Å motivere og engasjere for lesing i helse- og oppvekstfag

Når vi skal arbeide med elevane si læring og utvikle kunnskap, forståing og ferdigheit i helse- og oppvekstfag, må vi arbeide med språk.

Published Sist oppdatert

Lesing er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene og ein føresetnad for læring. Vi høyrer gjerne elevar seie at dei ikkje lærer så mykje av å lese sjølv. Dei vil heller at læraren formidlar munnleg fagstoffet for dei. Vi veit i dag at det ikkje finst noko yrke der ein kjem utanom det å lese, og det er såleis viktig at vi lærer elevane våre gode læringsstrategiar som trener dei i å ta seg fram i fagtekstar. I helse- og oppvekstfag er det og ein annan fagleg dimensjon vi må tenkje på.  

Mange av elevane våre går ut i yrker der dei skal lese for å formidle.  Ein barne- og ungdomsarbeidar for eksempel, han skal lese barnebøker, rim og regler, eller fagbøker når han hjelper eit barn i skulen. Som helsefagarbeidar må ein kanskje lese til brukarane frå ei avis, eit vekeblad eller frå Bibelen. Klasserommet utgjer eit mangfald og læraren skal drive tilpassa opplæring slik at alle elevane blir aktive i sin eigen læringsprosess. Vi trur at alle elevane har lyst til å lære, men dei har gjerne ikkje lyst til å leggje ned tilstrekkeleg tid og arbeidsinnsats i læringsarbeidet sitt.

Skulen skal motivere dei og skape engasjement både i lesing og læring. Det å utvikle lesing som grunnleggande ferdigheit er noko vi må jobbe med heile tida. Vi blir aldri ferdig med å lære å lese!

«Leseplanleggjaren» som reiskap i planlegging for engasjement og motivasjon

Korleis kan vi planlegge undervisning slik at elevane vert meir aktive i eigen lese- og læringsprosess? «Leseplanleggjaren» (Lesesenteret, 2015) er eit planleggingsverktøy ein kan bruke i alle fag. «Leseplanleggjaren» synleggjer at lesinga ikkje kan vere ein lausriven aktivitet, men må sjåast i samanhengen med mål, arbeidsmåtar og vurdering. Som del av planlegginga deler vi inn lesinga i ein før-, under- og etterfase. Dette kan vi kalle for leseprosessen. I filmen «Leseprosessen» frå Språkløyper.no introduserer universitetslektor Edit Marie Asperanden og førsteamanuensis Anne Håland ved Lesesenteret leseprosessen og planleggingsverktøyet «Leseplanleggjaren».

I Språkløyper-filmen Leseprosessen blir blant anna leseprosessen og planleggingsverktøyet "Leseplanleggjaren" introdusert. Du kan sjå filmen via denne lenka. 

Korleis kan vi motivere og engasjere elevane til å lese fagtekstar?

Det er særleg i det vi kallar førlesingsfasa i leseprosessen at læraren kan planlegge korleis engasjere og motivere elevane til å lese og lære. Det kan ein f.eks gjere ved å sette mål for det dei skal lære, utfordre elevane, aktivere eller bygge førkunnskap og be dei orientere seg i teksten (Fuglestad, Hoem og Håland, 2017). I forskingslitteraturen vert det peika på at ingen einskildfaktor har større tyding for leseforståing og minnet enn dei kunnskapane eleven har om emnet frå før (Bråten, 2007). Då er det avgjerande å få fram kva elevane har av kunnskap. Når elevane oppdagar at dei faktisk har kunnskap om emnet allereie kan dei bli motiverte og engasjerte i arbeidet med lærestoffet.  Det er eit godt utgangspunkt for det vidare  læringsarbeidet. I fagfilmen «Leseprosessen og førlesingsfasa» presenterer Edit Marie Asperanden «Bobla», «Møtast på midten» og «Kven skal ut» som konkrete arbeidsmåtar læraren kan nytte og som eignar seg godt for å aktivere, engasjere og motivere elevane til emnet «konflikthandtering» i helse og oppvekstfag.

I Språkløyper-filmen Leseprosessen og førlesingsfasa blir ulike arbeidsmetodar presentert, som kan motivera og engasjera elevane i arbeid med lærestoff. Du kan sjå filmen via denne lenka.

Av universitetslektor Ingeborg M. Berge og universitetslektor Edit Marie Asperanden, Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

Referansar:

Andreassen, R. (2007). Eksplisitt opplæring i leseforståelse. I I. Bråten (red.), Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen Akademisk forlag.

Fuglestad, U., Hoem, T.F. & Håland, A. (2017). God leseplanlegging. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Lesesenteret (2015). Leseplanleggjaren