Hopp til hovedinnhold

Lærarstudentar øver på foreldresamtalen med VR-simulering

Høgskolen i Innlandet med prosjekt som skal hindra praksissjokk for studentane.

Publisert: Endret:

Høgskolen i Innlandet har i to år brukt VR-teknologi som ein del av førebuinga frå å vera lærarstudent til å bli lærar. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Overgangen frå å vera lærarstudent til å bli lærar kan vera utfordrande for mange. For enkelte er det nærast snakk om eit «praksis-sjokk.» Mellom anna kan utviklingsamtalen, med elev og føresette, vera ein stor bøyg, som studentane ikkje har fått øvd seg på i løpet av studiane.

Eit prosjekt ved Høgskolen i Innlandet har som mål å gjera noko med desse utfordringane - med VR-simulering. Prosjektet starta i 2019, og er nå halvveges.

Gjennom prosjektet er der utvikla ei løysing der lærarstudentane med VR-briller på nasen kan gjennomføra ei nesten verkeleg utviklingssamtale, med ein far og dottera i eit virtuelt rom under kyndig rettleiing, opplyser Høgskolen i Innlandet i ein reportasje.

«Hvis dette er noe andre synes er interessant og som kan ha kvalitativ merverdi til utdanningen, så er vi veldig åpne for å dele med andre og spre dette,» fortel Ingeborg Amundrud og Hege Merete Somby, som er ansvarlege for prosjektet.

Les meir om prosjektet på Høgskolen i Innlandet sine nettsider.