Amanda utdanna seg til barnehagelærar, og skreiv bacheloroppgåve om korleis barnehagelærarar motiverer andre tilsette.

Første gang publisert 19. februar 2019
Amanda Lindberg går på siste året av barnehagelærarstudiet, og er midt i skrivinga av bacheloroppgåva.
- Eg skriv om korleis barnehagelærarar motiverer dei andre tilsette. Det er kjempespanande! fortel Amanda.
Ho har lenge visst at ho ville jobbe med barn.
- Eg tok helse og sosialfag på vidaregåande skule, og hadde praksis i ein barnehage. Då skjønte eg at eg trivst veldig godt i det tette samspelet med barna, seier Oslo-jenta. I tillegg har jo jobba som ringevikar i ein barnehage tidlegare.
At Stavanger skulle bli studiebyen til Amanda var ikkje like planlagt.
- Både eg og kjærasten visste at vi ville vekk for å studere. Vi ønskte å møte andre menneske og ha studiekvardagen i ein litt mindre by. Vi høyrte mykje bra om Stavanger, og etter kvart peika oljebyen seg ut som eit godt alternativ for dei begge to.
Sommaren 2016 pakka ho sakene og vart student ved barnehagelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.
- Eg var svært motivert då eg byrja å studere her, og har ikkje angra eit sekund. Studiet er morosamt, spanande og lærerikt. Du lærer om barns utvikling og pedagogikk knytt til lek og læring - og gjennom det korleis du som vaksen pedagog kan vere ein god støttespelar for kvar enkelt unge, fortel Amanda.
Praksis er viktig del av studiet
Studentane på barnehagelærarutdanninga har totalt 100 dagar praksis i løpet av studiet, fordelt på fem praksisperiodar.
- Vi er ute i praksis kvart år, og det er svært annleis enn å sitte på skulebenken. Du får testa korleis røynda er, og det er kjekt. Etter kvart ser du samanhengen mellom teoriane du lærer på universitetet og korleis du kan bruke desse i arbeidskvardagen.
Amanda anbefaler gjerne utdanninga si til andre som kan tenke seg å jobbe med ungar.
- Studiet har eit ufortent dårleg rykte. Eg kjenner folk som har tenkt at dette er eit enkelt studium som ikkje krev mykje innsats. Det er ikkje sant! Mi erfaring er at ingen dag i barnehagen er lik den neste, og som utdanna pedagog kan du gjere ein forskjell. Ikkje nok med det, men du kan bygge vidare på bachelorgraden. Du kan ta mastergrad og andre spesialkurs.
Og kva med UiS og Stavanger som studentby?
- Det skjer svært mykje på UiS. Om du vil, er det mykje å engasjere seg i og vere med på. Eg opplever at universitetet er opptatt av å legge til rette for eit godt studentmiljø. Eg tykkjer det er kjekt å ha blitt kjent også med folk som ikkje går på same studiet som meg, seier Amanda.
På UiS og i Stavanger finn du folk frå heile Noreg, og mange andre land i vera.
- Som by er Stavanger passe stor og oversiktleg, og det skjer mykje i byen. Dei siste åra har eg til og med vent meg til dialekta her!
Les meir om korleis du kan bli barnehagelærar ved Universitetet i Stavanger