"Mopp og Mikko elskar dyr" av Kari Stai

Boka av Kari Stai har blitt brukt i leseaktivitetar i Ølensjøen FUS barnehage.

Published Sist oppdatert

Mopp og Mikko elskar dyr omslag

Det er – til no – fire bøker om Mopp og Mikko. I denne boka elskar Mopp og Mikko dyr. I dei tre andre bøkene elskar Mopp og Mikko ting, mat og kjøretøy. I alle bøkene drar Mopp og Mikko på jakt, og me følgjer dei i jakta medan traktoren, trucken, båten eller handlevogna vert fylt opp. Dette er bøker laga for dei yngste barna.

Boka i bruk
- Introduksjon av boka
Boka blei  introdusert i ei samling. Me hadde funne fram ein traktor med tilhengar og nokre av dei dyra som er i boka, både for å konkretisere innhaldet og gje barna høve til å kunne ta på og halde i dyra etterpå. På vår avdeling er barna svært glade i dyr, og er motiverte straks dei ser eit dyr bli tatt fram. Medan me fortalte/las frå boka, sette me fram traktoren og fylte hengaren med dyra, slik det føregår i boka. Det var vellykka, barna følgde engasjert med på boklesinga.

- Språket i boka
Mopp og Mikko er namn som barna fort byrja å bruke. Dei er enkle å ta i bruk og har god lydleg kvalitet.  Første setning i boka er «Mopp og Mikko elskar dyr». Etter å ha introdusert boka, har me lese boka svært mange gonger, og kvar gong me stiller spørsmålet: «Kva er det Mopp og Mikko elskar?» svarer barna i kor: «Dyr!». Setningane i boka er så korte og enkle, at for dei av barna som har byrja å snakke, er dette setningar som er gode å herme etter. Ordet elskar tok barna i bruk fort.

- Boka som bok og boka på vegg
Barna spør ofte etter boka og sit og les i den på eige initiativ. Me dokumenterer barna sine lesingar ved å skrive praksisforteljingar og ta bilete. Me har også kopiert og laminert boka og den heng nå på veggen. Dei eldste barna på avdelinga går rett som det er bort og snakkar med Mopp og Mikko.

- Vidare arbeid med boka
Etter kvart som barna vart kjente med boka, flytta me fokus mot eit dyr om gongen. Boka var med, men i nokre lesestunder fekk katten mest merksemd. Då snakka me saman om katten, imiterte katten sine lydar, leika at me var kattar og snakka om den mjuke pelsen i ulike fargar. Me snakka om korleis katten likar å ha det, kva han et, korleis me skal ta vare på katten og me song songar om katten. Deretter la me katten i Mopp og Mikko sin tilhengar. Me hadde kattar i ulike materiale, både i mjukt stoff, hard plast, i tre og som laminert bilete. Til slutt hang me eit bilete av katten opp på «Mopp og Mikko-veggen» vår. Neste dyr ut var kylling, og slik fortsette det med fleire dyr. Barna malte også sjølv bilete av dei ulike dyra og forma dyrefigurar i bolledeig.

- Mopp og Mikko i 3D
Det vart stor begeistring då ein av dei pedagogiske medarbeidarane sydde store figurar av Mopp og Mikko og tok dei med til ei samling. Desse er nå blitt avdelinga sine maskotar. Dei vert brukte som verktøy for å samle konsentrasjonen før ein aktivitet, og dei er med på ulike aktivitetar i barnehagen. Om Mopp og Mikko ikkje er med, set gjerne dei vaksne i gang ein aktivitet der barna skal fortelje til Mopp og Mikko kva som har skjedd, og slik blir det ein slags samtale mellom Mopp og Mikko og barna. Mopp og Mikko har tatt steget ut av bøkene og blitt ein integrert del av barna sin kvardag og det pedagogiske arbeidet på avdelinga.


- Boka med ut
Me har ofte samlingar ute og les gjerne bøker, også Mopp og Mikko. Som ein introduksjon til ei samling, kom ein vaksen kjørande i ein stor ute-leiketraktor med tilhengar. Bak i tilhengaren satt Mopp, og på lasteplanet framme, sat Mikko. Barna var frå seg av begeistring. Me las boka og etterpå var hengaren full av dyr og Mopp og Mikko, og barna fekk sjølv kjøre traktoren, akkurat slik Mopp og Mikko gjer i boka.


Erfaringar
På vår småbarnsavdeling har me sett denne boka i sentrum for planlegginga av aktivitetar med eit  særleg fokus på å integrere barnehagen sine satsingsområde Kunst, kultur og kreativitet og Aktiv bruk av nærmiljøet inn i arbeidet. Sentral mål har vore at barna skal få:
• erfaring med ulike material, teknikkar og former for kunstuttrykk
• bruke fantasien
• oppleve skaparglede
• leve ut inntrykk gjennom leiken

Å få boka til å leve vidare i leiken har vore særleg prioritert, så å bygge ut innhaldet i boka med å snakke om, skape assosiasjonar, dramatisere og kle oss ut, har me jobba mykje med. Me er også opptatt av den vaksne si rolle i leiken - både å legge til rette for, delta i og utvikle vidare. Barnehagen ynskjer å prioritere prosjektarbeid, og arbeidet med denne boka har eigna seg godt til dette. Det er viktig å understreke at dette er eit prosjekt som alle på avdelinga har vore involverte i; me kjenner oss alle som eigarar av prosjektet.

Det er første gong vår avdeling har jobba på denne måten med ei bok. Å bruke boka til leseaktivitetar over så lang tid har vore inspirerande for oss vaksne. Den repeterte lesinga for barna er svært viktig. Me ser korleis me utviklar vår lesing, og vårt arbeid med boka, og korleis barna tek i bruk den konkrete boka, og Mopp og Mikko-formuleringar etter kvart. I tillegg skaper boka nye assosiasjonar som er fine å samtale vidare om. Mopp og Mikko har gitt oss og barna felles opplevingar og noko å snakka saman om. I tillegg har avdelinga blitt utvida med to, nemleg – Mopp og Mikko.


Delt av Vibeke Gundersen, Ølensjøen FUS barnehage