Hopp til hovedinnhold

Kva har nettbrett å seie for elevane sine skriveferdigheiter?

Forskingsprosjektet DigiHand svarar på behovet for meir kunnskap om digitalisering i barneskulen.

Publisert: Endret:

Handskriftsutvikling i ein digital skulekvardag

DigiHand undersøker korleis handskrifta utviklar seg blant elevar som lærer å skrive på tastatur i første klasse, og elevar som først lærer å skrive for hand.

I mange førsteklasser i Noreg har skulen innført nettbrett, mens andre fortsatt lærer å skrive for hand frå første skuledag. (Illustrasjonsfoto: Getty)

I mange førsteklasser i Noreg har skulen innført nettbrett, der elevane først lærer å skrive på tastatur, for så i andre klasse å starte med handskriftsopplæringa. I andre klasserom er det fortsatt den tradisjonelle praksisen som gjeld, der elevane lærer å skrive for hand frå første skuledag, anten i kombinasjon med nettbrett eller med andre digitale verktøy. Det har vore lite forsking på fordelar og ulemper ved dei ulike praksisane, men erfaringar tyder på at elevar i ulike vilkår lærer å skrive for hand.

DigiHand undersøkjer korleis bruken av ulike skriveverktøy påverkar læraren sin praksis og elevane i første og andre klasse si handskrift og skriftspråksutvikling. 33 skular (585 elevar) deltek.

Vi vil undersøke korleis handskrifta utviklar seg blant dei forskjellige vilkåra, og kva for undervisningspraksisar som kjem til syne i 33 klasserom gjennom 2 år.

DigiHand er eit samarbeid mellom Lesesenteret, UiS, og Høgskulen i Volda.

Les mer:

Hvordan lærer barn egentlig å skrive?

Forskninga i DigiHand

Les meir hos Noregs Forskingsråd