5 tips til god nynorskopplæring

Vil du at elevane dine skal bli betre i nynorsk sidemål? Treng skolen din ein plan for sidemålsopplæringa og meir samarbeid? Desse spørsmåla er det lett å svare ja på. Ei god sidemålsopplæring kan vere utfordrande å få til i praksis, men det finnes nokre grep ein kan ta.

Published Sist oppdatert

snakk saman om språk

Reidun Kydland er rådgjevar ved Nynorsksenteret

Læreplanmåla for både ungdomstrinnet og vidaregåande seier at elevane skal ha lik kompetanse både i nynorsk og bokmål. Men mange lærarar og elevar opplever at det ikkje fungerer slik. Når dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene og grammatikkleksjonane ikkje er nok til å gjere elevane til trygge språkbrukarar i nynorsk, korleis skal ein gjere det då?

Start tidleg

Det held ikkje å starte med sidemålslæringa til jul i niande klasse om elevane skal bli dugande skrivarar. Det kan ta lang tid å lære seg eit nytt skriftspråk, og jo betre tid ein har på seg fram til eksamen, jo meir sannsynleg er det at ein vil lære seg å meistre sidemålet. Det er også sannsynleg at elevane får færre negative haldningar til sidemålet om ein startar tidleg med å lese og skrive. Skolen bør ha ein plan for dei tre åra på ungdomsskolen eller vidaregåande, for det kan ikkje vere opp til den enkelte læraren om elevane lærer nynorsk godt eller ikkje.

Bruk varierte metodar

Variasjon i metodar er viktig. Det er lærarens oppgåve å vise interesse og motivere for nynorsk sidemål på lik måte som for andre delar av norskfaget, men det viser seg at lærarane bruker færre ulike metodar i sidemålsopplæringa enn i andre delar av norskfaget.

Det tradisjonelle fokuset på grammatikk og rettskriving er neppe nok til å gjere elevane til dyktige skrivarar. La elevane eksperimentere med å skrive på nynorsk i ulike sjangrar. Om ein skal bli flink til å spele piano eller sparke fotball, må ein øve seg. Det same gjeld skriving på nynorsk, det er øving som trengst. Kort og ofte er betre enn langt og sjeldan, ein dagleg dose nynorsk fungerer betre enn ein overdose to gonger i året.

Du treng ikkje alltid rette alt

Det er ikkje særleg motiverande for elevane å få tilbake ein innlevert tekst som er full av raudpennrettingar. Ein treng slett ikkje rette alt alltid, men kan i staden velje ut noko å kommentere og dermed gje elevane ein selektiv respons. Samskriving er også ein god idé, datateknologien gjev oss mange høve til å dele dokument. Det blir meir ufarleg om ein er to om ein tekst, og den diskusjonen som kan oppstå om val av ordformer eller bøyingsendingar, kan vere gull verdt. Gje elevane tilbakemelding undervegs, det hjelper meir for språkkjensla og språkutviklinga enn sluttvurdering.

Bruk nynorsk i kvardagen

Det er viktig at elevane ser nynorsk i kvardagen, på tavla, på plakatar, på mail eller i informasjon frå rektor. Elevane må oppleve at nynorsk er eit bruksspråk som kan brukast i alle samanhengar, at alt det som går an på bokmål går også an på nynorsk.

Bruk Språkløyper!

Fleire tips til god opplæring i nynorsk finn du i Språkløyperpakken «Nynorsk som sidemål». Her er også spørsmål til refleksjon og oppdrag til å prøve ut i klassane. Den refleksjonen de sjølv gjer saman på skolen dykkar for å bli samde om korleis de vil legge opp sidemålsundervisninga hos dykk, er det viktigaste.