– Når det gjeld mobbing må ein alltid vere på vakt

Etter å ha slitt med høge mobbetal i fleire år, har Bremanger kommune snudd ein negativ trend. Det tyder ikkje at dei held opp med å jobbe med tematikken.

Publisert Sist oppdatert

Bilde av en tom huske.

Korleis snu ein situasjon med høge mobbetal i ein kommune? I Bremanger kommune i Vestland fylke vart løysinga eit samarbeid med Læringsmiljøsenteret, oppretting av eit kommunalt innsatsteam og kontinuerleg arbeid som har vorte lagt ned av fleire involverte over tid. No har kommunen gått frå raude tal på Elevundersøkinga og Ungdata-undersøkinga til svært låge tall, og i nokre høve null prosent. Men som kommunalsjef for oppvekst, kultur og fritid Gro Bakke Abildsnes sjølv seier – det er inga grunn til å «kvile» sjølv om undersøkingane syner at det no er svært få som opplev mobbing i kommunen.

Måten vi har jobba på har gjeve resultat. Ungane våre kjenner seg tryggare, og det er vi nøgde med. Men vi har kome dit no at sjølv om det står null, så er det aldri null. Det er alltid noko som rører seg, og vi kan aldri sleppe «ballen». Læringsmiljø er ferskvare, og noko vi må jobbe med heile tida, seier ho.

Alle barn skal ha det trygt og godt
Etter å ha inngått samarbeid med Johannes Finne og Guttorm Helgøy ved Læringsmiljøsenteret, gjekk også kommunen inn for å opprette eit innsatsteam. Ifølge kommunens oppvekstsjef vart dette innsatsteamet først kalla «innsatsteam mot mobbing», men seinare endra til «innsatsteam for trygt og godt miljø».

Målet med dette innsatsteamet var å snu ein negativ trend og jobbe for at alle barn og unge i Bremanger kommune skulle glede seg til å gå i barnehage og skule. Intensjonen var å jobbe for at alle barn og unge skal ha det trygt og godt i barnehage og skule i Bremanger, forklarer Abildsnes.

Ho legg til at det var ein klar intensjon om at dette innsatsteamet skulle vere kommunalt då det i små kommunar fort kan verte eit problem med habilitet og nære relasjonar.

Ein lærar kan fort også være tante til ein av elevane og liknande. Det kan gjere det vanskeleg og seie i frå dersom nokon ikkje har det trygt og godt. Med eit kommunalt innsatsteam kan ein kjenne seg trygg på at det er andre som handterer saka di, som er nøytrale og ikkje har dei same nære relasjonane til lærarane og skulen der eit mobbeproblem oppstår, seier ho.

Alle skal få hjelp uansett
I det kommunale innsatsteamet i Bremanger sit utviklingskoordinator for oppvekst, lærarar frå andre skular og tilsette i barnehagane samt PPT.

Vi har med det dekka alle delar av kompetansen som er naudsynt, og vi synes dette fungerer godt. Innsatsteamet kan gå inn og vere ei støtte i mobbesaker eller andre saker der elevar og barn ikkje har det trygt og godt. Det er sjølvsagt skulen eller barnehagen som framleis skal eige saken, men innsatsteamet kjem inn som ein støttespelar i arbeidet. Dei kjem inn med kompetansen, går direkte inn i saka og er rådgivande inn mot rektoren eller den som har saka, forklarer Abildsnes.

I tillegg til innsatsteamet har kommunen fått inn ein meldeknapp på nettsida der ein kan melde inn saker, slik at ein også kan unngå å gå via skulen dersom det vert opplevd som vanskeleg.

Vi ynskjer jo primært at elever og føresette skal gå den kortaste vegen og snakke med skulen, men dersom det er vanskeleg, så har dei også no den moglegheita. Det skal ikkje vere nokon tvil om at alle skal få hjelp uansett, seier ho.

Har fått ein ny kultur
I tillegg til innsatsteamet og arbeidet som føregår her, arrangerer kommunen samlingar der Guttorm Helgøy og Johannes Finne på førehand har blitt førespegla ønska tema. Desse samlingane er i gjennom Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Men sjølv om kommunen no har klart å snu ein negativ trend, så er det ingen i kommunen som kviler, eller held opp med å jobbe med tematikken.

Vi har lært eit lite uttrykk av Johannes og Guttorm som heiter: «hm…». Det nytter vi for alt det er verd. Er vi usikre på om det er nokon som ikkje har det trygt og godt, så undersøkjer vi. Det gjer vi også dersom vi får eit lite: hm.. kva skjer her? Vi har fått ein kultur som gjer at vi no har veldig låg terskel for å undersøkje. Vi venter ikkje til ei sak har vokse seg stor. Den kulturen har sett seg hos lærarane, dei tilsette i barnehagane og hos leiinga på kvar skule. Og det er vi stolte av, seier ho.

Ikkje fokus på fag, men trivsel
Oppvekstsjefen i Bremanger meiner alt til slutt kan kokast ned til at det viktigaste er at barn og unge i dag har det godt og at dei trivst i kommunen sine oppvekstsentre. Og for å kunne ha det trygt og godt, er det viktig med gode vener samt gode relasjonar til lærarane sine.

Vi ser at vi har gode resultat på nasjonale prøver og på grunnskulepoeng, men det er ikkje det viktigaste for oss. Fokuset er ikkje på fag. Dersom elevane har det trygt og godt, så vil det andre kome av seg sjølv. Det viktigaste for oss er å gjere det vi kan for at barn og unge trivst og har eit trygt og godt miljø rundt seg, seier Abildsnes.

Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Elisabeth Tønnessen/UiS