Bok: Ledelse av endringsarbeid i barnehagen

Ledelse av endringsarbeid i barnehagen er ei bok for alle som ynskjer å arbeide forskingsbasert i barnehage; forskarar, studentar på masternivå og i vidareutdanning.

Published Sist oppdatert
Fakta

Tittel: Ledelse av endringsarbeid i barnehagen

Forfattarar: Sigrun K. Ertesvåg og dosent Pål Roland

Forlag: Gyldendal Akademisk

År: 2013

ISBN: 9788205446809

Sider: 220

Bestill

Bestill boka via din lokale bokhandel eller direkte frå forlaget

Omslag til boka Ledelse av endringsabeid i barnehagen
I boka peikar Ertesvåg og Roland på korleis kunnskap om endringsarbeid kan gjerast om til praktisk handling som kan endre og vidareutvikla praksis. Omslag: Gyldendal Akademisk.

Professor Sigrun K. Ertesvåg og dosent Pål Roland ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret) har skrive boka «Ledelse av endringsarbeid i barnehagen». Forfattarane tek utgangspunkt i eigen og andre si forsking og teoriar, og drøftar sentrale aspekt som leiing, samarbeid og barnehageeigars rolle.

– Ikkje god nok implementering

I boka peikar Ertesvåg og Roland på korleis kunnskap om endringsarbeid kan gjerast om til praktisk handling som kan endre og vidareutvikla praksis. Ofte ser ein få resultat av endringsarbeid. Grunnen er at ein ikkje arbeider nok med endringsprosessar når forskingsbaserte tiltak vert sett i gong. Når slike tiltak for utvikling av sosial kompetanse ikkje gir resultat, er det sjeldan tiltaket det er noko gale med. Heller skuldast manglande resultat at tiltaket ikkje er godt nok implementert. Alt endringsarbeid krev god implementering, understrekar bokas forfattarar.

Boka rettar seg mot alle som ynskjer å arbeide forskningsbasert i barnehage, forskarar, studentar på masternivå og i vidareutdanning. Boka er viktig for alle som ønskjer forskingsbasert kunnskap om endringsprosessar og korleis slik praksis kan omsetjast i praksis.

Viktige tema

Forfattarane drøftar sentrale aspekt som leiing, samarbeid og rollen til barnehageeigarar, og boka tar for seg tema som:

  • Endringsarbeid i barnehagen
  • Endringsprosessen
  • Implementeringskvalitet
  • Organisasjonslæring
  • Leiing av endringsarbeid i barnehagen
  • Kollektive kulturprosessar som ledar til samarbeid
  • Nøkkelroller og oppgåver i endringsarbeidet
  • Evidensbasert praksis og evidensbaserte program
  • Barnehageeigarrollen i endringsarbeid
  • Implementering av det autoritative perspektivet

Forfattarane

Professor i pedagogikk
51832931
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Dosent i spesialpedagogikk
51832944
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning