Hopp til hovedinnhold

Overgangar frå barne- til ungdomsskole

Denne studien ser nærmare på barn sine erfaringar, både gode og dårlege, i overgangen frå barne- til ungdomsskolen. Studien undersøker òg kva slags faktorar som beskyttar mot dårlege opplevingar eller fremmer gode opplevingar i overgangsperioden.

Publisert: Endret:
Forskningsnotat
Hva er et forskningsnotat?

Et forskningsnotat er en forenklet og forkortet oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversikter. Forskningsnotatet gjør forskningen mer tilgjengelig og leservennlig.

På tvers av studiane er eleven si kjensle av tilhøyrsle til skolen ein sentral faktor for at overgangen skal være ein emosjonelt og sosialt positiv oppleving.

Fleirtalet av studiane på overgangar frå barne- til ungdomsskule har fokusert mest på risikofaktorar og negative erfaringar hos elevane. Dette systematiske kunnskapsoversynet tek for seg desse aspekta, men det er òg opptatt av positive eleverfaringar og beskyttande faktorar knytt til denne overgangen. Nokre av dei beskyttande faktorane som blir nemnt i studien, er gode sjølvreguleringsevnar hos elevane, individuell tilrettelegging for elevar med særskilte behov, støtte frå familien og gode elev–lærar-relasjonar. Eit fråvær av desse faktorane aukar på same tid risikoen for dårlege erfaringar, negativ åtferd eller låge faglege prestasjonar i starten av ungdomsskolen.

Bakgrunn

Overgangen frå barneskole til ungdomsskole er ei stor endring for elevane og gjer dei dermed sårbare. På same tid kjem dei fysiske og mentale endringane som puberteten bringer med seg. Elevar som kjem skeivt ut i denne overgangen kan få langvarige problem eller utfordringar, både relasjonelt, mentalt og fagleg. Det er derfor viktig at skolane arbeider godt og kunnskapsbasert med å hjelpe elevane til å få gode opplevingar i overgangen frå barne- til ungdomsskolen. Samtidig er det andre aktørar og faktorar som speler inn på korleis overgangen arter seg, blant anna foreldre, medelevar, sosioøkonomisk status og tidlegare opplevingar med mobbing. Det er derfor viktig å vite korleis heile økosystemet til den enkelte elev kan bidra til ein god overgang.

Elevar går til skulebygg
Studien ser nærmare på erfaringane barn har, både gode og dårlege, når det gjeld overgangen frå barne- til ungdomsskolen. (Foto: Getty Images)

Føremål

I det systematiske kunnskapsoversynet som blir presentert her, undersøker forskarane kva slags faktorar som speler positivt og negativt inn på elevane sine erfaringar i overgangen frå barneskolen til ungdomsskolen. Den systematiske kunnskapsoppsummeringa tek utgangspunkt i tre forskingsspørsmål (vår omsetting):
Kva seier internasjonal forskingslitteratur om

  1. barn og unge sine erfaringar med overgangen frå barneskole til ungdomsskole?
  2. innverkinga av denne overgangen på elevane sine akademiske resultat og kjensla av velvære?
  3. faktorar som påverkar overgangen i positiv eller negativ retning?

Inkluderte studiar

For å bli inkluderte i kunnskapsoversynet måtte studiane vere (a) fagfellevurderte og (b) publiserte mellom 2008 og 2018 (c) på engelsk. Dei måtte òg (d) svare direkte på forskingsspørsmåla og (e) vere empiriske (men dei kunne være kvalitative , kvantitative eller ha eit mixed-methods-design ).
Til saman 96 studiar blei inkluderte i den systematiske kunnskapsoppsummeringa. Studiane var frå Storbritannia (n = 34), USA (n = 26), Australia (n = 15), Irland (n = 3), Norge (n = 3), Nederland (n = 2), Canada (n = 2), Israel (n = 2), Finland (n = 1), Tyskland (n = 1), Italia (n = 1), Peru (n = 1), Sør-Afrika (n = 1) og Spania (n = 1). Tre av studiane var tverrnasjonale og ni av studiane var systematiske kunnskapsoversyn. Studiane hadde utvalsstørrelsar på mellom 101 og over 1000 barn. Studiane som henta data frå foreldre eller skuletilsette, opererte med mindre utval, og berre eit fåtal av dei hadde utval som oversteig 100 informantar.

Elever diskuterer i klassen
Sosiale relasjonar til medelevar var det viktigaste grunnlaget for både positive og negative erfaringar i overgangen frå barne- til ungdomsskolen. (Foto: Getty Images)

Resultat

Forskingsspørsmål 1:

Overgangen frå barneskolen til ungdomsskolen er komplisert og involverer både foreldre, eleven sjølv, medelevar og skulen sine tilsette. Dessutan verker òg det fysiske, psykiske og faglege arbeidsmiljøet ved ungdomsskolen inn på den nye eleven, samt at negative avvik mellom skolekvardagen på barneskolen og på ungdomsskolen vil kunne bidra til at overgangen blir opplevd som ei negativ erfaring.

Relasjonar til medelevar

Sosiale relasjonar til medelevar var det viktigaste grunnlaget for både positive og negative erfaringar i overgangen frå barne- til ungdomsskolen. Både elevane og foreldra vurderte i hovudsak overgangen i dette perspektivet, og begge grupper var meir bekymra for elevane sine relasjonar på ungdomsskolen enn for dei faglege prestasjonane deira. Erfaringane som gjorde skoleovergangen til ei positiv oppleving, var moglegheiter for å få nye venner, ha ei større gruppe medelevar å velje venner frå, moglegheiter til eit identitetsskifte og tilgang til venner med same identitet, og moglegheiter til å få eldre venner. Sistnemnde blei sett på som ein markør for sjølvtillit.

Bekymringar og erfaringar som gjorde overgangen vanskeleg, var det å skiljast frå gamle venner, problem med å få nye venner (spesielt viss eleven hadde erfaring med slike problem frå tidlegare), bekymring for å bli mobba og bekymring for å måtte vere rundt større og eldre elevar.

Relasjonar til lærarar

Positive erfaringar med ungdomsskolelærarar var knytt til lærarar som hadde tydelege strukturar og rutinar, noko som var spesielt viktig for barn på autismespekteret, og lærarar som var dynamiske, gøyale og kunnskapsrike. Før overgangen handla bekymringane om at lærarane på ungdomsskolen ville vere strengare, at dei ville ha andre pedagogiske tilnærmingar enn barneskolelærarar, at ungdomsskolelærarane ville ha ei negativ haldning til eleven, at læraren og eleven ikkje ville klare å utvikle eit respektfullt og tillitsprega forhold, samt at ungdomsskolelæraren ville ha høgare, utydelege og uføreseielege forventingar og reglar. Artikkelforfattarane understrekar at desse bekymringane primært kom til uttrykk før overgangen hadde skjedd og at dei derfor ikkje er for erfaringar å rekne, men elevbekymringar som det er nyttig for skolane å vite om.

Positive erfaringar med ungdomsskolelærarar var knytt til lærarar som hadde tydelege strukturar og rutinar, noko som var spesielt viktig for barn på autismespekteret, og lærarar som var dynamiske, gøyale og kunnskapsrike. 

Den systematiske kunnskapsoppsummeringa inkluderte for få langsgåande studiar til å kunne slå fast noko om elevane sine bekymringar før overgangen blei justert etter overgangen. Resultata frå ein av dei langsgåande studiane indikerer at dei positive erfaringane i overgangen er kortvarige, men at dette mellom anna kan ha å gjere med ei auke i konfliktnivå mellom lærar og elev over tid på grunn av pubertet og utvikling å gjere. Det trengs altså fleire langsgåande studiar for å kunne seie meir om korleis det går med elevane ei tid etter overgangen.

Fysisk læringsmiljø

Nokre elevar rapporterte etter overgangen om positive erfaringar med det å inngå i fleire klassar enn ein, med å vere ein del av ein større elevmasse og dermed få fleire moglegheiter til å få bygge nye vennskap, og å vere på ein skole med tilgang til fleire ressursar. På den andre sida rapporterte elevar òg om problem med å handtere den nye og større skolen, uro for å gå seg bort i vekslinga mellom klassar og dermed hamne i konflikt med læraren (spesielt knytt til elevar på autismespekteret), og bekymringar for skolevegen/skoletransport. Elevar med tilleggsvanskar, til dømes autismespekterlidingar, rapporterte òg at dei strevde med lydnivået og trengsla som prega ungdomsskolen.

Fagleg læringsmiljø

Av dei positive erfaringane knytt til det nye læringsmiljøet på ungdomsskolen nemnde elevane større faglege utfordringar, moglegheiter for sjølvutvikling på grunn av ein meir variert læreplan, og ei kjensle av å modnast og vekse gjennom meir ansvar. Ein studie fant indikasjonar på at også desse positive erfaringane var kortliva. Av negative overgangserfaringar blei det nemnt manglande samanhengar mellom læreplanar og manglande fagleg måloppnåing, auka faglege utfordringar og ansvar, samt meir lekser. Leksebyrda synest å kunne vere eit resultat av manglande kommunikasjon mellom faglærarar, slik at lærarane ikkje innsåg den totale byrden som blei lagt på eleven, eventuelt at leksene hopa seg opp på til dømes same dag. Elevar uttrykte òg bekymring for vurderingsmetodane i ungdomsskolen.

Psykisk læringsmiljø

Få av studiane undersøkte psykiske erfaringar av overgangen frå barne- til ungdomsskolen. Av dei resultata som kan nemnast, er ein reduksjon i kjensla av tilhøyrsle til skolen, men det blir peikt på at dette kan stabilisere seg over tid. Overraskande nok viste ein av studiane at i motsetnad til gjennomsnittseleven fekk fleire elevar på autismespekteret, som hadde lågare kjensle av tilhøyrsle enn medelevane på barneskolen, ei auka kjensle av å høyre til når dei starta på ungdomsskolen.

Lærer står foran elever i klasserom
Elevane rapporterte om ein nedgang i motivasjon og engasjement etter overgangen til ungdomsskole. Dette resultatet blir støtta av dokumentasjon på auka elevfråvær, ei negativ haldningsendring til læring og dårlegare faglege resultat, heiter det i studien. (Foto: Getty Images)

Elevane rapporterte om ein nedgang i motivasjon og engasjement. Dette resultatet blir støtta av dokumentasjon på auka elevfråvær, ei negativ haldningsendring til læring og dårlegare faglege resultat. Ein av studiane, som involverte 8908 deltakarar (elevar), nyanserer fråværsbiletet: (1) Elevar som begynte på større ungdomsskolar og (2) som ved utgangen av barneskolen og starten på ungdomsskolen hadde lærarar med høg profesjonell kompetanse, auka frammøtet, mens (3) elevar som begynte på ungdomsskolar med (4) stort etnisk mangfald, og (5) lågare sosioøkonomisk status enn barneskolen dei gjekk på, hadde ei auke i fråvær på ungdomsskolen. Forskarane bak kunnskapsoppsummeringa åtvarar samstundes mot å sjå frammøte som eit teikn på engasjement og motivasjon eller som eit teikn på ein positiv skoleovergang.

Forskingsspørsmål 2:

Overgang og læring

Eit mindretal av elevane presterte fagleg dårlegare etter overgangen til ungdomsskolen. Ein del av desse var elevar med særskilte behov som ikkje fekk den oppfølginga dei trengde. I tillegg opplevde ein del elevar eit høgare nivå av uro og angst i løpet av første skoleåret på ungdomsskolen. Slike negative kjensler er sterkt knytt til lågare faglege prestasjonar. I tillegg kjem auka i fråvær og reduksjonen av motivasjon og engasjement, som begge har ei negativ innverknad på skuleprestasjonar. Artikkelforfattarane påpeiker at mange elevar og foreldre har hovudfokus på de sosiale og relasjonelle aspekta i overgangen frå barne- til ungdomsskole framfor på det faglege, og at det faglege prestasjonsnivået derfor kan rette seg opp på sikt, om eller når det sosiale og relasjonelle fell på plass.

Overgang og velvære

Ein del elevar opplever at overgangen til ungdomsskolen har ein positiv innverking på livskvaliteten deira. Elevane forklarar ei slik auke med at behovet dei hadde for autonomi og tilhøyrsle blei møtt. Kunnskapsoppsummeringa peiker òg på at ungdomsskoleelevane tilpassar seg den nye skolekvardagen mentalt relativt raskt. Det å kunne tilpasse seg nye omstende, ei komponent av emosjonell intelligens, er den aller viktigaste faktoren for å klare seg godt i utdanningsløpet. Ein av dei inkluderte studiane rapporterte svært gode resultat av bruk av mentor i skoleovergangen for barneskoleelevar som var identifisert som i risikosona for å få ein negativ overgang.

For nokre elevar var overgangen ei negativ oppleving som førte til at kjensla av tilhøyrsle sank og at dei utviste eit negativt åtferdsmønster. På grunn av den sterke samanhengen mellom ei kjensle av tilhøyrsle og god mental helse peiker forskarane på det problematiske ved dette resultatet. I tillegg viser kunnskapsoppsummeringa at elevar som erfarte overgangen som vanskeleg, fekk eit skoleløp prega av eit dårlegare sosialt liv og dårlegare mental helse. Dette gjaldt spesielt elevar med særskilte behov. Denne elevgruppa rapporterte òg høgare nivå av angst både før, under og etter overgangen, samt låge kjensler av tilhøyrsle. Universelle tiltak retta mot å sikre ein god overgang for gjennomsnittseleven var heller ikkje like effektive for denne gruppa.

Lærer hjelper elever i klasse
Ein del elevar opplever at overgangen til ungdomsskolen har ein positiv innverking på livskvaliteten deira. Elevane forklarar ei slik auke med at behovet dei hadde for autonomi og tilhøyrsle blei møtt. (Foto: Getty Images)

Forskingsspørsmål 3:

Barn samhandlar med omgjevnadene for å skape/finne faktorar som kan beskytte dei mot negative erfaringar og opplevingar. Dei samhandlar òg med risikofaktorar, enten ved å prøve å unngå dei eller ved å ta dei i bruk. Dette gjeld spesielt i overgangar. Slike faktorar er dynamiske og endrar seg over tid og situasjonar, men kunnskapsoppsummeringa har identifisert beskyttande faktorar og risikofaktorar som ofte er i spel i overgangar frå barne- til ungdomsskolen.

Faktorar knytt til eleven

Evne til sjølvregulering av negative kjensler, evne til å løyse sosiale og kontekstuelle problem, evne til å etablere positive og langvarige vennskap, tro på seg sjølv, læringsglede, ei kjensle av tilhøyrsle til skolen, frammøte og aukande fagleg engasjement er alle beskyttande faktorar som kan hjelpe til å gjere overgangen til ei positiv erfaring. Felles for desse faktorane er at dei ikkje er interne faktorar i eleven – dei trer fram i eleven sitt samspel med omgjevnadene på skolen. Det er derfor viktig at skolen har disse faktorane i mente når dei legg til rette for overgangen. I tillegg er viktig at eleven har positive forventingar til den nye skolen, og at forventingane blir innfridd. Kunnskapsoppsummeringa avdekka at avvik mellom forventingar og verkelegheit har ein negativ innverking på sjølvtilliten til eleven. Elevar med særskilte behov eller minoritetsbakgrunn (sosioøkonomisk, språkleg, etnisk og liknande) er spesielt sårbare for blant anna å utvikle angst og for å bli mobba. Studiane som undersøkte tiltak for denne elevgruppa, konkluderer med det er viktig å identifisere desse elevane tidleg og å skreddarsy overgangen til den enkelte elev, samt at dei får tilbod om meir langvarige tiltak enn resten av elevmassen.

Faktorar knytt til medelevane

Korleis dei vil bli tatt imot av nye medelevar, er ei av dei største bekymringane for elevar som skal frå barneskolen til ungdomsskolen. Elevar med låg sosioøkonomisk status var spesielt bekymra for dette. Som ein kunne vente seg, speler vennskap og gode relasjonar til medelevar ei viktig rolle for at overgangen skulle bli ei positiv oppleving. Dessutan peiker fleire av studiane i retning av at gode relasjonar beskyttar mot dårlege faglege resultat, men ikkje for dei som ved overgangen allereie presterer lågt. Elevar som flytta med deler av barneskoleklassen, behaldt gamle venner, men fekk òg nye. Dette mønsteret såg ein ikkje blant elevar som flytta med heile klassen eller berre med ein eller to medelevar frå den førre skolen.

Faktorar knytt til familien

Kunnskapsoppsummeringa indikerer at familierelasjonar har større innverknad på skoleovergangen enn relasjonar til medelevar. Stabile heimeforhold, støttande og engasjerte foreldre, søsken på den nye skolen og foreldre som fremmer sjølvstendet og autonomien til barnet er viktige faktorar for å bygge sjølvtillit og for å redusere fare for negativ åtferd og utvikling av depresjon i skoleovergangen. Å involvere foreldrane i overgangen, til dømes gjennom foreldre–lærar-samarbeid, legger òg til rette for ein god overgang.

to gutter og en jente arm i arm ved gressplen
Kunnskapsoppsummeringa indikerer at familierelasjonar har større innverknad på skoleovergangen enn relasjonar til medelevar. (Foto: Getty Images)

Faktorar knytt til læraren

Læraren har stor innverknad på overgangen, enten positivt eller negativt. Lærarar som er støttande og viser omsorg, som klarer å skape gode elev–lærar-relasjonar og som er villige til å gi frå seg ein del av kontrollen med overgangen til elevane og foreldra, bidrar positivt i overgangen. Det gjer òg lærarar som oppmuntrar til læring og fagleg forståing, som støtter den individuelle elev, som er tolmodige når eleven gjer faglege feil og som bygger meistringstru hos eleven. Lærarar som fokuserer på karakterar, som samanliknar elevane sine prestasjonar, eller som tolererer elevane sin prøving og feiling dårleg, skadar overgangen. Glede og engasjement er viktig for å tilpasse seg den nye faglege og sosiale kvardagen, og her spelar læraren ei viktig rolle.

Stor leksebyrde er ei hovudårsak til redusert motivasjon blant elevane. Vanskelege lekser verkar i følgje kunnskapsoppsummeringa ikkje så demotiverande som mykje lekser. Forskjellar mellom faglærarar sine faglege forventingar, fragmenterte eller usamanhengande læringsopplegg, lærarane sine disiplineringspraksisar og det å måtte forhalda seg til mange lærarar har ei negativ effekt på overgangen.

Faktorar knytt til skolen

Størrelsen på skolen påverkar overgangen på fleire vis. Elevar som flyttar til ein ungdomsskole som er større enn barneskolen, presterer dårlegare fagleg og har meir fråvær. Elevar ved middelsstore ungdomsskolar (375–975 elevar) presterer betre enn elevar ved større skoler. Nokre elevar tener likevel på å flytte til ein ungdomsskole som er større enn barneskolen. Dette gjeld spesielt for elevar med låg sosioøkonomisk status, då dei på ungdomskolen får fleire elevar å finne vener blant, noko som igjen kan auke kjensla av tilhøyrsle. Generelt verkar det òg som elevar ved 1–10-skular gjer det fagleg betre, men elevar som startar på ny skole når dei når ungdomstrinnet, får moglegheiter til å få nye venner, samt at dei blir meir sjølvstendige. På tvers av studiane er eleven si kjensle av tilhøyrsle til skolen ein sentral faktor for at overgangen skal være ein emosjonelt og sosialt positiv oppleving.

Implikasjonar

Skolen har eit stort ansvar når dei skal sende frå seg og ta imot elevar i overgangen frå barneskole til ungdomsskolen. Ikkje berre er overgangar vanskeleg i seg sjølve, men elevane er òg i ei sårbar tid i livet. Resultata av dei 96 studiane som er inkluderte i dette kunnskapsoversynet, sprikar til dels, men kunnskapsoversynet slår likevel fast at foreldre og skolen er sentrale for korleis elevane erfarer skoleovergangen. Vidare understrekar artikkelforfattarane at korleis elevane har det, oppfører seg og presterer, ikkje er statiske fenomen – dei kan endrast med den rette støtta og hjelpa. Tilrettelegging for særleg sårbare elevar er svært viktig i overgangen frå barne- til ungdomsskolen, og det er viktig at dei får behalde tilrettelegginga så lenge dei treng den. Noko som gjeld alle elevar og som vernar dei mot blant anna negativ åtferd, angst og depresjon, einsemd og ein nedgang i faglege prestasjonar etter overgangen, er ei kjensle av tilhøyrsle ved den nye skolen.

referanse:

Jindal-Snape, D., Hannah, E. F. S., Cantali, D., Barlow, W. & MacGillivray, S. (2020). Systematic literature review of primary–secondary transitions: International research. Review of Education 8(2); 526–566. DOI: https://doi.org/10.1002/rev3.3197