Sommarpraten: Eit senter i stor vekst

Det har vore ein travel vår for den nye senterleiaren Dag Jostein Nordaker ved Læringsmiljøsenteret. No ser han fram mot sommaren, og ein tur til sitt andre heimland.

Published Sist oppdatert

Senterleder Dag Jostein Nordaker
Senterleiar Dag Jostein Nordaker ser fram mot litt rolegare tider, og til at sommaren snart står for døra. Foto: Maria Gilje Strand.

I februar vart Dag Jostein Nordaker tilsett som senterleiar ved Læringsmiljøsenteret. Han hadde då fungert mellombels i stillinga sidan mars 2018, etter at han vart tilsett som avdelingsleiar på senteret mai 2017. På dei to åra som har gått sidan han byrja på senteret, har han opplevd ein stor vekst i både talet på tilsette og talet på førespurnader om eksterne oppdrag frå barnehagar, skular, Fylkesmenn og kommunar rundt omkring i heile landet.

- Vi rir på ei politisk bølgje av velvilje sidan mobbing og læringsmiljø framleis er sett som nasjonale satsingsområde. Å førebyggje mobbing handlar jo mykje om nettopp det å byggje gode læringsmiljø, seier han og syner til ein stor auke i blant anna enkeltoppdrag frå skular som har utfordringar med mobbing.

Skal vekse klokt
Men sjølv om senteret er i stor vekst, er det viktig å vekse på riktig måte, meiner senterleiaren. Han seier det vil vere avgjerande å vekse jamt på alle dei tre av sentra sine kjerneområde - nemleg forsking, utdanning og utoverretta verksemd.

- Det er veldig viktig at vi beheld identiteten vårt som både eit forskingssenter og eit senter som rettar seg mot omverda med forskingsbasert kunnskap. Det er mange som meiner at det som kjenneteiknar forskinga vår er at ho er så praksisnær, og det er det vi skal løfte fram i endå større grad i framtida – og det er difor den utoverretta verksemda er så viktig, seier han.

Senterleiaren har ein visjon om at Læringsmiljøsenteret skal vekse såpass mykje i framtida at det blir så robust at det utan tvil vert den føretrekte institusjonen på nasjonalt plan når det kjem til læringsmiljø og mobbing.

- For å få det til, må vi etablere oss som eit nasjonalt senter som driv utoverretta verksemd over heile landet. Vi er også nøydde til å synleggjere vår forsking og utoverretta verksemd både overfor departement og direktorat. I tillegg må vi konsolidere vår posisjon internt på universitetet, og få den autonomien vi har behov for, som gjer oss omstillingsdyktige til ei kvar tid, og som kan føre til at vi kan utvikle oss i den retninga vi har behov for, seier han.

- Fordel å kome «utanfrå»
Sjølv om den nye senterleiaren var ny på Læringsmiljøsenteret då han byrja, har han vore tilsett ved universitetet sidan 1990. Først som lærar innan pedagogikk og fagdidaktikk innan musikk og dans ved dåverande Rogaland musikkonservatorium – før han tok til på ein doktorgrad i pedagogikk. I 2011 vart han tilsett i stillinga som instituttleiar ved Institutt for musikk og dans – det som no heiter Fakultet for utøvande kunstfag.

- Eg opplever det som ein fordel at eg kom litt «utanfrå» miljøet som ny senterleiar, i og med at senteret består av to miljø fusjonert til ein institusjon, men det var samtidig positivt at eg kjente godt til universitetet frå før, seier han.

Nordaker synest han har vorte godt tatt imot av kollegiet på senteret. Han meiner at dei tilsette lever etter det dei jobbar med – nemleg læringsmiljø – og at dei er bevisste på kor viktig det er å både gje og ta imot ros.

- Og så er dei oppriktig engasjert i det å hjelpe barn og unge til å oppleve gode oppvekstvilkår, seier han.

Ser fram til sommarferie
No ser han fram mot litt rolegare tider, og til at sommaren snart står for døra.

 - Det blir godt å kunne sette seg litt meir ned for å samle alle trådane, og førebu neste haust og neste studieår, seier Nordaker.

Ein typisk sommardag for senterleiaren er enten i båt eller fotturar i fjellet kring familiehytta på garden der mora hans vaks opp, eller på tur med vener og kjente i Tanzania. Det som byrja med samarbeidsprosjektet NOTA  i 1998, då han arbeidde på Institutt for musikk og dans, har nemleg vorte noko så mykje meir for han.

- Tanzania er nærast blitt som ein slags andre heim for meg. Eg har vore der ein eller to gonger året – heile 52 gonger - heilt sidan 1998. Det er noko med folka og kulturen der. Eg berre må attende, seier han.

Sommarpraten

- Båtliv eller strandliv?  
- Strandliv

- Boklesing eller middagskvil?
- Ja takk begge deler, fin kombinasjon

- Softis eller saftis?
- Softis

- Jordbær eller vassmelon?                   
-  Jordbær

- Hyttetur eller sydentur?                       
- Hyttetur

Ny senterleiar ved Læringsmiljøsenteret

Namn: Dag Jostein Nordaker
Stilling: Senterleder ved Læringsmiljøsenteret
Alder: 60 år
Bur: Ullandhaug
Utdanning: Fløytepedagog, dans, spesialpedagogikk, hovudfag i musikkpedagogikk, doktorgradsutdanning i pedagogikk
Interesser: Trening, ølbrygging, kultur, reising og å spele hardingfele i spelemannslaget Vibå

Senterleder
51834023
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning