Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi

Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi (IKBM) fokuserer på natur- og livsvitskapleg forsking, innovasjon og utdanning.

Published Sist oppdatert
Fakta
Tilsette

116

Studentar

270

Kjemi og miljø bachelor, forklart av John-Sigvard Njau.

Om institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi

Instituttet er ein del av Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, og har tre hovudoppdrag: forsking, innovasjon og utdanning. 

Forsking ved instituttet blir fordelt på eit vidt spekter av fagområde frå syntetisk kjemi til molekylærbiologi. Instituttet sitt mål er å vere ein partner i regional, nasjonal og internasjonal forsking, og vi har fasilitetar med topp moderne utstyr for tverrfaglege forskingssamarbeid. 

Innovasjon er ein nøkkel i tekniske fag. Ved instituttet leitar vi etter nye måtar å tenkje på, utvikling av nye metodar og halde oss oppdatert på aktuell forsking innan interessefelta våre. 

Utdanning er ein hjørnestein i samfunnet. I forsking og i livet er vankunne ikkje ein dyd. Instituttet har som mål å gi fyrsteklasses utdanning frå grunnfag til forskarutdanning. Vi er også involverte i offentlege aktivitetar for forskingsformidling, der vi informerer ålmenta om kjemi, miljø, biologi og forskings og- utdanningsområda våre. 

Studietilbod

Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi (IKBM) tilbyr fire studieprogram (sjå tilbod under). Våre studentar kan velje mellom eit breitt utval naturvitskaplege emne. I tillegg tilbyr vi ph.d.-program i kjemi og biovitskap.

Forsking i kjemi, biologiske vitskapar og milkjøteknologi

Planeten vår står overfor mange utfordringar som må taklast gjennom tverrfagleg samarbeid. Ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi forskar vi på helsa til menneske, dyr, planter og miljøet.

Kjemistudenter gjør forsøk i laboratorium.

Les meir om forskinga ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi (IKBM).

Forskingsgrupper:

  • Cellulær metabolisme og døgnsystemer 
  • Metabolsk fleksibilitet i cellesystemer 
  • Porøse materialar - kjemi, karakterisering og bruk 
  • Protein fosfataser og signalering 
  • Økotoksikologi og miljøovervaking 
  • ÅNDE - Biogenese av fotoautotrofi
  • Molekylær parasittologi og mitokondriell biokjemi
  • Organisk kjemi
  • Grøn og berekraftig kjemi

Les meir om instituttet

Kontakt oss

Kontorsjef
51832975
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Fakultetsadministrasjonen TN
Førstekonsulent
51832125
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Fakultetsadministrasjonen TN
Kontor for utdanningsadministrative tjenester
Instituttleder
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi
Kven og kor?
Adresse

Kjølv Egelands hus, C-blokk (2. etg) Kristine Bonnevies vei 22, 4021 Stavanger

Generelle spørsmål

post-tn@uis.no