Hopp til hovedinnhold

Mobbeloven – ei bok om kapittel 9 A i opplæringslova

Erling Roland er ein av landet sine fremste ekspertar på mobbing i skulen. No er han aktuell med ei bok som på systematisk vis tek for seg forarbeidet og intensjonane med endringa av kapittel 9 A i opplæringslova.

Publisert: Endret:

Om boka

Mobbeloven

Forfattar: Erling Roland

Tittel: Mobbeloven: opplæringslovens kapittel 9A og god praksis

Forlag: Fagbokforlaget

År: 1. utg. 2020

ISBN: 9788245033427

Sider: 163

Kjøp boken
Fagbokforlaget

Boken kan kjøpes direkte fra forlaget eller i bokhandelen.

Mobbeloven: opplæringslovens kapittel 9A og god praksis av Erling Roland.

I 2017 vart det gjort ein endring av kapittel 9 A i opplæringslova. Denne endringa innebar viktige avgjersler om elevane sitt skulemiljø, og dette påverkar svært mange i deira daglege liv. Professor Erling Roland ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger har nær kontakt med skulesektoren, og er ofte ute på oppdrag på skular rundt omkring i landet. Han opplev at mange lærarar og rektorar nyttar mykje krefter på å tolke regelverket og å finne fram til god praksis. Det inspirerte han til å skrive ei bok om tematikken. Resultatet vart Mobbeloven – opplæringslovens kapittel 9 A og god praksis, som kom på marknaden i byrjinga av månaden.

- Eg tykte det var viktig å skrive ei bok om nye kapittel 9 A i opplæringslova, fordi det vil gje ein samanhengande skildring av eit problemfelt som påverkar mange tusen elevar, deira føresette og skulane, seier Roland.

Kan vere nyttig for skulesektoren

Roland har lang erfaring i å forske på mobbing, andre åtferdsvanskar og klasseleiing, og har skreve fleire bøker innan desse områda med bakgrunn i forsking og erfaring frå skulen. No vonar han den nye boka kan vere nyttig for lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, lærarstudentar, politikarar og andre som ynskjer ei djupare innsikt i regelverket, og kva som er god praksis når det gjeld kapittel 9 A.

Boka består av to delar – der den første handlar om bakgrunnen av endringa av kapittel 9 A samt forarbeidet i form av stortingsmeldinga og sjølve lovteksten. I boka si andre del, tek Roland lesarane med på ein grundig gjennomgang av kvart ledd i aktivitetsplikten og kva som kan vere god praksis. Til slutt vurderer han handhevingsreglande og rolla til Fylkesmannen.

- Det har vore spanande å skrive denne boka, og eg håpar og trur den kan vere nyttig for fleire der ute – spesialt for dei som arbeidar innan skulesektoren, seier han.

Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Fagbokforlaget

Les mer