Jobbvinner er eit nasjonalt prosjekt som skal auka rekrutteringa av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til kommunehelsetenesta.

Behovet for kvalifiserte helsearbeidarar er stort. Framskrivingar frå SSB viser at vi i 2035 kan mangle opp til 28 000 sjukepleiarar og 57 000 helsefagarbeidarar. Tilbakemeldingar frå kommunane i Rogaland tilseier at det er mest utfordrande å rekruttera sjukepleiarar.
Jobbvinner - ei nasjonal satsing
Jobbvinner er ei nasjonal satsing med mål om å auka rekrutteringa av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til helse- og omsorgstenestene i kommunane. Kommunane skal vera ein attraktiv arbeidsplass og ein god læringsarena for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Prosjektet er eit av tiltaka under Kompetanseløft 2020 som skal sikra god og stabil bemanning i helse- og omsorgstenestene. I Jobbvinner blir det utvikla rekrutteringstiltak til kommunehelsetenesta i samarbeid mellom kommunar og utdanningsinstitusjonar.
Organisasjon og leiing for sjukepleiestudentar
Auka rekruttering av helsefagarbeidarar og sjukepleiarar til Rogaland er derfor målsettinga i ein pilot til Jobbvinner der Hjelmeland, Sandnes og Strand kommune, UiS og fagorganisasjonane deltar.
Undersøkingar viser at det er ein samanheng mellom praksis i studietida og seinare val av arbeidsplass. Vi trur at sjukepleiestudentar som får innsikt i heimesjukepleie som organisasjon vil få meir kunnskap om kompleksiteten og utfordringane i denne delen av tenesta.
Det skal derfor utarbeidast skriftleg rutine for mottak og oppfølging av sjukepleiestudentar i alle deltakande kommunar, det er gjennomført studentovertaking i ei sone i heimetenesta i Sandnes kommune som skal gi læring gjennom ansvar, og det skal utviklast tiltak for å styrka kompetansen til sjukepleiestudentar i organisasjon og leiing i alle kommunane.
Kom til kommunen!
Målet med prosjektet er at kommunane i Rogaland skal vera ein attraktiv arbeidsplass og ein god læringsarena for både studentar og sjukepleiarar. I tillegg skal det utviklast tettare samarbeid mellom kommunane i Rogaland og Universitetet i Stavanger.
Prosjektet blir gjennomført frå september 2019 til desember 2020 og har fått 700.000 frå Kommunenes organisasjon (KS).
Prosjektleiar i Rogaland: Malene Søiland, universitetslektor ved Universitetet i Stavanger