Rektor sin bodskap på utvida leiarforum

Tverrfagleg samarbeid, framtidsretta og ettertrakta studietilbod og auka studentrekruttering var kjernen i bodskapen frå rektor på utvida leiarforum ved UiS.

Published Sist oppdatert

Glade studenter rundt et bord
Framtidsretta og ettertrakta studietilbod skal gjere det attraktivt å være student ved UiS, sa rektor på leiarsamlinga.

Rektor og professor Klaus Mohn på utvida leiarforum ved UiS, 20. november 2023.

God morgon, og velkomen til utvida leiarforum!

Det slo meg då eg førebudde bodskapen til i dag, at det nærmar seg fem år sidan styret ved UiS tilsette meg som rektor. Eg kjente innstillinga, og visste at eg umiddelbart ville få spørsmål om kva mitt leiarskap ville få å seie. Kva var det eg ville med UiS?

Etter å ha tenkt litt på saka kom eg til at kvalitet i kjerneoppgåvene og ei vidare opning av UiS mot omverda ville treffe det eg stod for. Så dermed sa eg at mitt mål var at me skulle bli betre på alt me held på med, ikkje minst når det gjeld samspelet med omverda.

Om me lykkast i dette, tenkte eg, så ville UiS bli betre kjent – og anerkjent, så ville søkarlistene bli lengre, til studier og ledige stillingar, og kvalitetsutviklinga kunne  kome inn i ein god spiral.

Langt på veg tenker eg me har lykkast på begge dei to områda. På Khrono, i universitetspolitikken, og i UH-sektoren elles markerer UiS seg meir tydeleg enn nokon gong. På utdanningssida er me i full sving med vidareutvikling og drift av eit nytt kvalitetssystem for utdanning. Me har teke betre tak i studieprogramleiarrolla. Og mitt bestemte inntrykk er at utdanning og undervisning no står høgt på agendaen på alle nivå i organisasjonen. Og samstundes med alt dette har me styrka posisjonen som eit forskingsuniversitet, og me har forbetra strukturane rundt innovasjonsarbeidet.

For dette skal de ha honnør, alle som ein!

Stundom kunne ein ønske seg at framgangen var enno betre, og at me fekk betalt i form av medvind – i politikk og økonomi. Slik er det ikkje. Statsbudsjettet for neste år etterlet oss tvert om i ein situasjon som vil krevje meir av oss. Me har posisjonert UiS som på eit vis som ikkje passar denne regjeringa sin politikk for forsking og høgare utdanning.

Eg skal ikkje utelukke at utdannings- og høgskulesektoren kan nytte ressursane betre enn i dag. Og her skal me ved UiS ta vår del av jobben. Utfordringa er at vårt universitet blir spesielt hardt råka av budsjettforslaget frå regjeringa. Kuttforslaga treff oss med større tyngd enn andre, medan regjeringa sine satsingar går til andre institusjonar.

Til dømes ha me satsa på internasjonalisering gjennom utstrakt rekruttering av studentar frå utlandet. Denne satsinga har bore fruktar, og gjort oss til eit av dei mest internasjonale universiteta i landet. For det blir me no straffa gjennom innføring av studieavgift for utanlandsstudentar. Me har satsa på konsentrert lokalisering og fysiske læringsmiljø, medan politikken no favoriserer desentralisering og digitalisering av studietilbodet. Til slutt har me satsa tungt på forsking, medan økonomiske insentiv frå regjeringa no blir retta mot utdanning, og aller helst i distrikta.

Omslaget i politikk og inntekter vil prege prioriteringane ved UiS i åra som kjem. Utdanningsverksemda går mot meir resultatorientering, med økonomisk utteljing for gjennomstrøyming og fullføring. Forskingsverksemda blir meir avhengig av ekstern finansiering, etter som politikken gir prioritet til utdanning. Dette dannar bakgrunnen for omstillingsarbeidet som de alle no er involverte i.

Samstundes er endringar i den politiske og økonomiske situasjonen ein viktig del av konteksten for revisjonen av strategien som no er sett i gong. Her siktar me mot sluttføring i styremøtet i mars neste år. I mellomtida ser me fram til ein god prosess. Noko stor omvelting av strategien ser me ikkje for oss. Snarare tenker ein at hovudelementa i strategien har tent oss godt, og at dei difor blir liggande fast. Dette gjeld samfunnsoppdrag, visjon, verdiar, motto og dei seks tematiske satsingsområda.

Men bakom dette biletet er det rom for viktige justeringar – formuleringa av ambisjonar, mål, tiltak og måleparametrar. Eit høyringsbrev går ut denne veka, saman med eit aller første forslag til justert strategi. Her ber me om innspel frå alle delar av organisasjonen. Strategien skal være ei relevant rettesnor for prioriteringar og ressursbruk. Difor kan strategien gjerne bli meir konkret, slik han gir oss så god drivkraft som råd i tida som kjem.

«Gjennom høg kvalitet i kjerneoppgåvene våre skal me tiltrekke oss ambisiøse studentar og tilsette», heitar det i strategien i dag. Med den siste utviklinga i søkartal, økonomi og politikk har dette blitt viktigare enn nokon gong. Økonomisk utteljing blir no knytt til gjennomstrøyming og fullføring. Samstundes peikar søkartala våre i feil retning, og jamvel store og viktige studieprogram slit med å fylle studieplassane.

Denne utviklinga må me snu. Heile hausten har me difor hatt spesiell merksemd på studentrekruttering. Korleis me kan trekke fleire studentar til UiS har vore tema i ei rekke møte, blant anna på rektormøtet sitt årlege seminar. Ei arbeidsgruppe er og i sving med å utarbeide tiltak for marknadsføring og studentrekruttering for den komande treårsperioden.

Vår marknadsandel i samordna opptak er på 4,3 prosent, og her har han lege meir eller mindre i ro gjennom dei siste ti åra. Å få marknadsandelen til å løfte seg er tungt og tregt arbeid. Men no er det kniven på strupen. Me må arbeide hardt for eit betre rykte. Potensielle studentar må vite kva dei får hos oss, og dette skjer kanskje best ved noverande studentar er så tilfredse at dei framsnakkar oss både no og når dei kjem i arbeid.

Studentane sitt val av studiestad er påverka av mange faktorar. Men den viktigaste er innhald, relevans og kvalitet i sjølve studietilbodet. Det som og er viktig er arbeidslivsrelevans. Her likar me å tenke at UiS har ein fordel, fordi me alltid har lagt stor vekt på tett og god kontakt med arbeids- og næringslivet. No gjeld det å vise at dette kan omsetjast til attraktivitet blant studiesøkjarane våre.

Nye unike studietilbod vil ofte gje eit løft i søkjartala. For UiS gjeld dette bachelorprogrammet i toll, vareførsel og grenskontroll, bachelorprogrammet i paramedisin, samt bachelorprogrammet i skulefritidspedagogikk (SFO). Nye studietilbod hjelper oss å nå ut til nye søkjarar. Det er likevel verdt å merke seg at det som oftast er studieprogrammet som skapar attraksjonen, meir enn institusjonen UiS.

Søkjarar til bachelorprogrammet i toll, vareførsel og grensekontroll har ofte vårt tilbod på førsteplass, men set deretter opp studietilbod ved andre universitet på dei neste plassane.

Ein student er heller ikkje lenger berre ein 19-åring frå vidaregåande skule. No kjem dei i alle aldrar, med ulike forventningar og behov. «Læring for livet» er ei temasatsing i strategien vår, og no er det tid for å aksellere arbeidet med fleksibilisering og vidare digitalisering av studietilbodet. Nettbaserte studietilbod opnar for heilt nye marknadar, for til dømes dei som ikkje kan eller vil flytte frå heimstaden sin.

Behovet for omstilling – av utdanning, forsking og innovasjon – inneber at me må sjå på oss sjølv og universitetet med nye auge. Lasset må me løfte i fellesskap, og tverrfagleg samarbeid bør bli vårt heidersmerke. Det er ein jobb me kan gå til med lyst og stoltheit. Prosessar er i gang i alle delar av organisasjonen for å rigge oss for den vidare ferda.

Med søkjartal som peikar nedover må me gjere ein stor innsats for å forstå studentane våre enno betre. Samstundes må me sikre at arbeidet med studieporteføljen held fram, slik at studietilboda våre alltid er framtidsretta og ettertrakta. Berre slik kan me utvikle studietilbod som møter studentane sine forventningar og behov, og som gjer det attraktivt å være student ved UiS.

Difor ser eg fram til å drøfte ulike sider av arbeidet med studentrekruttering i større detalj med dykk her i dag.

Velkomen igjen, og takk for merksemda så langt!