnskapsoppsummering? Kva for metodar skal nyttast? Retningslinjer er sjølve grunnlaget for ei god kunnskapsoppsummering. Så kva gjer ein då om normer ikkje finst? Eller om retningslinjene ikkje er tilpassa forskingsforma du driv med? Nokon må lage dei! 

Tamara Kalandadze ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU), Universitetet i Stavanger, er del av eit internasjonalt team som utviklar nye retningslinjer for systematiske kunnskapsoppsummeringar.

Nokon må ha oversyn på forskinga

Overalt i verda blir det forska. Noko er kjend, andre prosjekt blir ikkje ein gong publisert. For å skaffe seg oversynet på eit emne held det ikkje berre å sjå på eit, einskild prosjekt. Skal det vere mogleg å setje seg inn i og tolke eit forskingsfelt må nokon ha oversikt over alt som har blitt forska på opp gjennom åra, skilje ut kva som held høg kvalitet og kan vere med å danne grunnlag for vidare forsking, utvikling av teoriar og ikkje minst nyttast praktisk.

Dette kan ein gjere ved å utføre ei systematisk kunnskapsoppsummering, også kalla systematisk reviewstudie. Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har som mål å trekke saman og formidle nasjonal og internasjonal forsking på heile utdanningssektoren.

Ein god protokoll garanterar kvaliteten

Retningslinjene for systematiske kunnskapsoppsummeringar er ei hjelp mellom anna når forskarane skal utvikle prosjektet sin protokoll. Kvar systematiske kunnskapsoppsummering bør ha ein protokoll som registrerast på førehand. Protokollen spesifiserar kva forskningsspørsmål ein skal svare på, og beskriv metoden som skal nyttast. Dette hindrar at resultata gjev ei skeiv framstilling, såkalla  «questionable research practices». Protokollen blir ståande som garantien for at forskarane har følgd retningslinjene. Er dei av ein eller annan grunn ikkje følgd, skal dette sjølvsagt grunngjevast og forklarast.

– Vanlegvis når me snakkar om å utforme ein protokoll, er det snakk om å nytte velutvikla retningslinjer.  Slike retningslinjer har overskrifter om alle delane ei kunnskapsoppsummering skal ha, som for eksempel liste over databasar og søkestreng, slik at alt me skal gjere i kunnskapsoppsummeringa det er tale om blir godt beskrive i protokollen, seier Kalandadze.

Fanst ikkje eigna retningslinjer

Forskaren fortel at då ho gjorde sine fyrste kunnskapsoppsummeringar opplevde ho at retningslinjene som fanst ikkje var heilt eigna til arbeidet, noko som gjorde arbeidet med systematiske reviews meir komplisert.

Nokre av ledda i dei retningslinjene me har nytta til no er retta meir inn på kliniske studiar og intervensjonsstudiar. Dette gjer at det ikkje er ein fullgod mal for systematiske reviews av for eksempel psykologisk og utdanningsforsking, som ikkje studerer effekten av ein intervensjon, fortel Kalandadze.

Openheit er det viktigaste prinsippet

Kalandadze fortel at det finst fleire felles prinsipp for korleis ein skal utvikle ein protokoll til ei kunnskapsoppsummering. Det viktigaste for ho og teamet ho er del av er at forskinga og kunnskapsoppsummeringane byggjer på prinsipp om open vitskap.

Den førehandsregistrerte protokollen, som legg grunnlaget for det vidare arbeidet, skal vere transparent og tilgjengeleg for alle. Dette gjer mellom anna at kunnskapsoppsummeringa kan vurderast av andre forskarar og repliserast. Det skal gå an å gjenta undersøkjinga for å sjå om funna gjentar seg.

Internasjonalt samarbeid gjev resultat 

Utfordringa med dei mangelfulle retningslinjene fekk sitt vendepunkt på ein workshop om avanserte forskingsmetodar. Der kom nettopp dette opp som tema.

– Forskarane Jade Pickering  frå University of Manchester og Marta Topor frå University of Surrey beskreiv dei same utfordringane som eg sjølv hadde: Korleis retningslinjer for kunnskapsoppsummeringar berre så vidt fungerte, men ikkje var tilpassa vårt felt. Professor Dorothy Bishop oppfordra rett og slett til å gjere noko med det. No er me eit internasjonalt team som saman utviklar retningslinjer for kunnskapsoppsummeringar av ikkje-intervensjonsstudiar, seier Kalandadze.

Prosjektet og retningslinjene har fått namnet «Non-interventional, Reproducible and Open Systematic Reviews (NIRO)» og fyrste versjon er å finne på Open Science Framework (OSF), klar til å nyttast. NIRO vil guide forskarane gjennom prosessen med å planlegge, førehandsregistrere, gjennomføre og apportere systematiske kunnskapsoppsummeringer av ikke-intervensjonsstudier.

Retningslinjene har vore presentert på Universitetet i Oxford av professor Dorothy Bishop med god mottaking. Kalandadze fortel at fleire forskarar har byrja ta i bruk desse retningslinjene dei dukkar opp i pensumlister internasjonalt. Ut frå bruk og tilbakemelding frå forskarane som nytter det, vil verktøyet heile tida bli oppdatert. Ein artikkel om arbeidet er på veg, og fleire andre vil komme etter kvart.

Hjelp til forskarar

Der nokre vil spørje om det er naudsynt med nye retningslinjer når den meir etablerte, PRISMA allereie finst, er Kalandadze heilt klar:

– NIRO-retningslinjene fyller eit behov. PRISMA har til no har vore rekna som ein gullstandard, med rette. I utviklinga har me nytta eksisterande retningslinjer som likner dei som vart nytta i den siste oppdateringa av PRISMA. Noko er modifisert og noko er heilt nytt og eige. Me er takksame over arbeidet som er gjort føre oss og står på skuldrene av gigantar, seier Kalandadze.

Kalandadze fortel at NIRO inkluderer spesifikke retningslinjer for å utvikle ein grundig protokoll for kunnskapsoppsummeringar. Fram til no har det vore slik at forskarar som gjennomfører systematiske kunnskapsoppsummeringar av ikkje-intervensjonsstudiar etter beste evne har tilpassa dei generelle anbefalingane som finst for å utvikle ein protokoll til sitt bruk. Resultatet kan gje usemje mellom protokollane. Forskjellige forskarar tek eigne avgjerder når det gjeld kva som skal og kva som ikkje skal med i ein protokoll. Dette kan resultera i at viktig informasjon ikkje kjem med, til tross for dei beste intensjonar og innsats.

Forskaren fortel vidare at NIRO-retningslinjene nyttar eit inkluderande språk, prinsippa og premissane kan nyttast i forsking på tvers av disipliner, retningslinjene er detaljerte og tydelege. Alt som trengst for å sette opp protokollen finst i desse nye normene.

Målet er å hjelpe forskarar, og ikkje minst masterstudentar og ph.d-studentar når dei skal gjennomføre sine fyrste kunnskapsoppsummeringar.

– Me i forskarteamet ynskjer sjølvsagt at verktøyet me har laga skal bli testa ut. Jo fleire som bruker retningslinjene, jo betre føresetnader for god utvikling og enno betre forskingsprosessar og resultat. Me er allereie i gang med å oppdatere fyrste versjonen og stadig oppdatering  og forbetring er også eit av hovudprinsippa for NIRO, avsluttar Kalandadze.

Tekst: Kristin Vestrheim Cranner.
Foto: Anja Kristin Bakken.