Lansering av bildeling

Torsdag 21. april 2022 kl. 11:00-11:30,
Parkeringsplassen Arne Rettedals hus.

Som ledd i den grøne omstillinga av campus gir UiS-leiinga avkall på parkeringsplassane sine til fordel for ei bildelingsordning for alle.

Published Endret

Seks elbilar som høyrer til bildelingsordninga på UiS

Det er parkeringsplassane framfor Arne Rettedals hus, som tidlegare var avsett til parkering for leiinga, som nå er omprioritert til bildelingsteneste.

Sjølve lanseringa er frå klokka 11.00 til 11.30 torsdag 21. april. Det blir snorklipping, kake og talar av prorektor Rune Dahl Fitjar og direktør i Kolumbus, Edith Nøkling. Det blir også stand om Hjem-jobb-hjem-ordningen. Kom og bli med! 

Rune Dahl Fitjar er særs nøgd med at UiS nå kan tilby bildeling:

– Når vi nå har dette tilbodet, er ærend og/eller møte i arbeidstida ikkje lenger ein god grunn for å bruke eigen bil til Ullandhaug. Med bildeling kan ein kome hit med sykkel eller buss, og bruke bildelinga til eventuelle møte og/eller ærend innanfor arbeidsdagen, seier han.

Seks elbilar

UiS har inngått avtale med Kolumbus bildeling om ordninga. Det fylkeskommunale mobilitetsselskapet er koordinator mellom grunneigarar og bil-operatørar.

Bilane kan leigast på timebasis, dag, helg eller lenger, både i jobb og privat.

Seks elbilar inngår i ordninga: Tre Fiat 500, mellom anna ein kabriolet, to Hyundai Kona og éin Nissan varebil. Seinare vil det kome seks bilar til. 

Bilane leigast i Kolumbus sin Sanntids-app. Slik bruker du ordninga.

Grøn omstilling

Det er ei såkalla A til A-ordning som vil seie at bilane «bur» på UiS campus Ullandhaug og skal returnerast til campus Ullandhaug etter bruk. Bilane er difor merkte med «Denne bilen hører til på UiS, Campus Ullandhaug.»

Innbytte av reseverte parkeringsplassar mot bildeling er eit nytt steg i arbeidet med grøn omstilling på Universitetet i Stavanger. Grøn omstilling er ei av berebjelkane i tiårsplanen til universitetet, Strategi 2030. Det inneber at all aktivitet ved universitetet skal vere med på å ta samfunnet i ei grønare retning.

Omstillinga gjeld nemleg ikkje berre studiar, studieinnhald, forsking, samarbeid og klimaavtrykka studentar og tilsette etterlet, men også det fysiske universitetet, det vil seie bygg og uteområde. Les meir om den grønne omstillinga av campus.