Samanlikningsgruppa – den viktige gruppa ingen vil vere i

Det er ingen som vil vere i samanlikningsgruppa i eit forskingsprosjekt. – Men vi klarar oss ikkje utan denne viktige gruppa, seier Sigrun Ertesvåg.

Published Sist oppdatert

Lærer med en elev i et klasserom.
– Lærarane og elevane i samanlikningsgruppa i INTERACT er dei «stille heltane» i prosjektet, seier prosjekleiar Sigrun Ertesvåg. Illustrasjonsfoto: Marie von Krogh/ Læringsmiljøsenteret, UiS

Professor Sigrun Ertesvåg er prosjektleiar for forskingsprosjektet INTERACT. Ho fortel at dei har fått tilbakemelding frå lærarar i prosjektet som er skuffa over å verte trekt til samanlikningsgruppa.

– Sjølv om lærarane i samanlikningsgruppa òg får tilbod om å delta i tiltaket, kan det synes lenge å vente i to år til datainnsamlinga er avslutta. Såleis er lærarane og elevane i samanlikningsgruppa i INTERACT dei «stille heltane» i prosjektet, seier Ertesvåg og legg til:

– Vi kunne ikkje klart oss utan denne viktige gruppa. Det er ikkje mogleg å vurdere resultata av INTERACT-tiltaket utan at vi verkeleg forstår kva som skjer med deltakarane i samanlikningsgruppa. Vi treng omfattande data også frå denne gruppa, seier ho.

Spelar ei avgjerande rolle

INTERACT er ein randomisert kontrollert studie (RCT). Deltakarane i samanlikningsgruppa i INTERACT er deltakarar i prosjektet, men deltek ikkje i tiltaket i studien. I staden gjer denne gruppa det same som dei elles gjer, men deltek i datainnsamlinga på lik line med tiltaksgruppa. Samanlikningsgruppa spelar ei heilt avgjerande rolle i utprøving av nye tiltak ettersom dei som nemninga viser til, tener som ei samanlikning for å avgjere kva effekt tiltaket som vert prøvd ut har. 

– I INTERACT vart lærarane som melde si interesse for prosjektet tilfeldig delt i to grupper  (randomisert) – ei tiltaksgruppe og ei samanlikningsgruppe. Ei slik tilfeldig inndeling skal sikre at deltakarane både i tiltak og samanlikningsgruppa er så like som mogleg slik at vi kan samanlikne resultata på dei områda vi skal studere, fortel Ertesvåg.

Særleg viktig innan utdanningsforsking

Samanlikningsgruppa er særleg viktig i utdanningsforsking fordi det ofte er umogleg å fjerne påverknaden av alle faktorar i omgjevnadane som kan ha innverknad på resultatet, forklarar ho.

– Tiltaksstudier i skulen er ikkje så enkle som å teste ut ein ny medisin der ei gruppe får den nye medisinen, medan samanlikningsgruppa får «placebo», eller narremedisin, som ser heilt lik ut. Vanlegvis veit ingen – verken deltakarar eller forskarar – kven som får kva, og ein kan så fjerne dei fleste kringliggande faktorane som kan ha innverknad på resultatet. Til at ein «trur» ein blir betre fordi ei får «medisin», seier Ertesvåg.

I tiltaksforsking i skulen kan ei samanlikningsgruppe nyttast for å legge vekt på dei variablane som ein ynskjer å prøve ut. Difor er det så viktig å få same type data frå begge gruppene.

– Vi kan då samanlikne gruppene på sentrale områder for studien og avgjere om tiltaket i INTERACT gjev resultatet vi meiner skal ha effekt basert på teori og tidlegare studiar, seier ho.

Kan gjere undervisinga meir engasjerande

Dei fleste kompetansetiltak for lærarar som vert sett i gang, vert ikkje evaluert. I seg sjølv er dette eit problem, meiner professoren.

– Vi veit ikkje om tid og energi nytta i kompetanseutvikling faktisk gjev det resultatet som er ynskja. I INTERACT hjelper samanlikningsgruppa oss med nettopp det, å vurdere om resultata av videobasert-coaching kan bidra til å gjere undervisinga meir engasjerande og kvaliteten i støtta til elevane kan verte endå betre. Er resultata til deltakarane i tiltaksgruppa betre enn resultata for samanlikningsgruppa, så kan vi slå fast at INTERACT har effekt, seier ho.

I tillegg til resultata frå spørjeskjema og observasjonar, jobbar forskingsgruppa i INTERACT med å samle informasjon om deltakarane sine erfaringar med tiltaket og undervisning generelt gjennom intervju med deltakarar i tiltaket og samanlikningsgruppa.

Får for lite merksemd

I INTERACT, som i dei fleste RCT-studiar, får samanlikningsgruppa lite merksemd medan tiltaket vert prøvd ut. Det er først i skuleåret 2024-2025 at lærarane i samanlikningsgruppa får tilbod om intervensjonen. Eit forskingsprosjekt som INTERACT med sterkt forskingsdesign med fleire ulike datakjelder som ulike typar spørjeskjema, videobasert observasjon og intervju, kan vere krevjande å delta i både for tiltaksgruppa og samanlikningsgruppa, fortel Ertesvåg.

– For samanlikningsgruppa er «gevinsten» av å delta i INTERACT lenger unna enn for tiltaksgruppa. Bidraga frå lærarar og elevar i samanlikningsgruppa er likefullt heilt avgjerande for at vi kan få ny kunnskap som kan bidra til å styrke vidaregåande opplæring, avsluttar ho.

Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Marie von Krogh/ Læringsmiljøsenteret, UiS