Gode elevsamtalar krev forståing for kommunikasjon og relasjon, tillit og tryggleik, noko som blir særleg viktig når dialogen er utfordrande.

Kva bør ligge til grunn for elevsamtalen?
Forståing av kommunikasjon og relasjon ligg til grunn for elevsamtalen fordi samtalane kan vera utfordrande når lærar og elev ikkje har ein god relasjon.
Sjå først filmen der Randi M. Sølvik og Pål Roland frå Læringsmiljøsenteret snakkar om korleis forståing av kommunikasjon og relasjon ligg til grunn for elevsamtalen. Bruk refleksjonsspørsmåla nedanfor til å tenkje gjennom korleis du/de brukar dette i elevsamtalar.
Refleksjonsspørsmål:
To teoretiske tilnærmingar knytt til relasjon og kommunikasjon blir nemnt i denne fagsamtalen: Pianta og kollegaer sin relasjonsteori (Pianta 1999, Pianta m.fl. 2012) og Stern (2007) sin teori om «Øyeblikkets betydning i psykoterapi og hverdagsliv».
- Korleis kan du som lærar bruke desse teoriane i samtalar med elevar?
- Kva ved desse teoriane gir meining i ditt møte med elevar?
- Korleis kan du bruke desse tankane om relasjonsbygging og kommunikasjon i ditt møte med foresatte?
Den utfordrande samtalen
Tilpassingar av tid og rom kan vera ekstra viktig når samtalen med elevar er utfordrande.
Her diskuterer Randi M. Sølvik og Pål Roland formelle og uformelle samtalar mellom elev og lærar. Dei snakkar om tilpassing av rom og tid som sentrale faktorar i utfordrande elevsamtalar. Bruk refleksjonsspørsmåla nedanfor til å tenkje gjennom korleis du/de brukar dette i elevsamtalar.
Refleksjonsspørsmål
Denne fagsamtalen framhevar tilpassing av rom og tid som sentrale faktorar i utfordrande elevsamtalar. Tenk over dine formaliserte og systematiske elevsamtalar.
- Når opplever du at desse samtalane er utfordrande og kvifor?
- Korleis kan du innafor din skulekvardag og dine rammer leggje til rette for gode elevsamtalar gjennom tilpassingar av til dømes plassering og tidsrom for samtalane?
- Kva andre tilpassingar kan du gjere i din kvardag for å imøtegå utfordrande samtalar?
Mange uformelle samtalar
Den formaliserte elevsamtalen skjer ikkje i eit vakuum, men må sjåast i samanheng med den relasjonsbygging som skjer gjennom heile skuleåret.
Den formaliserte elevsamtalen må sjåast i samanheng med den jamlege dialogen mellom lærar og elev gjennom eitt eller fleire skuleår. I denne filmen snakkar Pål Roland og Randi M. Sølvik om korleis læraren kan investere i korte samtalar i skulekvardagen. Når ein har bekrefta eleven, er det lettare å ta opp vanskelege tema. Fagsamtalen framhevar korleis ein byggjer sosial kapital i ulike samanhengar og korleis dette igjen verkar inn på dei meir formaliserte elevsamtalane.
Refleksjonsspørsmål
Tenk på dine erfaringar frå skulekvardagen.
- Korleis opplever du at dine erfaringar og historiar med elevane dannar grunnlaget for den formaliserte elevsamtalen?
- Gje eit døme på ein situasjon der du opplevde at dine tidlegare erfaringar med eleven gav eit godt grunnlag for den formaliserte elevsamtalen, og eit døme der dine tidlegare erfaringar med eleven ikkje gav eit godt grunnlag for å gjennomføre den formaliserte elevsamtalen.
- Korleis brukar du kvardagssituasjonar og overgangssituasjonar til å sjå og verdsette utfordrande elevar?
Elevsamtalen i lovverket
Elevsamtale er her forstått som samtalar mellom lærar og elev der både fagleg og sosialt fokus er vektlagt. Det er lagt til grunn i forskrift til opplæringslova at elevar har rett til minst ein samtale i halvåret. Samtalen inngår som del av retten til undervegsvurdering.
§ 9-6 i opplæringsforskrifta omhandlar samtale om elevane si utvikling. Der står det:
Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har rett til minst éin samtale i halvåret om den faglege utviklinga si. Samtalen kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 11-1.
Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har dessutan rett til jamleg dialog med kontaktlærar eller instruktør om korleis dei utviklar seg sosialt og på andre måtar. Dialogen skal sjåast i samanheng med opplæringslova § 1-3 og Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa.
Basert på lovgrunnlaget kan elevsamtalen forståast som eit verktøy for relasjonsbygging og klasseleiing, som ein opning for å avklare forventningar og setje nye mål, gje tilbakemeldingar, synleggjere meistring og utvikling og motivere elevar, og som eit utgangspunkt for elevmedverking i vurdering for læring.
Formalisert eller ikkje?
Elevsamtalen kan forståast som formalisert gjennom ein planlagt samtale mellom elev og lærar med mål om fagleg og sosial utvikling for eleven. I tillegg føregår ein mengde mindre systematiske samtalar mellom lærar og elev, i læringsaktivitetar, i overgangar mellom aktivitetar eller mellom friminutt og time, eller i friminutt.
Desse mindre formaliserte samtalane kan også forståast som del av jamleg dialog om anna utvikling, og kan sjåast som ei sentral side ved både undervegsvurdering og klasseleiing. Særleg er desse daglege samtalane i skulekvardagen viktige for å bygge «sosial kapital» i møte med dei utfordrande samtalane.
Enkelte samtalar er vanskelegare enn andre, anten fordi ein må snakke om utfordrande åtferd i klasserommet, fordi eleven opplever kriser og vanskelege situasjonar i sitt heimemiljø eller fordi eleven har særskilte behov. Ulike situasjonar krev ulike tilpassingar og eventuelt bruk av ulike hjelpeinstansar. Relasjonen som ligg til grunn blir såleis særleg avgjerande i møte med dei utfordrande samtalane, og dannar grunnlaget for den «sosiale kapitalen» ein går inn i samtalen med.
Tekst: førsteamanuensis Randi Myklebust Sølvik
Referansar:
Forskrift til opplæringslova (Lovdata)
Andre korte tekstar og filmar om elevsamtalen:
Jensen, R. & Leirvik, C.H. (2015). Elevsamtalen, læringsdialog og vurdering. Oslo: Gyldendal akademisk.
Limstrand, K. (red) (2010). Elevsamtalen. En metodebok for lærere. PEDLEX Norsk skoleinformasjon.


