MEES-studentar til topps på hackathon

Studentar på master i energi og miljø markerte seg då miljøproblem skulle «hackast».

Published Sist oppdatert
Future Energy Hack i Dataverkstaden!

I helga blei Nordic Edge Future Energy Hack - Greener Spaces and Places arrangert. Her deltok 30 studentar frå ulike studieretningar, blant anna studentar frå Master in Energy, Environment and Society (MEES). Dei gjorde det særs bra, og MEES-studentar var prepresentert på laga som vant første-, andre- og tredjeplass.

Claudia Cheng (MEES-student) var med på laget som gjekk heilt til topps, medan medstudentane Gunn Kristine Notland og Rouven Uzelmaier var med på laga som på plassane bak.

Studentar «hacka» kreative miljøløysingar

Ei smart søppelbøtte, ein levande park og sikrare strømstyring i heimen. Desse og andre løysingar blei klekka ut under Future Energy Hack.

Det var Future Energy Hub ved UiS som stod bak arrangementet 15.-17. mars, der både offentlege og private partnarar deltok. 30 studentar og 15 mentorar frå arbeidslivet hadde meld seg på for å «hacka» heilt nye, praktiske løysingar på kjende miljøproblem.

Mentorane kom frå: Lyse, Infotiles, Creator, Smartbyen, Nordic Edge, LevelUp, Veni, FutureHome og Stavanger Kommune.

Tre oppgåver

Dataverkstaden på UiS syda av liv frå fredag ettermiddag til søndag kveld. Åtte studentlag jobba intenst i 48 timar, etter innovasjonsprinsipp vi kjenner frå teknologi- og gründermiljø. Idéutvikling, prototyping og testing i ein runddans på veg mot brukarvenlege og effektive løysingar.

Tre oppgåver blei presenterte for studentane, som kom frå ulike deler av verda og ulike studium ved UiS:

  • Utforming av den planlagde parken i Lervig
  • Ein meir miljøvenleg universitetscampus
  • Løysingar for trygg bruk og deling av strøm

Søndag ettermiddag presenterte dei åtte gruppene forslaga sine for kvarandre og ein jury, som gav pris og heider til dei tre beste.

Mindre matavfall

Førsteplassen blei sikra av Team Emission, for konseptet om ei intelligent søppelkasse som kan nyttast i kafeane på campus. Når studentar og tilsette ikkje spis opp maten sin, kastar dei restane på veg ut.

Den intelligente søppelkassa veg maten, og kunden kan gi tilbakemelding via ein berøringsskjerm om kvifor dei kasta maten: Var porsjonen for stor, eller likte dei ikkje smaken?

Tilbakemeldinga kan gi kafeen informasjon som kan nyttast til å redusere matsvinn, som er eit stort miljø- og klimaproblem i verda.

Gratis frø i parken

Andreplassen gjekk til laget Co-creators, som jobba med utforminga av Lervigparken. Deira forslag er å lage ei dynamisk oppleving i parken, og samtidig bidra til å skape ein grønnare kvardag.

Dei vil gi ut frø som premie for å bruke parken, og motivere folk til å vere i rørsle. Frøa kan plantast i spesialdesigna blomsterkasser som kan flyttast rundt i parken for å gjere den meir dynamisk og levande.

Strøm i skyen

Tredjeplassen var det Ni8watchers, med sitt konsept «Arctic Angel», som fekk. Dei jobba med den siste oppgåva om løysingar for trygg bruk og deling av strøm. Dei kom fram med eit todelt forslag, der den første delen omhandla ein smart-stikkontakt som kan vise det reelle strømforbruket på apparata som er kopla til.

I tillegg ønsker dei å samla dataa i ei skyløysing, slik at dei ved hjelp av kunstig intelligens kan laga ein database over strømforbruket frå dei ulike apparata. Då kan ein enkelt sjå kva apparat som bruker mest strøm. I tillegg aukar det tryggleiken, då systemet på eit tidleg stadium kan oppdage feil, som i verste fall kan føre til brann.

- Gode løysingar

Rådgjevar Helleik Syse frå Future Energy Hub var prosjektleiar for hackathonet. Han er godt nøgd med arrangementet:

– Eg synst ideane studentane kom opp med er veldig gode. Dei har tenkt på brukarane, og testa ideane i løpet av prosessen. Dette gjer at sluttproduktet dei har foreslått har høg kvalitet. Eg er òg veldig glad for at alle oppgåva blei representert blant dei tre vinnarlaga, seier han.

Inkubatoren er med

Syse håper studentane har hatt utbytte av arrangementet, og at dei har fått god kontakt med lokalt næringsliv og kommunen i løpet av helga.

– No er en spent på å sjå om desse ideane resulterer i løysingar som blir tatt i bruk. Studentinkubatoren var tett på gjennom heile helga, så eg håper vi får sjå meir til desse smarte hovuda i tida framover, seier Syse.

Ny hackathon i 2020?

Han seier det er for tidleg å sei om det blir nytt hackathon neste år, men dette arrangementet har gitt meirsmak.

– Det har vore svært hektisk og spennande å få ta del i dette. Det er veldig gjevande å bli kjent med så engasjerte og arbeidsame studentar og mentorar, avsluttar han.

Tekst: Leiv Gunnar Lie, Mari Løvås og Karoline Reilstad

Først publisert 20.03.2019