Leseopplæring på yrkesfag - det toget har vel gått?

I masteravhandlinga si frå 2014 undersøkte Edit Marie Asperanden om lesestrategiar var formålstenlege verkty når elevane på helse- og oppvekstfag skulle lese og lære fagstoff. Lærarar i dette programfaget definerte seg ikkje som leselærarar.

Published Sist oppdatert

Edit Asperanden
Edit Marie Asperanden

Etter ein prøveperiode med bruk av lesestrategiar merka lærarane at dei sjølve vart meir aktive og deltakande i klasserommet. Dei meinte at lesestrategiane definerte oppgåvene og målsetjinga slik at det blei lettare å rettleie konkret og framoverretta både i klassen og individuelt. Dei opplevde ikkje det å bruke lesestrategiar som eit meirarbeid, men heller som ein motivasjonsfaktor og eit påfyll dei trengte etter lang tid i skulen. Tilbakemeldingane frå elevane hadde og vore svært positive, og alle lærarane trekte fram at elevaktiviteten hadde auka monaleg, og at det såg ut til at elevane sin kompetanse blei høg når strategiar blei nytta.

Les Edit Marie Asperandens masteroppgåve