Kombinerte kommunikasjonsstudiar med kommunikasjonsjobb

Are Braaten tok årsstudiet i kommunikasjon ved sidan av jobb. Han fortel om eit studium som har gitt han fagleg tyngde og gjort han meir førebudd på korleis handtere kommunikasjonsfaglege problemstillingar i jobben sin.

Published Sist oppdatert

Foto av en mann i lysegrå skjorte med mørkeblondt hår og skjegg. Mannen ser inn i kamera og smiler, og på veggen bak han henger to fotografier.
Are Braaten kombinerte årsstudiet i kommunikasjon med jobb som rådgjevar i Norges Bondelag. Foto: privat.

Korleis vil du beskriva tida di på årsstudiet i kommunikasjon?

– Det har vore nyttig og lærerikt – og ganske kjekt. Det er ti år sidan eg vart ferdig med masteren, og det var gøy å få vere litt student att.

Kvifor valde du å søkja på årsstudiet i kommunikasjon?

– For å få fagleg tyngde i det eg jobbar med. Eg jobbar i ein større organisasjon med ei eiga kommunikasjonsavdeling, men mi fylkesavdeling har ingen med konkret kommunikasjonsbakgrunn. Me er fire stykk der alle må vere litt tusenkunstnarar. Kommunikasjon er då ein av fleire oppgåver eg driv med. Men kommunikasjon er eit stort felt og krev eigen kompetanse, og då var årsstudiet ein gyllen sjanse til å løfte min og fylkeskontoret sin fagkompetanse.

Du jobbar jo allereie med kommunikasjon – kva utbytte synest du at du fekk av å ta årsstudiet?

– Det gjorde at eg fekk moglegheit til å sjå kva eg hadde gjort feil og kva eg hadde gjort rett i kommunikasjonsarbeidet dei siste ti åra. Det har vore nyttig å lære strategisk kommunikasjon og få betre innsikt i dei digitale prosessane kring søkemotoroptimalisering og liknande.

Korleis var det å kombinera studiet med jobb?

– Eg har vore heldig med ein fleksibel arbeidsplass, men det har ikkje vore så vanskeleg eigentleg. Førelesingane har vore på måndag og tysdag morgon eller føremiddag, noko som gjer det lett å ta det først og så sitje litt lenger på jobb. Elles kan eg lese og gjere oppgåver på kveldstid og i helgane. Fordelen med å vere vaksen student med grad, er at ein har rutinane på plass.

Kva var det mest spennande med årsstudiet i kommunikasjon?

– Samarbeidet med arbeidslivet har vore svært interessant, særleg då me var i krisesenteret til Equinor.

Kva erfaringar og lærdom tar du med deg frå studiet i det vidare arbeidslivet?

– Eg drog nytte allereie før første førelesing. Eg las pensum om sommaren, og då eg fekk nokon kommunikasjonssaker i hendene, var eg allereie betre førebudd. Det har vore ganske nyttig å ha meir fagleg tyngde når me har møtt reelle kriser på jobb som må svarast ut til media og interessentgrupper.

Kven synest du studiet passar for?

– Eg trur nyutdanna studentar og dei som har nokon år i arbeidslivet, har svært god nytte av studiet, då det tilfører kompetanse som er etterspurd. Særleg viss det er lett å kombinere med ein vanleg arbeidsdag.

Are Braaten
Jobbar som

Rådgjevar i Norges Bondelag.

Kva går jobben ut på?

Ein kombinasjon av organisasjonsarbeid, politikk og kommunikasjon. Braaten har blant anna ansvar for jordvern og klima på fylkeskontoret.

Utdanning

Master i samanlinknande politikk ved UiB og årsstudium i kommunikasjon ved UiS.

Alder

36 år.

Studietilbod mediefag