Kan litterær analyse på barnetrinn stimulere til leselyst?

Å analysere skjønnlitterære tekstar slik ekspertar i faget gjer, krev både tolmod og konsentrasjon. Men dei som har prøvd seier det gir mykje tilbake. Er det mogeleg å øve elevane i å lese med eit fortolkande blikk samstundes som ein vektlegg den gode leseopplevinga, og i tilfelle, korleis kan det gjerast?

Published Sist oppdatert

I Språkløyper-pakken Utforsking av skjønnlitterære tekstar i norskfaget finn de nokre svar.

Å lese med eit fortolkande blikk

Elevane skal altså ikkje berre bli glad i å lese, dei skal også utvikle seg som litterære lesarar. Det betyr å lære å lese med eit fortolkande blikk. Kunnskapsløftet seier om leseutvikling i norskfaget at: «Utviklinga går frå grunnleggjande avkoding og forståing av enkle tekstar til å kunne forstå, tolke, reflektere over og vurdere stadig meir komplekse tekstar i ulike sjangrar (Utdanningsdirektoratet, 2013). For å utvikle seg som lesar må altså elevane få bryne seg på stadig meir komplekse tekstar, tekstar som utfordrar og som gir motstand, og dei må sjølv få vere aktive i utforsking og tolking.

Kva skjer når me les skjønnlitteratur?

Når me les skjønnlitteratur er me aktive medskaparar av tekst. Det betyr at me prøver å skapa meining ut av det me les, og prøver å danne oss ei heilskapleg inntrykk av teksten basert på små og store observasjonar. I møte med skjønnlitterære tekstar vil ei slik aktiv medskaping blant anna visa seg ved at me eksempelvis prøver å få samanheng i hendingane og skapa oss eit bilete av personane. Når me les skjønnlitteratur dannar me oss også hypotesar og stiller spørsmål. Me kan stilla spørsmål til personane sine handlingar og danna hypotesar rundt den vidare handlinga og me kan danna oss eit bilete av personar og miljø utan at dei er ytre skildra. På den måten fyller me tomme rom i teksten. Me seiar då at me tolkar teksten.

Litterære samtalar

Ikkje alle elevar kjem inn i ein aktiv prosess med å danna hypotesar, stille spørsmål og fylle tomme rom i teksten på eiga hand. Det kan skyldast lite erfaring  med lesing, at eleven har eit avgrensa ordforråd og ikkje forstår innhaldet eller kan hende teksten er kompleks og byr på motstand. Når elevane får ta del i samtalar med andre om det dei les, hjelper dei kvarandre med å danne seg førestillingar.

For å lukkast med litterære samtalar er det viktig at elevane kjenner at dei er med i eit verkeleg tolkingsarbeid. Viss læraren vil ha elevane med på ei bestemd, «rett» tolking, eller viss teksten er for enkel, vil mange elevar finne det meiningslaust å engasjere seg. Det er eit mål med litterære samtalar at elevane får øve seg i å tenke, lure på noko og sjølv granske teksten for å finne svar på det som verkar uforståeleg.

Å innlemmast i eit tolkingsfellesskap

Når læraren er interessert i elevene sine observasjonar og reaksjonar på det dei les, og når læraren set pris på elevane som meiningsprodusentar i eit felles tolkingsarbeid, erfarer dei at alle kan bidra til at tekstane faldar seg ut. Det betyr ikkje at alle tolkingane berre skal aksepterast som like gode eller rette, men at alle innspel er potensielt interessante. Det handlar om å formidle ei haldning, eller ein lesemåte. Skjønnlitterære tekstar kallar på ein utprøvande og granskande lesar. Å få høve til å lese, tolke og samtale om vanskelege tekstar i lag med andre kan gje både mestringsopplevingar og sterke leseopplevingar.

Du kan læra meir om desse problemstillingane i Språkløyper-pakken Utforsking av skjønnlitterære tekstar i norskfaget.

Av Marit Aasen, universitetslektor ved Lesesenteret