Hopp til hovedinnhold
Fakta

Kunnskapssenter for utdanning ble en del av Universitetet i Stavanger (UiS) 1. september 2019.

Kunnskapssenter for utdanning har som hovedoppgave å øke kvaliteten i hele utdanningssektoren, fra barnehage til høyere utdanning.

– Lærere og studenter har behov for at kunnskap blir kommunisert på måter som er tilgjengelige.
Kunnskapssenter for utdanning samanstiller all publisert forsking:

Systematiske kunnskapsoversikter

Ein systematisk kunnskapsoversikt har som mål å samanstille all empiri som svarer på eit gitt forskingsspørsmål, og som passer inn i pre-definerte kriterium for inklusjon.

Foto: Getty Images.

Det som karakteriserer systematiske kunnskapsoversikter er at dei har eit klårt formulert forskingsspørsmål med definerte kriterium for inklusjon og eksklusjon; eit systematisk og grundig litteratursøk; kritisk vurdering av inkluderte studiar; datagrunnlag frå studiane som er inkluderte; analyse og tolking av resultata, og rapportering.

Å ha god oversikt over aktuell forskingslitteratur er ei umogleg oppgåve for dei som skal utforme utdanningspolitikk, for praktikarar og for folk flest. Korleis kan vi raskt få oversikt over eksisterande forsking, korleis den er utført og kva den har kome fram til?

Systematiske kunnskapsoversikter er ein eigen forskingssjanger som skal bidra til å sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for god politikkutforming og praksis i utdanningssektoren. Fordelen er at dei gir eit betre kunnskapsgrunnlag for avgjersler enn einskilde studiar. I systematiske kunnskapsoversikter brukar forskarar ein systematisk og open prosess for å finne dei mest relevante forskingsbidraga frå eksisterande forsking til å belyse eit forskingsspørsmål. Ut frå fastsette kriterium for inklusjon og eksklusjon finn ein fram til dei mest sentrale artiklane med omsyn til forskingsspørsmålet.

Alle artiklane som inngår i ein systematisk kunnskapsoversikt, blir lagt inn i eit skjema for samanlikning av artiklane. Vi kallar dette skjemaet for ein protokoll.  Det blir laga ein protokoll for kvar studie og den inneheld dei områda som er relevante å samanlikne på tvers av, t.d. problemstilling, metode, tal på informantar, funn osb. frå kvar enkelt artikkel. Vanlegvis vil minst to forskarar uavhengig av kvarandre gjere dette, før dei diskuterer resultatet med kvarandre. Protokollen blir publisert som del av rapporten.

Behovet for kunnskapsoversikter er aukande. Å skrive fram ei god oversikt er krevjande arbeid, og ein reknar med at ein grundig og omfattande systematisk kunnskapsoversikt tar minst 18 månader å produsere. Derfor er det mye som skjer innan teknologien for å gjere søkeprosesser og arbeidet med å identifisere relevante studiar raskare utan å vere av dårlegare kvalitet. Grant & Booth (2019) har identifisert 14 ulike former for kunnskapsoppsummeringar som alle har ulike mål. Dei har også tatt med kunnskapsoversikter som ikkje inneber kvalitetsvurderingar eller kriterium for inklusjon og eksklusjon, og dermed er det ikkje alle som fell inn under kategorien systematiske oversikter.

Innan feltet systematiske oversiktar er det også ulike slag. Nokre av dei mest vanlege er:

  • Mapping review/kartleggingsstudie: Ei oversikt over eit forskingsfelt som t.d. kan gi svar på spørsmål om styrker og svakheiter i forsking, eller kor vi har mykje eller lite forsking, eller kva som blir framheva i forsking fram til i dag.
  • Meta analyse: Numerisk analyse av effektmål på tvers av mange studiar, som har som mål å få fram meir eintydige svar om effekt av tiltak, eller kva veit vi om effektar.
  • Rapid review/rask oversikt: Ei tidsavgrensing for søk blir satt, men sjølve arbeidet med oversikten er grundig og systematisk.
  • State-of-the-art review: Kva er det som skjer på forskingsfeltet innan eit gitt tema akkurat no? Her kan ein også inkludere forsking som er i gang, men som ikkje er publisert.
  • Kvalitativ systematisk oppsummering: Disse kan bruke ei selektiv utveljingsprosess eller ein metode vi kallar «purposive sampling». Målet er å få fram kva bodskap det empiriske materialet har for praksis. Rapporten vil være narrativ heller enn numerisk eller i tabellform.
  • Systematisk kunnskapsoppsummering: Skal ha vidtrekkande søk utan tidsavgrensing og skal gje svar på kva vi veit om eit tema og råd for praksis, pluss kva som er usikkert.

Referanse: Grant M.J. og Booth, A. (2019). A typology of reviews: an analysis of 14 review types and associated methodologies. Health Information Library Journal, 26(2):91-108. doi: 10.1111/j.1471-1842.2009.00848.x.

Fra forskningen

Fører utdannelse til høyere intelligens?

Forskning på kognitive ferdigheter indikerer at det er en sammenheng mellom mengde utdanning og resultater på tradisjone...

Internasjonal dag mot vold, mobbing og nettmobbing blant barn og unge

Kunnskapssenter for utdanning har samlet kunnskapsoversikter som kan gi lærere og ledere i grunnopplæring støtte i det v...

De yngste barna i skolen: Lek og læring, arbeidsmåter og læringsmiljø

Forskningskartleggingen "De yngste barna i skolen: Lek og læring, arbeidsmåter og læringsmiljø" er utarbeidet på oppdrag...

Elevsentrert undervisning

Tilpassa undervisningsmetodar som tar omsyn til elevane sine individuelle behov, evner og interesser, har positiv effekt...

Hvordan redusere utbrenthet blant lærere?

Utbrenthet blant lærere er et problem for skolene og elevene, og ikke minst for den utbrente læreren selv. Hva er det so...

Traumeorienterte tilnærminger i skolen

Det er et behov for mer forskning på traumeorienterte tilnærminger i skolen. Skoleledere, beslutningsmyndigheter og skol...

Læringseffekten av elevsamarbeid

Korleis gruppene er satt saman gjev ikkje utslag for læringa. Det viktigaste er at gruppa får beskjed om å jobba mot eit...

Spelifisert læring i høgare utdanning

Teknologien i klasseromma inspirerer mange til å utforska undervising på digitale plattformar som supplement til tradisj...

Intervensjoners innvirkning på å planlegge, organisere, og utføre oppgaver

Barns evner til å planlegge, organisere og utføre oppgaver er svært viktige i skolesammenheng. Disse evnene kalles eksek...

Hvordan skape inkluderende fellesskap for barn med autisme?

I et utdanningssystem hvor et hovedmål for barnehager og skoler er å skape inkluderende fellesskap for læring og utvikli...

Omvendt undervisning i matematikk

Det er en økende interesse for å ta i bruk omvendt undervisning («flipped classroom») som undervisningsmetode. Mange ele...

Aktuelt

—Beslutninger skal tas på basis av kunnskap

Årsmøte og konferanse i Norsk Nettverk for Systematiske Kunnskapsoppsummeringer (NORNESK)

Overtar ansvaret for skandinavisk barnehageforskningsdatabase

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) er blitt tildelt ansvaret for Nordic Base of Early Childhood Education and Care (NB-...

Praksisopplæring i lærerutdanninger i Norge

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har overlevert en rapport til UHR-Lærerutdanning som inneholder en oversikt over for...

Fagskoleutvikling i et digitalt landskap

Kunnskapsdepartementet henvendte seg til Kunnskapssenter for utdanning (KSU) for å få en oversikt over relevant forsknin...

Får oversikt som studentassistentar

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) vil med sine kunnskapsoversikter skape nettopp det som ligg i ordet; oversikt. Eit v...

Ho endrar forutsetnadene for systematiske kunnskapsoppsummeringar

Tamara Kalandadze ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU), Universitetet i Stavanger, er del av eit internasjonalt team ...

Senterstyre

2019-2022

Ansatte

51833530
Kunnskapssenter for utdanning
Senterleder
51832952
Kunnskapssenter for utdanning
1011 Førsteamanuensis
51832943
Kunnskapssenter for utdanning
Førsteamanuensis
Kunnskapssenter for utdanning
1011 Førsteamanuensis
Kunnskapssenter for utdanning
Spesialrådgiver
51834593
Kunnskapssenter for utdanning
Rådgiver
51833408
Fakultetsadministrasjonen UH
1054 Kontorsjef
Fakultetsadministrasjonen UH
Rådgiver
Kunnskapssenter for utdanning
Førsteamanuensis