Hopp til hovedinnhold

Videobaserte læringsformer - fem gode grunnar til å prøve det ut i lærarutdanningane

Faglitteraturen i studieemna er meint å innvie studentane i eit profesjonelt fellesskap og danne grunnlag for forskingsbasert praksis, men tekstane er ofte utfordrande å forstå og sikrar ikkje åleine eit felles profesjonsgrunnlag. Lærarutdanningane er her ikkje noko unntak. Videobaserte, pedagogiske modellar kan vere eit tiltak for å støtte studentane i den faglege utviklinga deira.

Publisert: Endret:

En person ser på pc-en, der det undervises over video
Den akademiske diskursen har vist seg vanskelig å dekoda for nykommarar, og lærarutdanningane er ikkje eit unntak, skriv USN i denne ressursen. Dei prøver difor ut videobaserte, pedagogiske modellar for å støtta studentane sin sjølvstendige leseprosess og omgrepsutvikling. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Sjølvstendig lesing er ein helt sentral del av kunnskapstileigninga i høgare utdanning. Det er ein individualisert leseprosess som er er lite observerbar, og det kan vere utfordrande å få innsyn i korleis studentar skapar meining i eller på tvers av tekstane dei les.  

Faglitteraturen i studieemna er her meint å innvie studentane i eit profesjonelt fellesskap og danne grunnlag for forskingsbasert praksis, men tekstane er ofte utfordrande å forstå og sikrar ikkje åleine eit felles profesjonsgrunnlag. Lærarutdanningane er her ikkje noko unntak, skriv Universitetet i Sørøst-Norge (USN) på sine nettsider.

Videobaserte, pedagogiske modellar kan vere eit tiltak for å støtte studentane i den faglege utviklinga deira. Lærarutdanninga ved USN har prøvd ut videobaserte, pedagogiske modellar for å støtta studentane sin sjølvstendige leseprosess og omgrepsutvikling.

Du kan lesa meir om metodane her, blant anna under tittelen «5 gode grunner til å prøve ut videobaserte læringsformer.» Ressursen byr blant anna på eit didaktisk døme, som du kan bruka som øving i undervising av lærarstudentar.

Ressursen er laga av Universitetet i Sørøst-Norge (USN), som ein del av LUDO-prosjektet (Læring og undervisning i digitale omgivelser).