Hopp til hovedinnhold

Lærarstøtta elevstyrt læring - autonomistøtte i klasserommet

Autonomi er eit av områda som er avgjerande for å forstå elevane sin motivasjon og engasjement i læringsaktivitetar. Autonomi er evna til å tenke, føle og ta avgjersler på eiga hand.

Publisert: Endret:

Autonomi kan definerast som elevane si evne til å ta initiativ til eiga læring i ulike situasjonar. Foto: iStock.

I klasserommet betyr det til dømes at elevane er i fokus, får ansvar for eiga læring og får høve til å ta leiing i ulike situasjonar. Det teoretiske grunnlaget for autonomi finn ein særleg i sjølvbestemmingsteori (Deci & Ryan, 1985, 2000). Sentralt i denne teorien er at vi alle har eit medfødt behov for å sjølv å fatte avgjersler og påverke det som skjer i livet vårt.  For elevar inneber det behov for å handle i tråd med eigne ynskjer og interesser. Det inneber òg at ein handlar med størst lyst og innsats når oppgåvene vert opplevd meiningsfulle. Utvikling av autonomi er særleg viktig for ungdom som del av vegen mot å verte sjølvstendig og ansvarleg (McElhaney, Allen, Stephenson, & Hare, 2009).

Autonomi kan då definerast som elevane si evne til å ta initiativ til eiga læring i ulike situasjonar. Dette inneber evna til å ta og gjennomføre medvitne avgjersler, men omfattar òg kompetanse til å skape eit god læringsmiljø for ein sjølv. Det inneber òg vilje til å oppsøke situasjonar og menneske, til dømes medelevar og lærarar, som kan bidra til auka læring. Kjensla av å ha kontroll over eige liv er òg viktig. (Pianta, Hamre & Allen, 2012).

Elevar i klasserommet viser ulike innstilling til undervisningssituasjonar. Nokre gangar er innsatsen nesten uendeleg, der elevane legg ned ein formidabel innsats for å løyse oppgåver dei står overfor. Andre gangar kan dei same elevane vere passive og motvillige. Det er sjølvsagt mange forhold som kan påverke dette, men læraren kan påverke mykje. Reeve (2006; 2009) har med utgangspunkt i sjølvbestemmingsteori (Deci & Ryan, 1985; 2000) drøfta korleis elevane si åtferd og kjensler er påverka av sosiale faktorar som til dømes lærarane sine haldningar. Autonomi gir større engasjement og innsats i læringsaktivitetane.

Indre motivasjon

Kor aktive ungdommar er i læringsaktivitetar, og kvifor dei engasjerer seg, er relevant ettersom det varierer frå elev til elev kor mykje innsats som vert lagt ned, og det varierer og for same eleven i ulike situasjonar. Her er ulike typar motivasjon sentralt. I skulesamanheng skil ein gjerne mellom indre og ytre motivasjon (Habgood & Ainsworth, 2011). Indre motivasjon er kjenneteikna av interesse, glede og tilfredsheit knytt til å utføre ein aktivitet. Ytre motivasjon er derimot kjenneteikna av at ein er lite tilfreds, interessa er låg og innsatsen som vert lagt for dagen er først og fremst styrt av den moglege gevinsten til dømes i form av karakterar eller løn for eit oppdrag (Deci & Ryan, 2000). Sagt på ein anna måte er elevar som er indre motivert styrt av eit ynskje om å oppdage, utforske og lære. Elevar som er ytre motivert rettar ikkje blikket mot prosessen, men resultatet, og kan legge for dagen akkurat tilstrekkeleg innsats for å oppnå det dei ynskjer. Læringa som ligg i prosessen er lite interessant.

Lærarrolla i autonomistøtte

I skulen har læraren ei avgjerande rolle i utvikling av elevane sin autonomi. Her kan det vere viktig å ta utgangspunkt i elvane sine interesser eller i alle fall noko dei kan relatere seg til når ein planlegg læringsaktiviteten kring realisering av kompetansemål i læreplanane. I tillegg støttar læraren elevane si autonomiutvikling mellom anna ved å gi akkurat store nok utfordringar til at eleven det gjeld har noko å strekke seg etter og gjennom det oppleve mestring og utvikling. Klassemiljøet som læraren skapar er eit avgjerande element for å forklar elevane sine  motivasjon, engasjement og emosjonar i klasserommet. Núñez og León (2015) argumenterer at dersom ein skal forstå elevane si åtferd i klasseromet må ein granske lærarane si rolle. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at i eit klasserom der læraren utviklar eit positivt læringsklima som er prega av respekt for kvarandre og ei innstilling til at ein hjelper kvarandre ved behov  gir ein tryggleik til elevane som fremmar autonomiutvikling. Likeeins kan ein godt førestille seg at eit klasseklima prega av ironi, sarkasme, og/eller redsle for kva andre gjer, om ein ikkje meistrar ei utfordring, ikkje inviterer til å våge seg ut i ukjent terreng.

Lærarar som støttar autonomiutvikling lyttar merksamt til elevane, viser interesse for dei og motiverer til å ta initiativ til eiga læring. Elevane får råd og støtte i formulere eigne realistiske mål og innlemme dei i ein meir langsiktig plan for eiga læring. Der det er naudsynt gir læraren hjelp til å finne materiell og gir kostruktive læringsremmande tilbakemelingar.  Elevar som opplever lærarar som emosjonelt støttande  og opplever autonomi er meir motiverte og engasjerte i læringsaktivitetar enn elevar som berre opplever emosjonell støtte frå læraren (Ruzek , Hafen, Allen, Gregory, Mikami, Pianta, (2016). 


Referanser:

Deci, E. L., & Ryan, R. M. (1985). Intrinsic motivation and selfdetermination in human behaviour. New York, NY: Plenum Press.

Deci, E. L., & Ryan, R. M. (2000). The ‘‘what’’ and ‘‘why’’ of goal pursuits: Human needs and the self-determination of behavior. Psychological Inquiry, 11, 227–268. doi: 10.1207/S15327965 PLI1104_01

Habgood, M. P. J., & Ainsworth, S. E. (2011). Motivating children to learn effectively: Exploring the value of intrinsic integration in educational games. Journal of the Learning Sciences, 20, 169–206. doi: 10.1080/10508406.2010.508029

McElhaney, K., Allen, J., Stephenson, J., & Hare, A. (2009). Attachment and autonomy during adolescence. I: Handbook of adolescent psychology, Vol 1: Individual bases of adolescent development (3rd ed., s. 358–403). Hoboken, NJ: Wiley.

Núñez, J., & León, J. (2015). Autonomy Support in the Classroom A Review From Self-Determination Theory. European Psychologist, 20, 275-283. doi:10.1027/1016-9040/a000234

Pianta, R. C., Hamre, B. K., & Allen, J. P. (2012). Teacher-student relationships and engagement: Conceptualizing, measuring, and improving the capacity of classroom interactions. I: S. L. Christenson, A. L. Reschly, & C. Wylie (Red.), Handbook of student engagement (s. 365–386). New York: Springer Nature.

Reeve, J. (2006). Teachers as facilitators: What autonomy supportive teachers do and why their students benefit. The Elementary School Journal, 106, 225–236. doi: 10.1086/501484

Reeve, J. (2009). Why teachers adopt a controlling motivating style toward students and how they can become more autonomy supportive. Educational Psychologist, 44, 159–175. doi: 10.1080/00461520903028990

Ruzek, E. A., Hafen, C. A., Allen, J. P., Gregory, A., Mikami, A. Y., Pianta, R. C. (2016). How teacher emotional support motivates students: The mediating roles of perceived peer relatedness, autonomy support, and competence.  Learning and Instruction, 42, 95-103

Les meir om klasseleiing

Elever blir mer engasjerte av lærere som bryr seg

Gløden for skolen synker med alderen om ikke læreren gir følelsesmessig støtte til den enkelte elev, viser en ny studie ...

Læreren er viktig for hvilke mål elevene setter seg på skolen

Hvordan læreren ser på læring er viktig for elevenes målorientering på skolen. Det viser forskning gjort ved Læringsmilj...

Lærers klasseledelse er avgjørende for å forebygge skolefravær

Lærerens klasseledelse kan ha en indirekte betydning for å forebygge mobbing og sosial ekskludering blant jevnaldrende. ...

Har elevane utbytte av lærarane si vidareutvikling i klasseleiing?

Det er eit godt spørsmål. I tillegg til å kunne svare «ja», vil vi gjerne også seie noko om kva faktorar som er avgjeran...

Verdsetting av elevane si livsverd

Resultata frå CIESL-studien tyder på at lærarar generelt er dyktige til å skape positivt læringsklima og er sensitive fo...

En stresset (kunnskaps)nasjon

Gagner det alle elever at vi har en prestasjons- og konkurranseorientert skole? Hvordan går det for de elevene som opple...

Klasseledelse og den viktige relasjonen mellom lærer og elev

Læreres relasjonsbygging til elevene er et sentralt tema innen klasseledelse. Det blir belyst gjennom lærernes egen stem...

Selvbestemmelse og struktur i klasserommet

Selvbestemmelse synes å være nedfelt i mennesker fra naturens side. Vi kan gjøre de mest slitsomme ting så lenge vi velg...

Klasserommet minutt for minutt

Læraren kan orkestrere det som skjer sosialt i klasserommet. Kva rolle dette spelar i undervisning og korleis ein kan op...

Observasjonsmanualen CLASS

CLASS er en forkortelse for Classroom assessment scoring system, og er en observasjonsmanual utviklet av Robert C. Piant...

Lærar-elev-dialogen og elevane si læring

CIESL-prosjektet ser mellom anna på korleis læraren støttar elevane sine læringsprosessar og legg til rette for utvidand...

Bok: Snu-metoden mot kollektive atferdsvansker

Snu-metoden er et verktøy for lærere som har mistet kontrollen over klassen. Erling Roland har skrevet bok om metoden.

Bok om leiarskap i klasserommet

I boka «Ledelse i klasserommet» vert ny kunnskap om læraren si leiing i klasserommet presentert. – Lesarane vil i tilleg...

Lærere som støtter elevene faglig trives bedre på jobben

En av tre lærere sier de utvikler seg innen faglig støtte til elevene. Lærerne som opplevde fremgang er mer fornøyde med...

Norske lærarar er gode på utvikling av positive læringsmiljø

Lærarar i Noreg er generelt dyktige til å utvikle positive læringsmiljø og organisere undervisninga i klasserommet. Men ...

Observerer vi det vi er ute etter å observere på en pålitelig måte?

Denne studien undersøker om observasjonsinstrumentet CLASS-S kan brukes i forbindelse med observasjoner i norske ungdoms...

Lærere på ungdomsskolen lærer mye av hverandre

Samarbeid mellom lærere er vel så viktig som egen innsats for at ungdomsskolelærere skal bli enda bedre pedagoger.

God klasseledelse henger sammen med jobbtilfredshet

En studie basert på data fra CIESL-prosjektet viser at lærere som er skårer høyt på emosjonell støtte, klasseromsorganis...

Elevenes engasjement i skolen

Elevengasjement handler blant annet om elevenes interesse, entusiasme, deltakelse og involvering i skolen og i skolearbe...

Elever opplevde bedre læringsstøtte fra lærerne

En ny studie tyder på en liten gruppe elever (ca. 10 prosent) opplevde forbedring i lærernes læringsstøtte i perioden sk...

Partnerskap mellom lærerutdanningsinstitusjoner og skoler bør oppmuntres

Samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og skoler kan bidra til å bringe akademia og praksisfeltet nærmere hverandre, med...

Disputas: Slik snakkar elevane om læraren

Det er viktig for elevane å kunne le saman med læraren og at lærarane snakkar med dei som jamstilte. Ein ny studie gir e...