Hopp til hovedinnhold
1 resources
Nærbilde av en hvit Playstation 4-kontroller
Forskningsnotat

Spelifisert læring i høgare utdanning

Teknologien i klasseromma inspirerer mange til å utforska undervising på digitale plattformar som supplement til tradisjonell klasseromsundervising og førelesingar. Desse plattformene gjev undervisarar store moglegheiter til å innføra spelifiserte læringsformer som har vist seg å fanga interesse, verka motiverande på studentane og fremma konkurranse, effektivt samarbeid og kommunikasjon. Spelifisering er ein måte å gjera undervisinga meir engasjerande på og treng ikkje å henga saman med bruk av analoge eller digitale spel i det heile.