Hopp til hovedinnhold

Lånereglar ved universitetsbiblioteket

Her finn du alt du treng vite om lån, fornying, purring og erstatning.

Publisert: Endret:

Kven kan låne?

Universitetsbiblioteket i Stavanger er eit offentleg bibliotek. Lånerett blir gitt til alle over 16 år.

Registrering

Lånekort blir gitt mot framvising av legitimasjon. Kortet er personleg og kan ikkje brukast av andre. Du skal gjere deg kjend med lånereglane før du tar kortet i bruk.

Dersom du er student ved UiS gjeld studentkortet ditt som lånekort. Du finn òg lånekortet i appen Studentbevis. Studentar må melde adresseendring i Studentweb, andre lånarar kan ta kontakt med biblioteket.

Lånetid

Det er tre veker lånetid for bøker, studentoppgåver, filmar, tidsskrift og liknande. Lånetid for notar er seks veker. 

Alle lån frå universitetsbiblioteket blir automatisk fornya, med mindre det er andre lånarar på venteliste eller du har hatt lånet i fire månadar. 

Lån frå andre bibliotek blir ikkje automatisk fornya. Desse kan du sjølv fornye ved å logge deg på Oria.

Lån som ikkje kan fornyast vil bli purra, og du kan motta gebyr og erstatningskrav for desse.

Bestille lån og kopi

Bøker som ikkje er utlånt må du sjølv finne på hylla. Bøker som er utlånt kan reserverast. Bøker og artiklar vi ikkje har i vår samling kan vi bestille inn. Vi gjer dette for studentar ved UiS og tilsette ved UiS. Eksterne studentar får tilbod om innlån av bøker vi ikkje har i vår samling. Artiklar må bestillast frå eigen institusjon.

Ansvar

Du er personleg ansvarleg for alt som er registrert på lånekortet ditt. Vidarelån til andre er ikkje tillate.

Du er plikta å lese e-postmeldingar frå biblioteket.

Tap av lånerett

Misleghald av lånereglane kan medføre tap av lånerett ved biblioteket.

Dersom eit dokument du ønsker å låne allereie er utlånt til ein annan lånar, kan du sette deg på venteliste.

  • Gå til oria.no.
  • Logg deg inn med FEIDE.
  • Søk opp dokumentet og trykk på tittelen. Sjekk statusen under «Finn og bestill».
  • Dersom dokumentet er utlånt, trykk «Bestill dokument» og deretter «Bestill dokument» igjen.

Dokumentet blir reservert til deg og du får melding på SMS og e-post når det kan hentast på biblioteket. Du har fire dagar på deg til å hente dokumentet etter at hentemelding er sendt.

Dokument som står tilgjengeleg på hylla kan ikkje reserverast av studentar og privatpersonar.

Treng du bøker eller artiklar som ikkje finst ved Universitetsbiblioteket i Stavanger? Då kan du bestille det frå andre bibliotek.

  • Gå til oria.no
  • Logg deg inn med FEIDE.
  • Søk i fanen «Norske fagbibliotek».
  • Klikk på tittelen og trykk på «Bestill lån»/«bestill kopi» under «Finn og bestill». Send bestillinga ved å klikke «Bestill dokument».

Ver oppmerksam på at dette berre gjeld for studentar og tilsette ved UiS. Studentar ved andre universitet og høgskular kan bestille bøker frå andre bibliotek via oss, men må kontakte biblioteket ved sin eigen utdanningsinstitusjon for bestilling av artiklar. Andre lånarar kan kontakte sitt lokale folkebibliotek.

Dersom du ikkje finn det du treng i Oria, kan du sende bestillinga på e-post til ub@uis.no. Hugs å inkludere så mykje informasjon som mogeleg om det du vil bestille, til dømes tittel på tidsskrift, forfattar, artikkeltittel, år, volum, nummer og sidetal.

Bestilte bøker kjem som regel i løpet av 1-2 veker. Artikkelkopiar kjem som regel i løpet av 1-2 dagar. Du får beskjed på SMS og e-post når dokumentet er klart til å bli henta.

Du kan returnere lånt materiale på våre utlånsautomatar i biblioteket.

Dersom du ikkje har moglegheit til å returnere i opningstida kan du levere i vår returkasse. Returkassa finn du ved hovudinngangen til Kjølv Egelands hus, nærast biblioteket.

På biblioteket Bjergsted finn du returkassa ved inngangen til biblioteket.

Purregebyr

Du får eit varsel tre dagar før låna dine har forfall. Dersom du ikkje leverer i tide gjeld følgjande satsar:

1.purring: Gratis
2.purring: 25 kroner pr. dokument
3.purring: 25 kroner pr. dokument


Betale purregebyr

Har du fått purringar på for seint leverte lån, kan du betale dette med Vipps. Appen Vipps kan du laste ned i App Store og Google Play.

Du finn rettleiing for betaling med Vipps til Universitetsbiblioteket her [PDF]. Ta kontakt med oss dersom du ikkje kan betale med Vipps.


Erstatning ved tap eller skade

Du må erstatte tapte eller skadde dokument. Understreking og notering i dokument blir rekna som skadeverk. Krav om erstatning blir sendt ut etter 3.purring.

Dokument som ikkje blir levert inn, eller blir øydelagt, blir kravd erstatta etter desse satsane:
  • Bøker: 500 kroner eller meir når boka sin verdi overstig 500 kroner. Du kan òg erstatte boka ved å kjøpe nytt eksemplar. Erstatningseksemplaret skal vera nyaste utgåve av boka.
  • Tidsskrifthefte, studentarbeid, DVD, CD, notar, rapportar: 250 kroner eller meir når dokumentet sin verdi overstig 250 kroner.
  • Samsung-nettbrett frå Hublet: 4000 kroner. Dette beløpet er fastsatt på grunnlag av innkjøpspris.

Erstatningskrav blir fakturert. Dersom du leverer lånet etter du har fått faktura, vil me kreditere beløpet. Du vil framleis måtte betale eventuelle uteståande purregebyr.

Purregebyr og erstatningskrav på 100 kroner eller meir fører til mellombels tap av lånerett.

Krav som ikkje blir innfridde blir sende til inkasso.

Relatert innhold:

Opningstider

for biblioteket

Søk

etter faglitteratur

Book leseplass

på Ullandhaug bibliotek

Tilgang

hjemmefra