Lesesenteret-forskar med i regjeringsutnemnd ekspertgruppe

Professor Per Henning Uppstad ved Lesesenteret skal vere med i ei ekspertgruppe som skal vurdere bruken av digital læringsanalyse. Målet er betre læring for elevar og studentar.

Published Sist oppdatert

elever jobber på pc
God bruk av informasjonen frå digitale læringsaktiviteter kan bidra til å utvikle pedagogisk praksis og gi betre læring for elevar og studentar.

Digital læringsanalyse er til dømes analyse av data frå elevane sine digitale læremiddel, eller frå studentane sine læringsplattformer.

– God bruk av informasjonen vi har frå digitale læringsaktiviteter kan bidra til å utvikle pedagogisk praksis og gi betre læring for elevar og studentar. Slik læringsanalyse vil kunne bli ein viktigare del av framtidas utdanning, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

– Samstundes treng vi å vite meir om korleis digital læringsanalyse påverkar kva elevane og studentane lærer, og å sjå nærare på utfordringar knytt til personvern, juss og etikk. Derfor set vi ned ei breitt samansett gruppe med ekspertar på jus og etikk i tillegg til skole- og teknologisektoren.

Fagekspertar frå fleire felt

Professor Per Henning Uppstad ved Lesesenteret, UiS, er ein av medlemmane i gruppa, som består av fagekspertar frå skole og utdanning og fagområde som etikk, teknologi og jus. Professor Marte Blikstad-Balas frå UiO skal leie gruppa.

Ekspertgruppa skal gi Kunnskapsdepartementet betre grunnlag for slutningar om digital læringsanalyse og adaptive læremiddel, prøver og testar i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. Ekspertgruppa skal også gi råd om både regulering og andre tiltak. Ho skal i tillegg vurdere pedagogiske og etiske spørsmål, og juridiske spørsmål og personvernomsyn. Vidare skal gruppa gi innspel om korleis ein kan utvikle god praksis ved bruk av læringsanalyse, i tråd med etiske og pedagogiske normer og gjeldande regelverk.

Les meir hos Regjeringen.no.

Omtalt i saka

Professor i spesialpedagogikk
51831268
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking