– Lab-arbeid er kjekt!

Møt Eirik Midbøe Lunde, lektorstudent med lidenskap for formidling av realfag.

Published Sist oppdatert

To unge menn i hvite labfrakker er på et laboratorium
Eirik Midbøe Lunde i sitt rette element i Skolelaboratoriet for realfag (foto: Mari Løvås)

Eirik skriv masteroppgåve i kjemididaktikk, nærare bestemt om 15-16-åringar sine kvardagsførestillingar om karbonsyklusen. Kvifor det? Han tar lektor 8-13 med fordjuping i realfag, der han no er inne i sitt siste semester. 

29-åringen er frå Stavanger, men starta studiane sine i København. Der studerte han fysikk og teknologi i nokre år ved Danmarks Tekniske Universitet.

- Undervegs i Køben innsåg eg at eg hadde ikkje lyst til å bli forskar. Men eg var framleis lidenskapeleg oppteken av realfag og brann etter å formidle fag. Når eg då kunne få godskrive deler av utdanninga frå Danmark inn i lektorutdanninga ved UiS var valet lett.

Eirik fortel at han har alltid likt kjemi og fysikk, og hatt lyst til å jobbe med formidling av desse faga. No har han undervisningskompetanse i begge faga.

Lærerikt med praksis

- Det å vere i praksis har utan tvil vore det kjekkaste i studiane.  Det har vore hektisk, men veldig lærerikt. Vi får brukt både fagkompetansen og didaktikken. Eg likar også å vere i laboratoriet. Lab-arbeid er kjekt! Har hatt mykje av det i kjemien. Generelt vil eg seie at laboratoriet er bra for å engasjere og vise at realfag er ikkje berre teori. Det handlar om verda rundt oss. Realfaga skildrar korleis verda heng saman!

Ung mann med hvit labfrakk har flammer i hendene
Eirik i laboratoriet (foto: Mari Løvås)

Han har hatt fleire deltidsjobbar ved sidan av studiet. Allereie første semester ved UiS fekk han jobb som studentassistent i Didaktisk Digitalt Verkstad (DDV). Dette er eit slags laboratorium for lærarar og lærarstudentar der dei kan teste ulike digitale verktøy som kan brukast i undervisning. Sidan vart han også med på laget i Skolelaboratoriet for realfag.

- Eg spurte Inge Christ (realfagslærar på UiS som aldri går av vegen for å vere med på eit bra naturfagseksperiment) om han hadde tips til kva eksperiment eg kunne gjere med klassen min når eg skulle i praksis på Kannik. Det har ført til at eg har fått vore med på Science Camp (sommarskule i realfag for 12-17-åringar), laga ei rekke videoar med diverse kule eksepriment og fått undervist i teknologi og design for forskarklassane ved St. Olav og Kongsgård vidaregåande skular. Då går det i både praktiske oppgåver og teori. Denne våren har elevane eit prosjekt der dei bygger båar som skal kunne samle plast i havet!

Nyttig å engasjere seg

Det er tydeleg at Eirik trivst på UiS.

- Studiekvardagen min har vore kjekk. Det er veldig nyttig å engasjere seg i livet rundt deg som student. Eg har mellom anna spelt fotball på FIKS UiS  sitt fotballag. Ta del i det som skjer i miljøet rundt deg. Det gjer at du får fleire venner og du får også meir fagleg hjelp gjennom det. Vi vart raskt ei gruppe med 8-9 studentar på kullet som har haldt tett saman sidan starten. Vi er ikkje så mange på kvart kull, så vi har blitt ei god gruppe. Mellom anna har vi vore faddarar saman, for nye studentar. Men vi har også vore sparringpartnarar for kvarandre på faglege ting gjennom heile studiet. Eg kan ikkje berre lese om ting, eg treng å snakke, diskutere og prøve det ut. Det å vere sosial har vore viktig for å lukkast med studiet for min del!

Sidan han er i gang med siste semesteret er han no i gang i å søke jobbar.

- Eg er open for å jobbe i både ungdomsskulen og vidaregåande. Det er nokre ulikskapar mellom dei to nivåa. Gjennom praksis har eg heldigvis fått testa begge delar, og fått stadfesta at ungdomsskuleelvane er nok kanskje litt meir nysgjerrige, men samstundes får du gå djupare inn i faget på vidaregåande. Begge deler er kjekt. Det er uansett formidling av faget som driv meg.

Med kombinasjonen av fem års erfaring frå DDV og 3 års erfaring med skolelaboratoriet på toppen av utdanninga har han bygd seg ein unik kompetanse.

- Dette er utdanninga for dei som tykkjer det er kjekt å snakke om faget sitt. Eit anna råd til andre som kanskje vurderer å søke seg til lektorutdanninga for 8.-13. trinn, er å prøve å bygge digital kompetanse. Skulane treng det meir og meir. Som lærar meiner eg det er viktig å kunne litt programmering.

NB: kjemi tilbys ikkje lenger som hovudfag ved UiS.

Tekst: Anja Kristin Bakken