Hopp til hovedinnhold

Nytt prosjekt skal forske på rasisme i lærarutdanningene med VR-teknologi

Høgskolen i Innlandet leiar eit samarbeidsprosjekt som skal bruka blant anna VR-teknologi for å avdekke eventuelle rasistiske haldningar i norske lærarutdanningar.

Publisert: Endret:
Dette bildet har et tomt alt attributt
Høgskolen i Innlandet leiar eit samarbeidsprosjekt som har fått 12 millioner kroner i støtte frå Norges Forskningsråd (Illustrasjonsfoto: Getty Images).

«Critical Examination of Race and Racism in Teacher Education (CERiTE)» blir støtta av Norges Forskningsråd med 12 millionar kroner, og starta i september i fjor.

Høgskolen i Innlandet (HINN) er koordinator for prosjektet, som er eit samarbeid med samarbeid med Høgskolen i Østfold, Elverum kommune, Nansen fredssenter, Norsk Utvandrermuseum, Glomdalsmuseet, Ransfjordmuseet og FYND Reality.

I løpet av fire år er målet å finne ut korleis rasisme kan komma til uttrykk i lærarutdanningsfeltet.

«Prosjektet er nyskapende i den forstand at det bringer sammen aktører fra en bred representativ gruppe i offentlig og privat sektor, og ønsker å bruke VR-program som et utdanningsverktøy for å identifisere og håndtere rasisme, og museer som alternative læringsarenaer,» uttaler førsteamanuensis og prosjektleiar Prisca Bruno Massao i eit intervju på HINNs nettsider.

Les meir om prosjektet på Høgskolen i Innlandet sine nettsider!