‒ Formar framtida når ein jobbar som grunnskulelærar

Eg tykkjer det er fantastisk å få lov til å medverke i kvardagen til små menneske i barneskulen og bidra til at dei blir gode samfunnsborgarar. Eg trur at læraryrket er viktigare enn nokon gong, seier Jonas H. Bråthen, student ved grunnskulelærarutdanning trinn 1-7, UiS.

Published Sist oppdatert
Jonas Braaten, lærerstudent, står foran tavle i klasserom
Jonas H. Bråthen studerer ved grunnskolelærerutdanning 1-7 i Stavanger.

I følgje det han sjølv hugser at mora har sagt om han, var ikkje Jonas H. Bråthen gamle karen då han første gong sa at han ville bli lærar når han blei stor. No er Jonas i gang med tredje året på grunnskulelærarutdanninga (GLU) i Stavanger.

‒ Eg går på GLU 1-7, og har to år igjen før eg er ferdig med masteren. Då skal eg ut i barneskulen som lærar.

Indre motivasjon

23-åringen kjem frå Brønnøysund og jobba mellom anna litt i ein barnehage før han begynte å studere.

‒ Då kjente eg for alvor at eg trivst med å jobbe med barn, men eg ville at dei skulle vere litt eldre enn i barnehagen. Å få eit slikt praktisk innblikk før eg begynte å studere var veldig nyttig, fortel Jonas.

Han tenker at som lærar får han vere med på å forme framtida til Noreg.

‒ Ja, det er store ord, men eg tykkjer det er fantastisk å få lov til å medverke i kvardagen til små menneske i barneskulen og bidra til at dei blir gode samfunnsborgarar. Eg trur at læraryrket er viktigare enn nokon gong, seier Jonas.

Ung mann med brunt hår og blå genser smiler

Mannleg rollemodell

Han har sjølv tenkt på kor fint det var då han endeleg fekk ein mannleg lærer, etter berre å ha hatt kvinnelege lærarar dei første åra i barneskulen. 

‒ Lærarane er viktige personar i oppveksten vår, og det krev ein balanse mellom kjønna i skulen. Eg hugsar kjensla av å bli sett og forstått på ein litt annan måte, då vi fekk mannleg lærar i 4. eller 5. klasse, fortel Jonas.  

Sjølv synest han at praksis er det kjekkaste i studiet

V Vi har praksis allereie i første semester, og får dermed tidleg testa samspelet med elevane, fortel Jonas. Totalt har han om lag 100 dagar praksis i løpet av utdanninga.

Alle GLU-studentar har norsk, matematikk og pedagogikk som felles fag. Jonas har i tillegg valgt samfunnsfag, musikk og fordjuping i matematikk.

Godt studiemiljø

‒ Samhaldet er godt på studiet. Vi er om lag 50 studentar i klassen, og miljøet er bra. Eg er innflyttar til Stavanger, men allereie frå fadderveka ved studiestart vart eg kjent med andre i klassen. I tillegg bur eg i studenthybel nær campus, og har dermed alt eg treng innan rekkevidde. Og universitetsbiblioteket har kjøkken, smiler Jonas. 

Jonas peikar i tillegg på billig hybel, treningssenter på campus og bra kollektivtilbod som gode element ved UiS som studiestad.

‒ Men viktigast av alt er utdanninga. Og eg veit at eg blir attraktiv på jobbmarknaden etterpå!