Kva seier lovverket om elevsamtalen?

Elevsamtalen er lovpålagt, men nokre gonger kan det vera utfordrande for lærar å ta opp tema i samtale med elevar.

Published Sist oppdatert
Elevsamtalen

Elevsamtalen i lovverket

Elevsamtale er her forstått som samtalar mellom lærar og elev der både fagleg og sosialt fokus er vektlagt. Det er lagt til grunn i forskrift til opplæringslova at elevar har rett til minst ein samtale i halvåret. Samtalen inngår som del av retten til undervegsvurdering.

Elevsamtaler kan noen ganger være utfordrende. Foto: Getty Images

Denne formaliserte samtalen skal omhandle elevens faglege utvikling, saman med ei vurdering av orden og åtferd. Vidare løftar forskrifta fram eleven sin rett til dialog om anna utvikling:

Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. (Forskrift til opplæringsloven §3-8.)

Basert på lovgrunnlaget kan elevsamtalen forståast som eit verktøy for relasjonsbygging og klasseleiing, som ein opning for å avklare forventningar og setje nye mål, gje tilbakemeldingar, synleggjere meistring og utvikling og motivere elevar, og som eit utgangspunkt for elevmedverking i vurdering for læring.

Ansvaret for elevsamtalen
Ifølgje forskrift §3-11 har kontaktlærar ansvaret for å gjennomføre halvårssamtalen i fag. Dette ansvaret kan delegerast til faglærar. I ungdomsskulen vil dette vera ein relevant problemstilling, då det er fleire faglærarar inne og det er faglærar som gjennom sin kjennskap til fag og elevens kompetanse kan gje presise tilbake- og framovermeldingar. Den jamlege dialogen med eleven om anna utvikling er det kontaktlærar som har ansvar for (§3-8).

Formalisert eller ikkje?
Elevsamtalen kan forståast som formalisert gjennom ein planlagt samtale mellom elev og lærar med mål om fagleg og sosial utvikling for eleven. I tillegg føregår ein mengde mindre systematiske samtalar mellom lærar og elev, i læringsaktivitetar, i overgangar mellom aktivitetar eller mellom friminutt og time, eller i friminutt.

Desse mindre formaliserte samtalane kan også forståast som del av jamleg dialog om anna utvikling, og kan sjåast som ei sentral side ved både undervegsvurdering og klasseleiing. Særleg er desse daglege samtalane i skulekvardagen viktige for å bygge «sosial kapital» i møte med dei utfordrande samtalane (lenke til filmen?).

Enkelte samtalar er vanskelegare enn andre, anten fordi ein må snakke om utfordrande åtferd i klasserommet, fordi eleven opplever kriser og vanskelege situasjonar i sitt heimemiljø eller fordi eleven har særskilte behov. Ulike situasjonar krev ulike tilpassingar og eventuelt bruk av ulike hjelpeinstansar. Relasjonen som ligg til grunn blir såleis særleg avgjerande i møte med dei utfordrande samtalane, og dannar grunnlaget for den «sosiale kapitalen» ein går inn i samtalen med.

Tekst: førsteamanuensis Randi Myklebust Sølvik

Referansar:
Forskrift til opplæringslova (Lovdata)

Andre korte tekstar og filmar om elevsamtalen:
Jensen, R. & Leirvik, C.H. (2015). Elevsamtalen, læringsdialog og vurdering. Oslo: Gyldendal akademisk.

Limstrand, K. (red) (2010). Elevsamtalen. En metodebok for lærere. PEDLEX Norsk skoleinformasjon.

Film 1: Innleiing om elevsamtalen med Pål Roland og Randi M. Sølvik
Elevsamtalen

Refleksjonsspørsmål knytt til filmen "Innleiing om elevsamtalen"

Den lovpålagde elevsamtalen kan vera utfordrande når lærar og elev ikkje har ein god relasjon. Her samtalar Randi M. Sølvik og Pål Roland frå Læringsmiljøsenteret om korleis forståing av kommunikasjon og relasjon ligg til grunn for elevsamtalen. Dei forklarar blant anna Robert Pianta sin relasjonsteori og Daniel N. Stern sin teori om «øyeblikkets betydning».

Refleksjonsspørsmål:

To teoretiske tilnærmingar knytt til relasjon og kommunikasjon blir nemnt i denne fagsamtalen: Pianta og kollegaer sin relasjonsteori (Pianta 1999, Pianta m.fl. 2012) og Stern (2007) sin teori om «Øyeblikkets betydning i psykoterapi og hverdagsliv».

  • Korleis kan du som lærar bruke desse teoriane i samtalar med elevar?
  • Kva ved desse teoriane gir meining i ditt møte med elevar?
  • Korleis kan du bruke desse tankane om relasjonsbygging og kommunikasjon i ditt møte med foresatte?


Forslag til litteratur:
Lassen, L. og Breilid, N. (2010). Den gode elevsamtalen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Linder, A. (2012). Dette vet vi om. Å skape gode relasjoner i skolen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Hafen, C.A., Hamre, B.K., Allen, J.P., Bell, C.A., Gitomer, D.H. og Pianta, R.C. (2014). Teaching through interactions in secondary school classrooms: Revisiting the factor structure and practical application of the Classroom Assessment Scoring System-Secondary. Journal of Early Adolescence. doi: 10.1177/0272431614537117 Sjå kort oppsummering av forskingsartikkelen her.

Pianta, R.C. (1999). Enhancing relationships between children and teachers. Washington, DC: American Psychological Association.

Pianta, R.C., Hamre, B.K., Allen, J.P. (2012). Teacher-Student relationships and engagements: Conceptualizing, measuring and improving the capacity of classroom interactions. In: S.L. Christenson, A.L. Reschly & C. Wylie (eds.) Handbook of research on student engagement. New York: Springer.

Stern, D.N. (2007). Her og nå. Øyeblikkets betydning i psykoterapi og hverdagsliv. Oslo: Abstrakt forlag AS.

Film 2: Den utfordrande samtalen med Pål Roland og Randi M. Sølvik
elevsamtalen

Refleksjonsspørsmål knytt til filmen "Den utfordrande samtalen"

Tilpassingar av tid og rom kan vera ekstra viktig når samtalen med elevar er utfordrande. Her diskuterer Randi M. Sølvik og Pål Roland formelle og uformelle samtalar mellom elev og lærar.

Refleksjonsspørsmål:
Denne fagsamtalen framhevar tilpassing av rom og tid som sentrale faktorar i utfordrande elevsamtalar. Tenk over dine formaliserte og systematiske elevsamtalar. 

  • Når opplever du at desse samtalane er utfordrande og kvifor?
  • Korleis kan du innafor din skulekvardag og dine rammer leggje til rette for gode elevsamtalar gjennom tilpassingar av til dømes plassering og tidsrom for samtalane?
  • Kva andre tilpassingar kan du gjere i din kvardag for å imøtegå utfordrande samtalar?


Forslag til litteratur:
Börjesson, M. (2013). Motivasjon, mestring og medfølelse. Om å samtale med tenåringer. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Lassen, L. og Breilid, N. (2010). Den gode elevsamtalen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Løfsnæs, E. (2012). Elevsamtalen som utgangspunkt for tilpasset opplæring. I: Psykologi i kommunen, nr 4, 2012. Fagpressen.

Sølvik, R. (2013). Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko. Eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium. (Doktoravhandling, Institutt for Spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo). Oslo: Universitetet i Oslo. Digital utgåve her.

Film 3: Mange uformelle samtalar med Pål Roland og Randi M. Sølvik
elevsamtalen

Refleksjonsspørsmål knyt ttil filmen "Mange uformelle samtalar"

Den formaliserte elevsamtalen skjer ikkje i eit vakuum, men må sjåast i samanheng med den relasjonsbygging som skjer gjennom heile skuleåret. Her snakkar Pål Roland og Randi M. Sølvik om korleis læraren kan investere i korte samtalar i skulekvardagen. Når ein har bekrefta eleven, er det lettare å ta opp vanskelege tema.

Refleksjonsspørsmål:
Den formaliserte elevsamtalen må sjåast i samanheng med den jamlege dialogen mellom lærar og elev gjennom eitt eller fleire skuleår. Fagsamtalen framhevar korleis ein byggjer sosial kapital i ulike samanhengar og korleis dette igjen verkar inn på dei meir formaliserte elevsamtalane.

Tenk på dine erfaringar frå skulekvardagen. 

  • Korleis opplever du at dine erfaringar og historiar med elevane dannar grunnlaget for den formaliserte elevsamtalen?
  • Gje eit døme på ein situasjon der du opplevde at dine tidlegare erfaringar med eleven gav eit godt grunnlag for den formaliserte elevsamtalen, og eit døme der dine tidlegare erfaringar med eleven ikkje gav eit godt grunnlag for å gjennomføre den formaliserte elevsamtalen.
  • Korleis brukar du kvardagssituasjonar og overgangssituasjonar til å sjå og verdsette utfordrande elevar?


Forslag til litteratur:
Börjesson, M. (2013). Motivasjon, mestring og medfølelse. Om å samtale med tenåringer. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Lassen, L. og Breilid, N. (2010). Den gode elevsamtalen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Sølvik, R. (2013). Friluftsliv som sosialt læringslandskap for ungdom i risiko. Eit fenomenologisk-inspirert kasusstudium. (Doktoravhandling, Institutt for Spesialpedagogikk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo). Oslo: Universitetet i Oslo. Digital utgåve her.

Du vil kanskje lese mer om dette også?