Undervisningsopplegg: Korleis arbeide med skjønnlitteratur i klasserommet?

Eit praksiseksempel frå 7. trinn med utgangspunkt i Kampen mot superbitchene. I denne teksten kan du få tips til korleis ein kan leggje opp litteraturundervisninga etter Judith Langer sine teoriar. Innlegget er meint som eit stillas for læraren i planlegging av litterære samtalar i klasserommet.

Published Sist oppdatert

Kampen mot superbitchene omslag
Kampen mot Superbitchene (Aschehoug)

Av Kjersti Nesheim

Det er ei stor oppgåve å lede elevane inn i tekstane dei skal lese. Det handlar om korleis lesaren er med på å skape si eige tekstforståing, og kva for ulike posisjonar lesaren kan ha før, under og etter (tekst)lesing. Ulike litteraturteoretiske tilnærmingar kan gje læraren fagleg støtte i undervisninga. Læraren kan trenge hjelp til korleis han kan planleggje god leseopplæring, slik at det blir samanheng mellom mål, innhald, arbeidsmåtar og vurdering. Leseplanleggjaren, utvikla av Fuglestad, Hoem og Håland (2017) [1] er ei slik fagleg støtte.

Leseplanleggjaren

Leseplanleggjaren legg opp til at ein må tenkje baklengs når ein planlegg undervisninga. Å planleggje undervisninga som ein vurderar handlar først om å identifisere desse spørsmåla:

  • Kva skal elevane lære? 
  • Korleis skal dei få vist kva dei har lært?

Deretter kan ein stille spørsmålet:

  • Korleis vil du planleggje undervisninga slik at elevane lærer?

Målet med dette undervisningsopplegget er at elevane skal lese boka Kampen mot superbitchene av A. Audhild Solberg (Aschehoug, 2014) på ein fagspesifikk måte, ved å reflektere over forfattaren sitt handtverk og innhaldet i boka.

Leseplanleggjaren spør på kva for måte undervisningsoppleggjet er forankra i teoriar om leseopplæring, og ideen til akkurat dette undervisningsopplegget har eg henta frå den amerikanske litteraturforskaren Judith Langer sine teoriar (2005) [2]. Ei slik utprøving som mål for lesinga, vil vere interessant, tenkte eg!

Tankane som elevane har om innhaldet i boka og korleis boka er skriven skal dei synliggjere gjennom å reflektere i ei loggbok og delta i ein litterær samtale. Denne konkrete lesesituasjonen endar ikkje opp i ein formell vurderingssituasjon, men skjer undervegs i heile leseprosessen. Elevane treng å øve seg på å grunngje påstandar og vise til konkrete tekstelement når dei tolkar tekst. Dette arbeidet er tenkt som eit lite steg på vegen til å meistre slike tolkingsoppgåver seinare i utdanninga.

Oppsummert i leseplanleggjaren blei undervisningsopplegget slik:

leseplanleggeren KN

Presentasjon av boka

Hovudpersonen i boka er 12 år gamle Anne Bea  født med albinisme. Ho er kjent som ”albinoen”,  og er ei av dei minst populære i sjuandeklasse. Å få sjans på Magnus er ho minst eit lysår unna, og dessutan er ho midt i skotlinja til ”superbitchene” i klassa. Anne Bea blir plaga og utestengd. Heldigvis har ho ei kul tante som medhjelpar, og utan  den trufaste bestevennen Nils hadde det vore totalt krise. Boka handlar om noko som mange mellomtrinnselevar er opptekne av – mobbing og relasjonar. Den har høg gjenkjenningsfaktor, og til tross for eit alvorleg tema er mange av skildringane i boka morosame.

Judith Langer sine litterære førestillingsverder

For å forsøke å forstå korleis elevane byggjer opp førestillingsverder når dei les skjønnlitteratur, støttar eg meg til Judith Langer sine teoriar. Under kjem ein kort presentasjon av dei fire ulike fasane. Det er viktig å presisere at desse fasane ikkje er lineære og at vi hoppa mellom dei ulike fasane gjennom heile boka. Leseforskarane Anne Håland og Trude Hoel (2016) [3] har utvikla spørsmål/momentlister som kan hjelpe meg i dette arbeidet, og eg vil forsøke å konkretisere elevane sine vandringar gjennom dei ulike fasane ved å vise eit utdrag av elevane sine refleksjonar.

Å vere utanfor og stige inn i ei førestillingsverd handlar om å prøve å danne seg eit bilete over kva teksten handlar om ut i frå eigen erfaring og kunnskap, tekstens ytre inntrykk og andre tilgjengelege ledartrådar. Når vi begynner å lese er vi utanfor, men i ferd med å stige inn i ei førestillingsverd. Ved å la elevane reflektere over tittel og framside på boka forsøker elevane å danne seg ei forventning om kva teksten kjem til å handle om.   

Jeg tror det handler om at det er noen jenter som ikke er noe greie med ho jenta som står fremst. De peker mot ho og ler. Det er sikkert ho lysa som er sjefen, fordi ho peker. Dessuten så er det djevelhorn på tittelen, og r-en i tittelen peker ned på de to jentene. Boka er veldig rosa, så det er sikkert mye drama mellom jentene.

Elev på 7. trinn

I fasen å vere i og bevege seg gjennom ei førestillingsverd er lesaren aktiv og engasjert i å utvikle forståing. Lesaren undrar seg over personane sine tankar og handlingar. Han brukar ny informasjon for å utdjupe det han allereie veit, og han dannar hypotesar om kva som kjem til å skje vidare. Lesaren må i denne fasen bruke kunnskap om teksten, seg sjølv, livet og verda for å gjere bilete av det han trur teksten handlar om fyldigare. I denne fasen kan læraren stille spørsmål om kva elevane trur ulike setningar i boka betyr. I Kampen mot superbitchene kan ei slik nærlesing hjelpe elevane til å danne seg eit indre bilete av kven Anne Bea er og korleis ho ser på seg sjølv, slik som vi ser i eleveksempela under.

elevsitat

Eit anna spørsmål læraren kan stille i denne fasen er om det er noko elevane legg merke til i ei bestemt skildring i boka. Under følgjer eit eksempel på korleis ein elev opplever og prøver å forstå personane og handlinga i boka.     

Jeg legger merke til at Anne Bea ikke der og da var en så god venn for Nils. Det virket som om hun ikke brydde seg om så mye om det han sa. Det var noe med foreldrene til Nils, men mer fikk vi ikke vite ... Hun er jo litt egoistisk. Hun har det alltid verst.

Elev på 7. trinn

Å stige ut og tenkje over det ein veit handlar om å fokusere på kva tekstinnhaldet kan bety, ved at ein går ut av teksten og reflekterer over den på ulike måtar. Slike refleksjonar kan vere knytt til ein tematikk eller til kunnskapar ein har om verda. I Kampen mot Superbitchene kan spørsmål som fokuserer på tematikken og kva boka vil fortelje, stimulere elevane til å  reflektere utover teksten. Etter at elevane hadde lese ut heile boka fekk dei desse spørsmåla:

elevoppgaver og svar

I fasen å stige ut av og objektivere leseopplevinga distanserer vi oss frå teksten, og lesaren opptrer som kritikar og analytikar av teksten. Vi koplar det vi har lese til andre tekstar eller opplevingar, eller til forfattaren sitt handverk og måtar å skrive og fortelje på. Spørsmål ein kan stille i denne fasen er: Er det noko du legg merke til med språket i boka? Korleis snakkar personane? Minner dette deg om noko du har høyrt/lest/ sett tidlegare?


Forfatteren bruker et ungdomsspråk og bruker også noen engelske ord som for eksempel shitface, loser og weirdo. Jeg tror hun bruker slikt språk for at det skal virke mer realistisk, og at ungdommer kan kjenne seg igjen. Språket får fram en frekk stemning. Men hun bruker også humor og har mange morsomme beskrivelser i boken. Nils og Anne Bea har på en måte litt svart humor.

Elev på 7. trinn

Språkbruken til personene i «Superbitchene» er at de «populære» legger mye sinne i det de sier til andre. For eksempel «Shirin så på meg med øyne som kjellerhull. Sånne som deg skulle ikke en gang vært født.» Det er veldig ekstremt og slemt sagt.

Elev på 7. trinn

Jeg legger merke til måten Thea og de snakker på, fordi de snakker på en måte som er litt sånn bortskjemt, rik og moderne dårlig ordforråd.

Elev på 7. trinn

Denne boka minner meg om serien Mean girls. De har på en måte samme dramaet.

Elev på 7. trinn

Refleksjonar

Spørsmåla og arbeidsmåten engasjerte elevane og hjelpte elevane inn i boka slik at det blei lettare å tolke og lese mellom linjene. Kjennskap til korleis Langer deler leseprosessen inn i fasar tydeliggjorde for meg korleis elevane opplever lesinga i klasserommet. I dei to første fasane fokuserte vi på sjølve førestillingsverda, medan vi i tredje fase fokuserte på teksten sin tematikk og relevans i eigne liv. I den fjerde fasen reflekterte vi over kva alt kan bety, og korleis og kvifor det fungerer saman i teksten.

Å bruke loggbok som reiskap for tanken var eit nyttig verktøy under og etter lesing. Det at elevane fekk moglegheit til å uttrykkje seg ved å skrive ned sine tankar danna eit fint utgangspunkt for den litterære samtalen. Den skriftlege forma kan og framkalla ei presisjon som er tydlegare enn når elevane snakkar sjølv, og såleis kan loggen fungere som eit støttande stillas i samtalen.

Skissa under viser alle dei planlagde lesestoppa med tilhøyrande spørsmål.

Framdrift i bokaSpørsmålLanger sine fasar
Studere tittel og framside på boka.Kva ser dykk på framsida. Beskriv personane på omslaget, korleis er dei plassert i forhold til kvarandre? Kva forhold trur du personane har til kvarandre? Er det samanheng mellom tittel og bilete?Å vere utanfor på veg inn.
Lesestopp etter s. 15    Kva trur du denne skildringa vil fortelje?   Kvifor trur du desse skildringane finst i teksten? Er det noko spesielt du legg merke til med språket i utdraget? I tilfelle kva?Å vere utanfor på veg inn.     Å stige ut og objektivere leseopplevinga    
Lesestopp s. 30.Kva trur du det betyr når det i teksten står: ”Jeg er ikke albino. Jeg er født med albinisme”Å vere i å bevege seg gjennom
Lesestopp s. 54Kva trur du det betyr når det i teksten står: ”Kjipt?! ” fnyste jeg.  ”Vær heller glad for at du bare er homo! Det kunne tross alt vært verre”Å vere i å bevege seg gjennom
Lesestopp s. 52- 60 (Radarparet)Er det noko du legg spesielt merke til i dette utdraget?Å vere i og bevege seg gjennom
Lesestopp s. 68- 79 (Randevuuu)Korleis reagerte du på utdraget? Elevane fekk nokon startarar: Det gjorde inntrykk på meg...fordi Eg blei irritert over...fordi Eg blei glad når....fordi Eg blei skuffa over.... fordi Eg blei overraska over .....fordi   Førestill deg at du er elev i denne klassa. Korleis hadde du oppført deg, og kva hadde du gjort?Å stiga ut og tenkje over det ein veit
Lesestopp etter s. 110Korleis vil du beskriva hovudpersonane Anne Bea og Nils?Å vere i og bevege seg gjennom
Lesestopp s. 173-178 (Kjellerhull)Er det noko du legg merke til med språket i forteljinga. Korleis snakkar personane?  Kvifor trur dykk forfattaren har valt å la jentene bruke slike ord?Å stige ut og objektivere leseopplevinga
Lesestopp etter s. 208Er det noko spesielt du legg merke til med språket i utdraget? I tilfelle kva? Kvifor trur du denne skildringa finst i teksten?Å stige ut av og objektivere leseopplevinga.
Lesestopp s. 220Kva trur du det betyr når det i teksten står: ”Moren til Nils er ikke som andre mødrer jeg vet om. Det er alltid Nils som går til butikken for å handle, for eksempel”Å vere i å bevege seg gjennom
Les ut bokaEr denne teksten trist, morosam? Kvifor? Blei du sint på glad i nokon av personane?   Kvifor trur du denne teksten er skriven akkurat slik? Kva vil teksten fortelje deg? Var det noko som overraska deg? I tilfelle kva og kvifor?Å stige ut av og tenkje over det ein veit. Å stige ut av og tenkje over det ein veit

Referanser

[1] Fuglestad, U., Hoem, T. F. & Håland, A. (2017). God leseplanlegging. Oslo: Cappelen Damm AS
[2] Langer, J. A. (2005). Litterära föreställingsvärldar: litteraturundervisning och litterär förståelse. Gøteborg: Daidalos.
[3] Håland, A. & Hoel, T. (2016). Leseopplæring i norskfagets begynneropplæring med fokus på fagspesifikk lesekompetanse. Nordic Journal og Literacy Research, 2, 21-36. http://dx.doi.org/10.17585/njlr.v2.195

Leseplanleggeren

Leseplanleggeren gir en rød tråd fra målene i læreplanen til aktivitetene i timene.

Leseplanleggeren er utviklet av fagpersoner og forskere ved Lesesenteret som alle har lang erfaring med undervisning i grunnskolen og forsknings- og utviklingsarbeid på skolefeltet.