Hopp til hovedinnhold

Millionar til forsking på barn og unge si utvikling og læring

Forskarar ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora fekk god utteljing på Forskingsrådet si utlysing av prosjekt denne hausten. Ei tildeling som handla om evaluering av effektar av tiltak.

Publisert: Endret:
Forskarar ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora har fått millionar i støtte til å forske på barn og unge si utvikling. Foto: Getty Images

Utlysinga, som er del av ei større utlysing av samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv, omfattar store prosjekt som forutset aktivt samarbeid med praksisfeltet i barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring. Blant søknadane som fekk tildeling, finn ein to med prosjektleiarar ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger.

Læringsmiljøsenteret fekk full utteljing

Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) sende to søknadar til utlysinga som begge fekk støtte. Det eine prosjektet har fått namnet SELMA: Social and Emotional Learning and Life Mastery in Early Childhood Education and Care, medan det andre er prosjektet INTERACT: Enhancing upper secondary students’ engagement and learning through video-based professional development on teaching interactions.

Tildelingane er svært gledeleg, men ikkje tilfeldig, seier senterleiar Dag Jostein Nordaker ved Læringsmiljøsenteret.

– Dette er resultat av eit målretta, systematisk og langsiktig arbeid ikkje berre ved senteret, men fakultetet og heile UiS. Det er ikkje tilfeldig at universitetet får så god utteljing akkurat på denne utlysingstypen. Prosjekta krev godt samarbeid med praksisfeltet, noko vi har lang erfaring med, og i desse prosjekta har vi bygd på etablerte samarbeidsrelasjonar, seier han.

Skal utvikle intervensjon innan livsmeistring

SELMA-prosjektet er eit samarbeid mellom Kanvas Barnehagane, Sandnes kommune, Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger (HHUiS) og Læringsmiljøsenteret – og inngår som ein del av barnehageforskinga ved UiS i FILIORUM – senter for barnehageforsking ved UiS.

Les også: Glede og begeistring når barnehagene skal få nye nettressurser

Prosjektet vart tildelt 20 millionar kroner av Forskingsrådet. Målet med prosjektet er å utvikle og evaluere ein intervensjon for barnehagelærarar og barn innan sosial og emosjonell læring og livsmeistring. Prosjektet vert leia av professor Ingunn Størksen i samarbeid med professor Mari Rege ved HHUiS.

– Dette var ei utruleg kjekk førjulsgåve, seier Størksen og forklarar at temaet livsmeistring er eit svært aktuelt og viktig tema for barnehagar.

– Livsmeistringstemaet har også vorte aktualisert i stor grad no under pandemien. Det er viktig å kunne stå i ting når det er vanskeleg, og at barn vert robuste for påkjenningar gjennom leik og samspel med kvarandre og barnehagelærarar. Difor er det også viktig at dei som arbeider med barn, har god kunnskap om dette temaet, seier ho.

Størksen legg også til at ho er veldig glad for å ha med seg gode samarbeidspartnarar i Sandnes kommune og Kanvas barnehagane med på laget.

Skal auke motivasjon kring læringsaktivitetar

Læringsmiljøsenteret fekk òg støtte til prosjektet INTERACT, som er eit samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune og Rogaland Fylkeskommune.

Prosjektet har som mål å auke engasjement og motivasjon kring læringsaktivitetar hos elevar i vidaregåande opplæring. Det langsiktige målsettinga er å bidra til redusert fråfall i vidaregåande opplæring. Prosjektet vert leia av professor Sigrun K. Ertesvåg og førsteamanuensis Grete S. Vaaland. Prosjektet vart tildelt 20 millionar kroner.

–  Vi gler oss stort til å realisere desse to prosjekta saman med samarbeidspartane våre. Store samarbeidsprosjekt som dette, er krevjande om dei skal ha den høge kvaliteten desse prosjekta har, men dei er òg svært meiningsfulle ettersom dei er tydeleg retta mot å bidra til at barnehagar og skular kan arbeide forskingsbasert, seier senterleiar Nordaker.

Forsking på lesing i fleirspråklege familiar

I tillegg til dei to prosjekta med prosjekteigarar frå Læringsmiljøsenteret fekk også Lesesenteret tildeling til «Shared Reading Practices in Early Childhood Education and families for Language Learning and Literature experiences» (Sprell).

«Sprell» handlar om lesing for fleirspråklege barn både i barnehagen og heime. Eitt mål er å styrke kompetansen til dei tilsette i barnehagen på å bruke bøker i språkarbeidet. I tillegg er eit av måla å fremje samarbeid mellom fleirspråklege heim og barnehagen gjennom å ha felles leseprosjekt.

– Lesing og utforsking av språket i barnehagen og i heimen til barn som har meir enn eitt språk, er områder det trengs meir kunnskap om. Me har tru på at det å ha felles prosjekter, som å lese same boka på norsk i barnehagen og på morsmålet heime, også vil vere med på å styrke samarbeidet mellom barnehagen og heimen, seier prosjektleiar Trude Hoel, som er førsteamanuensis ved Lesesenteret.

Utviklar eit digitalt, fleirspråkleg barnebokbibliotek

Forskargruppa skal, i samarbeid med bok-plattforma Lesemeister og fleire norske forlag, digitalisere norske barnebøker og omsette dei til fleire språk. Slik vil bøkene vere tilgjengelege for familiar som ikkje snakkar norsk heime. Digitaliseringa av bøkene vil vere basert på erfaringar og kunnskap utvikla mellom anna i Vebb-prosjektet

– Vi vil lage om lag 20 bøker, så her får familiane faktisk tilgang til eit heilt bibliotek av norske barnebøker, på sine språk, seier Hoel. 

Sprell er eit samarbeid mellom barnehageforskarar ved Universitetet i Stavanger og fleirspråklege foreldre i Sandnes kommune.

– Vi har samarbeida med barnehagar og fleirspråklege familiar i Sandnes før, og me er veldig stolte og glade for å no ha fått tildelt midlar til å gjennomføre Sprell-prosjektet. Om lag 20 prosent av barna i Sandnes er fleirspråklege, og kommunen er difor ein god samarbeidspartnar for oss når me søker kunnskap om bruk av bøker og lesing i barnehagen sitt språkarbeid, seier Hoel.

Stolte og glade

Andre samarbeidspartnarar er Lesemeister, FBU senter for fleirspråklege barn og unge i Sandnes, og forskarar ved Universitetet i Tromsø, Universitetet i Agder og Dronning Mauds Minne Høgskole. «Sprell» vart tildelt i overkant av 15 millionar kroner og prosjektperioden er på tre år.

Med tildeling på to prosjekt og til saman over 35 millionar kroner, kan FILIORUM- Senter for barnehageforsking seie seg godt nøgde med denne utdelinga, fortel Elin Reikerås.  

– Vi er både stolte og glade over tildelingane. Dette er prosjekt som viser breidda av metodiske tilnærmingar, tverrfaglegheita vår og samarbeidet mellom barnehageforskarar på tvers av eining og fakultet. Tildelingane syner kor sterkt fagleg miljø vi har innan barnehageforsking ved Universitetet i Stavanger, seier Reikerås.

Synapse Lab

Universitetet si satsing gjennom Synapse Lab, er eit tverrfagleg initiativ for forsking retta mot motivasjon og læring innan utdanning og arbeidsliv med randomiserte kontrollerte forsøk (RCT) design. Dette har òg vore viktig med tanke på at ein no fekk såpass god utteljing i Forskingsrådet si utlysing.

Denne utlysinga krev RCT-design, som er svært krevjande både økonomisk og med omsyn til kompetanse. Det er såleis svært viktig å trekke vekslar på kompetanse på tvers av fagområde og einingar. Prosjekta det er gitt støtte til samt forskarane i to av dei omtala prosjekta, SELMA og INTERACT er sentrale i Synapse Lab.

Tekst: Maria Gilje Strand

Tilsette som vert omtala i saka:

51832931
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Professor
51832934
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Professor
51833721
Avdeling for samfunnsøkonomi og finans
Professor
51833209
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Førsteamanuensis
51833451
Institutt for barnehagelærerutdanning
Professor
51834023
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Senterleder
51832926
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Førsteamanuensis