Ny rapport gjev barn og unge ei stemme i arbeidet med folkehelse og livsmeistring

Ein ny rapport frå NIFU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Stavanger gjev innsikt i kva barn og unge sjølve meiner er viktig for å meistre livet, og kva støtteressursar skulane har tilgjengelege for å styrkje arbeidet med folkehelse og livsmeistring.

Publisert Sist oppdatert

To ungdommer sitter sammen. Han ene trøster den andre.

Barn og unge ønskjer meir kunnskap om seksualitet og overgangen til vaksenlivet, fysisk og psykisk helse og relasjonar. Samstundes etterspør dei praktiske ferdigheiter som kan hjelpe dei i kvardagen. Det viser sluttrapporten frå prosjektet InnFoLiv – Todelt innsiktsarbeid om folkehelse og livsmestring i skolen, som er gjennomført på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Prosjektet er leia av NIFU i samarbeid med Universitetet i Oslo og Universitetet i Stavanger. Prosjektet har samla inn innsikt i kva barn og unge meiner, på ulike måtar: gjennom forsking, nasjonale befolknings- og elevundersøkingar, spørsmål unge har stilt på ung.no, intervju med barneskuleelevar, ei spørjeundersøking blant elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule, og samtalar med organisasjonar som representerer barn og unge, skulen, skulehelsetenesta og føresette.

Funna viser at mange unge har god kunnskap om helse og livsmeistring, men ønskjer støtte til å bruke denne kunnskapen i praksis. Psykisk helse, venskap og relasjonar er tema som går att på tvers av alder. Samstundes peikar barn og unge på behovet for meir kunnskap om mellom anna personleg økonomi, fysisk helse – og særleg søvn – og korleis dei kan støtte andre som har det vanskeleg.

Hildegunn Fandrem
Professor Hildegunn Fandrem har vore UiS sin representant i arbeidet med rapporten. Foto: Elisabeth Tønnessen/UiS.

Som ein del av prosjektet har forskarane òg kartlagt om lag 150 støtteressursar som blir brukte i skulen sitt arbeid med folkehelse og livsmeistring. Gjennomgangen viser at det finst mange ressursar innan psykisk helse og relasjonar, men at enkelte tema er mindre godt dekte. Dette gjeld mellom anna personleg økonomi, forståing av samfunnsstrukturar og kompetanse knytt til overgangen til vaksenlivet. Ressursane er dessutan oftare gode til å formidle kunnskap og leggje til rette for refleksjon enn til å trene opp ferdigheiter. For mange av ressursane veit ein heller ikkje kva effekt dei har på elevane. Rapporten tilrår mellom anna å etablere ei nasjonal oversikt over tilgjengelege støtteressursar og å styrkje kunnskapsgrunnlaget om kva ressursar som fungerer best i skulen.

For at dei skal kunne ta ansvarlege val i livet, treng dei òg kunnskap om korleis dei skal forhalde seg til seg sjølve og andre menneske. Det er derfor òg viktig å utvikle dømmekraft, verdiar, identitet og etisk medvit.

Hildegunn Fandrem

Rapporten peikar på at sjølv om barn først og fremst skal lære grunnleggjande ferdigheiter på skulen, føreset dette òg at dei har god helse og opplever meistring. For at dei skal kunne ta ansvarlege val i livet, treng dei òg kunnskap om korleis dei skal forhalde seg til seg sjølve og andre menneske. Det er derfor òg viktig å utvikle dømmekraft, verdiar, identitet og etisk medvit, seier Hildegunn Fandrem.

Prosjektet er leia av Cathrine Pedersen (NIFU) i samarbeid med Egil Nygaard (UiO) og Hildegunn Fandrem (UiS). Rapporten er ein del av bidraget frå Helsedirektoratet til å styrkje arbeidet til skulen med folkehelse og livsmeistring, og det heilskaplege arbeidet med å redusere psykiske helseplager og førebyggje utanforskap.

Les heile rapporten: