Mobilapp for betre hjelp ved hjartestans

Via telefonkamera kan tilfeldige hjelparar bli guida til å gi betre hjarte- og lungeredning.

Published Sist oppdatert
Kvinne øver livredding på ei dokke med mobiltelefonen ved sidan av.
Ein person som skal utføre hjarte- og lungeredning, kan plassere telefonen ved sidan av pasienten. Her blir appen testa på ei dokke. (Foto frå forskingsartikkelen «Chest compression rate measurement from smartphone video»).

Artikkelen blei fyrst publisert i april 2017
Tekst: Karoline Reilstad

Årleg blir mellom 3000 og 5000 menneske ramma av hjartestans i Noreg, og to tredjedelar av desse hendingane skjer utanfor sjukehus. Vanlege folk si innsats før ambulansen kjem, kan vere forskjellen mellom liv og død.

Livreddar i lomma

Hjarte- og lungeredning dei fyrste minutta mangedoblar sjansane for å overleve ein hjartestans. Utfordringa er at mange er usikre på kva dei skal gjere, eller dei er redde for å gjere feil.

Løysinga kan vere det nesten alle ber rundt i lomma, nemleg smarttelefonen. Allereie finst appar som automatisk sender GPS-plasseringa di til Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) når du ringjer 113.

Det finst også ein handfull appar som registrerer brystkompresjonar (trykk mot brystkassa) ved hjelp av innebygde sensorar i telefonen. Ulempa er at då må telefonen liggje oppå pasienten.

Appen bruker kamera

Forskarar ved Universitetet i Stavanger tek saman med Laerdal Medical eit steg vidare.

– Vi har utvikla den fyrste appen som bruker kameraet på mobilen for å måle kompresjonane, seier professor Kjersti Engan ved Institutt for Institutt for data- og elektroteknikk ved UIS.

I ein nødssituasjon kan ein tilfeldig hjelpar starte appen og plassere telefonen ved sidan av pasienten. Fordelen med å bruke kameraet er at telefonen då ligg ved sidan av pasienten.

– Når ein komprimerer er det viktig å ikkje kome borti knappar på telefonen, sidan det kan bryte det viktige telefonsambandet med alarmsentralen, seier stipendiat Øyvind Meinich-Bache.

Dersom det blir utført hjarte- og lungeredning, vil appen måle kor raske brystkompresjonar som blir gjorde. Dersom raten er utanfor dei tilrådde 100 til 120 kompresjonar i minuttet, gir appen melding om anten å auke eller redusere farten. Appen registrerer også opphald i kompresjonane, anten fordi hjelparen sluttar eller gjer opphald for å gi innblåsingar.

Har løyst hårfloke

Appen er testa på avanserte dokker på Laerdal. Ved å samanlikne resultata som har vore registrert på dokka og appen, ser forskaren kor nøyaktig appen er.

I fyrste runde påverka hårlengda til den som utførde kompresjonane kor presist resultatet blei. Når hjelparen hadde langt og laust hår var nøyaktigheita lågare enn når ved korthåra hjelparar. 

– No er desse problema løyst, og i testane er presisjonen på 98,2 prosent, seier Meinich-Bache.

Appen er også testa i varierande lysforhold, med ulike kameraposisjonar og med forstyrringar i biletet. Den er også testa utandørs.

Håper å måle djupn

I tillegg til frekvens, er djupna på kompresjonane (kor langt brystet blir trykt ned) avgjerande for kvaliteten på hjarte- og livredning. Forskarane prøver å få appen til å måle og gi tilbakemelding også på dette.

– Vi klarer det når vi veit høgda på hjelparen, men vi håper å løyse det slik at appen måler riktig sjølv ved ukjent høgd, seier Meinich-Bache.

UiS-forskarane samarbeider med Laerdal Medical, som er verdsleiande leverandør og produsent av høy- teknologiske produkt innan medisinsk fyrstehjelp og trening.

– Vi har samarbeidd om forsking og utvikling i over 20 år. Det er mange eksempel på publikasjonar som har kome ut av det samarbeidet, seier forskingsdirektør ved Laerdal, Helge Myklebust.

Saka er også publisert på forsking.no. Referanse Engan, K., Hinna, T., Ryen, T., Birkenes, T.S., and Myklebust, H. (2016). Chest compression rate measurement from smartphone video. BioMedical Engineering OnLine