Rettleiing av lærarar - korleis gjera det betre?

Denne podkasten frå Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) ser nærare på rettleiing av nye lærarar.

Published Sist oppdatert

Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) har ein ein podkast-serie kalla «Læring». I denne episoden handlar det om rettleiing av lærarar, med undertittelen «A little less conversation, a little more action, please!»

Tove Seiness Hunskaar og Ingeborg Øvern deler kunnskap og erfaringar om korleis ein kan forbetre rettleiinga. Hunskaar er stipendiat ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, medan Øvern er lektor i norsk og historie ved Hartvig Nissens vidaregåande skule i Oslo.

«Det er viktig å gi nyutdanna gode opplevingar tidleg, men kanskje også førebu dei på at ikkje alt kan lærast på lærarutdanninga, men må lærast i yrket. Og der kjem god rettleiing av nyutdanna lærarar inn, » seier Hunskaar i podkasten.

Du høyrer podkast-episoden her