Hopp til hovedinnhold

Podkast frå Barnkunne – Senter for barnehageforskning

I podkast-serien BluPodden finn du fleire enn 20 episodar som formidlar forskingsbasert kunnskap om både utdanning og praksis innan barnehagefeltet.

Publisert: Endret:

Mann leker med barn i barnehage
Podkasten blir produsert av Barnkunne - Senter for barnehageforskning. Senteret har bakgrunn i og blir drive av Høgskulen på Vestlandet. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

BluPodden er ein podkast som har blitt produsert av Barnkunne – Senter for barnehageforskning sidan slutten av 2021.

Podkasten har i dag over 20 episodar der det blir formidla forskingsbasert kunnskap om barnehagen, både når det gjeld utdanning og praksis.

Blant titlane kan nemnast «Leik og læring», «Samisk språk og kultur i barnehagen», «Utviklingsarbeid i barnehagen», «Språkforstyrrelser» og «Nyutdanna barnehagelærar, hjelpetrengande eller visjonære?»

Barnkunne - Senter for barnehageforskning har bakgrunn i og blir drive av Høgskulen på Vestlandet.