Disputas: Lærarar ønskjer eigenutvikling for at elevane skal læra meir

Ksenia Solheim har forsvart si doktorgradsavhandling i utdanningsvitskap. Ho fann ut at lærarar ønskjer å læra meir om interaksjonar i klasserommet, då dei erfarer at det kan ha stor innverknad på elevar si læring.

Published Sist oppdatert

En kvinner som sitter  presenterer
– På bakgrunn av funna, kan ein argumentere for at lærarar, skuleleiarar, politikarar og lærarar i større grad bør vektlegge viktigheita av ungdomsskulelærarar si profesjonelle utvikling, seier Solheim.

Torsdag 4. juni disputerte Ksenia Solheim for doktorgrada i utdanningsvitskap ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger. I avhandlinga si «Teachers’ learning in classroom interaction» har ho undersøkt om lærarar oppfattar seg sjølve som motiverte til å utvikle sine eigne ferdigheiter innan klasseromsinteraksjon, og i så fall kvar motivasjonen ligg.  

Ksenia Solheim
Ksenia Solheim

Viktig for profesjonell utvikling

Klasseromsinteraksjon omfattar relasjonar mellom lærarar og elevar i klasserommet. Interaksjon mellom lærarar og elevar er eit sentralt aspekt ved klasseleiing, og har vist klar samanheng med elevens læring. Korleis lærarar organiserer aktivitetar i klasserommet, og relasjonen lærarane har med elevane sine, er også viktige faktorar for å utvikle gode læringsmiljø og for å førebygge mobbing.  

– Lærarane i studien viser til individuelt orientert læring, og seier at dei ønskjer eigenutvikling fordi dei meiner det er viktig for den profesjonelle utviklinga, men det kan sjå ut som at kollektive prosessar har ei enno sterkare påverknadskraft når det kjem til å skape resultat. Lærarane ønskjer også å utvikle seg sjølve fordi dei trur dette kan betre elevens læring, seier Solheim. 

Støtte frå rektor viktig 

Resultata frå doktorgradsavhandlinga viser også at skuleleiinga spelar ei viktig rolle når det gjeld lærarens kompetanseutvikling. 

– For mange lærarar var det viktig at rektor støtta vala dei tok, samt at dei la til rette for at prioriteringa av oppgåvene og forpliktingane vart gjort på ein føremålstenleg måte, seier Solheim.  

Ho meiner dette indikerer at lærarane treng meir kunnskap om korleis dei kan implementere kunnskap om klasseromsinteraksjon i praksis.  

– Dei treng også å få moglegheit til å vidareutvikle kunnskapen.  

Viktigheita av utvikling bør vektleggjast  

Avhandlinga til Solheim har eit multimetodisk design, og nyttar ei skildrande og utforskande kvalitativ tilnærming. Alle hennar tre artiklar baserer seg på data frå sjølvrapporterte loggar, og i artikkel nummer to vert det også trekt fram fokusgruppeintervju. I denne studien deltok 76 lærarar frå 14 norske ungdomsskular. 

– Funna frå studien har praktiske implikasjonar for den faglege utviklinga og koplinga mellom lærarane og elevane si læring. På bakgrunn av dette, kan ein argumentere for at lærarar, skuleleiarar, politikarar og lærarar i større grad bør vektlegge viktigheita av ungdomsskulelærarar si profesjonelle utvikling, avsluttar Solheim.  

Tekst: Maria Gilje Strand 

Foto: Getty Images